NRK Meny
Normal

Heime hos Zlatan Ibrahimovic (19): – Eg skal bli audmjuk

Sjå Zlatan Ibrahimovic ved oppvaskkummen i den første «heime hos»-reportasjen med tidenes svenske fotballspelar.

Zlatan

I 2001 opna Zlatan opp heimen i Malmö for svensk TV. FOTO: SVT.

Laster innhold, vennligst vent..

I 2001 reiste SVT på besøk heim til ein 19 år gamal Zlatan Ibrahimovic. Den talentfulle svensken hadde nettopp slått gjennom for Malmö i Allsvenskan, men også den gangen blei han stempla som uforutsigbar og arrogant.

– Eg er litt for tøff i haldninga. Eg skal bli audmjuk, sa ein sjølvsikker Ibrahimovic heime i ei boligblokk i Malmö.

15 år og 113 landskampar etter er superstjerna i gang med starten på slutten. Måndag kveld leier han Sverige i det som truleg blir hans siste meisterskap.

34-åringen har gjort mykje riktig som fotballspelar, men om han klarte å bli meir audmjuk i løpet av karriera er usikkert.

Den svenske giganten har til tider framstått så lite jordnær at The Telegraph laga ein eigen oppsummeringssak med Zlatan-gullkorn før EM.

  • «Ein ting er sikkert: Eit VM utan meg er ingenting å sjå på», har han sagt ifølgje den engelske avisa, som også framhever denne kommentaren:
  • «Om (Wayne) Rooney fortsett vil flytte på seg neste sommar, vil eg oppfordre han til å spele med meg i Paris. Men han må bli vand med at Zlatan scorar betre mål enn han,» sa Ibrahimovic då Rooney var på veg vekk frå Manchester United.

Klaga på maten - kokken fekk sparken

Lite audmjuk var kanskje også Zlatans reaksjon då Paris Saint Germain sparka kokken etter at Zlatan hadde klaga på maten.

Geoffrey Tribondeau seier til svenske Expressen at han hadde drøymejobben, men plutseleg var han arbeidsledig.

– Zlatan klaga over kvalitieten på maten. Han synst ikkje det var bra nok, og eg kan vere einig i det. Av økonomiske grunnar hadde vi ikkje gode nok råvarer. Klagen gjekk heile vegen til klubbpresident Nasser Al-Khelaifi i Qatar.

– Han sa bare: «Ut med alle!» fortel Tribondeau.

Då den franske kokken konfronterte svensken om sparkinga fekk han ei signert trøye som plaster på såret.

– Det er trist at det slutta på denne måten. No er eg arbeidsledig, men eg forstår at Zlatan var misnøgd. Og om Zlatan er misnøgd så får det konsekvensar, seier Tribondeau, som fortel at Ibrahimovic var mannen med mest makt i klubben - om ein ser vekk frå den styrtrike klubbpresidenten Al-Khelaifi.

Sverige-legende tviler på blågul suksess

Denne veka blir mektige Zlatan limet i Sverige-laget, som bør slå Irland måndag for å ha håp om eit godt og langvarig EM.

For etter det ventar meisterskaps-erfarne Italia og stjernegalleriet Belgia. VM-bronsevinnar Tomas Brolin har sine tvil om dagens Sverige-lag er like sterkt som då dei blågule herja under VM i 1994.

– Dei må hjelpe kvarandre meir. Heve kvarandre. Eg har sakna det i Zlatan-generasojnen. Dei har ikkje heva seg i meisterskap. Dei har spelt nokre bra kampar, men det held ikkje om dei vil komme langt, seier Brolin til SVT, og legg til:

– Generasjonen vi hadde i 1994 veks ikkje på tre.

– Saknet blir enormt

Men uansett kva 94-laget fekk til, og uansett kva 2016-laget gjør, er det ingen som overgår svensken som i 2001 stod ved oppvaskkummen i ein liten Malmö-leilegheit og fortalde SVT om sine store håp for framtida.

No er Håkan Sjöstrand, generalsekretær i Sveriges fotballforbund, og resten av Sverige klare for å nyte det som etter alt å dømme blir det siste av landslagsspelaren Zlatan Ibrahimovic.

– Du kan dele inn svensk fotball i tre epokar. Tida før Zlatan, tida med Zlatan og tida etter Zlatan. Saknet kjem til å bli enormt. Derfor skal vi passe på å nye han medan vi kan. For det er noko unikt vi får vere med å oppleve, seier Sjöstrand.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel