Helikopter kan ha forårsaka velt

Dagens fjerde etappe av Giro d'Italia blei ein skandale. For med 800 meter igjen blei Luca Wackermann og Etienne van Empel blåst av garde av eit gjerde. Årsaka skal ha vore at eit helikopter skal ha floge for lågt, og dermed blåst dei oppsette gjerda inn i dei to ryttarane. Van Empel kom seg til mål, medan Wackermann blei liggande livlaus. Han skal ha kome til hektene igjen i ambulansen. Arnaud Démare vann dagens etappe etter ein millimeterduell med Peter Sagan.

Luca Wackermann og Etienne van Empel ligg nede etter velten.
Foto: Eurosport

Siste nytt

  • Berge-straffe sjokkerte Liverpool

    Sander Berge scora på straffe og gav Sheffield United leiinga mot Liverpool på Anfield.

    Men Roberto Firminio utlikna like før pause, og Diogo Jota sette inn 2-1 midt i andre omgang.

    Berge spela heile kampen og fekk eit gult kort på slutten.

    (Video med løyve frå TV 2)

  • Brann framleis i trøbbel

    Heller ikkje i heimekampen mot Stabæk makta Brann å vinne. Det enda 1-1, etter at Oliver Edvardsen gav Stabøk leiinga, og Kristoffer Barmen utlikna.

    Det er sjuande kampen på rad utan siger for Brann, som ligg på plassen rett over kvalikplassen.

    I august slo Brann Stabæk 2-0 borte, den einaste sigeren sidan Kåre Ingebrugtsen overtok som trenar.

    Kåre Ingebrigtsen
    Foto: Marit Hommedal / NTB
  • Singh senket Start

    Med et skudd fra rundt 16 meter scoret Harmeet Singh kampens eneste mål etter 52 minutter da Sandefjord slo Start 1-0 i en eliteseriekamp i fotball i Kristiansand lørdag kveld.

    Sing-scoring for Sandefjord
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal