Helland kom frå benken og avgjorde: – Første scoringa med hovudet sidan 2015

Også Torgeir Børven opna målkontoen i 3-0-sigeren over Strømsgodset.

Jublar for Helland-scoring

JUBEL Pål André Helland blei dagens mann på Lerkendal, ikkje minst etter si første scoring med hovudet på over fem år

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Børven sette inn det tredje målet på overtid. Men det var Helland blei den store helten med ei scoring og to målgivande.

– Det var utruleg viktig. Vi treng å kome i gang på Lerkendal også, sa Helland, som sette inn 1–0 med hovudet.

– Det har eg ikkje godt sidan serieopninga mot Aalesund i 2015, sa Helland.

Styreleiar Ivar Koteng var blant dei som gledde seg over Rosenborgs første heimesiger for året. Trond Henriksen har fått klubben på rett veg. Men Koteng vil likevel ikkje vere særleg konkret når han får spørsmål om jobben med å finne den nye trenaren.

I dialog med konkrete kandidatar

– Lista har blitt kortare, og vi er i dialog med konkrete kandidatar. Vi har også samtaler som er komne forbi det stadiet der vi berre seier hei og hallo til kvarandre, sa Rosenborgs styreleiar Ivar Koteng til Eurosport i pausen.

Han ville ikkje vere meir konkret enn det om jakta på ny trenar etter Eirik Horneland.

– Men vi skal ha ein ny trenar klar om ikkje så altfor lenge, lova han.

Då hadde Koteng sett ein omgang der hans lag sleit mot Strømsgodset. Det var mållaust, men gjestene hadde initiativet ute på bana.

– Vi håpar på ein andreomgang som varmar litt meir, sa Koteng.

Keeper skadd igjen

Han hadde også sett at keeper André Hansen måtte gå av bana etter 27 minutt. Hansen hadde fått kjenning med lyskestrekken han fekk under oppvarming før kampen mot Stabæk førre helg, og som sette han utanfor då.

Mot Strømsgodset fekk han likevel sjansen frå start, men måtte på nytt overlate hanskane til Julian Faye Lund.

Koteng fekk meir glede av andre omgang enn han hadde hatt av første. Pål André Helland starta kampen på benken, men kom inn etter ein time. Åtte minutt seinare vann han ein duell i feltet og heada inn 1–0 for heimelaget.

Deretter tok Rosenborg over. Kristoffer Zachariassen fekk sette inn 2–0 frå skrått hald, og Børven heada inn 3–0 på overtid.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Vukicevic nummer seks i Monaco

    Vladimir Vukicevic ble nummer seks på 110 meter hekk i Monaco fredag. Han løp inn til 13,75, som er 0,21 sekund bak hans personlige rekord.

    Spanske Orlando Ortega vant løpet på 13,11.

    AfMdgyMeK3M
    Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix
  • Ga bort seieren på overtid – igjen

    HamKam så ut til å gå mot årets første seier fredag, men mistet seieren fem og et halvt minutt på overtid borte mot Åsane

    Med kampens siste spark på ballen scoret Åsanes Kristoffer Valsvik fra 25 meter og sørget for 2–2.

    1. divisjon fotball 2020: Lillestrøm - Hamkam (2-0)
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Første tap for Tromsø

    Tromsø sto med åtte strake seirer, men mot Grorud ble seiersrekken stoppet.

    Oscar Aga og Magnus Lankhof Dahlby scoret for Grorud som overraskende vant 2-0.

    Tabelltoer Ranheim vant 5-1 over Øygarden, og luken opp til Tromsø er nå kun på tre poeng.

    Obosligaen 2020: Grorud -Tromsø
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal