Hopp til innhold

Sogndal og Aalesund heilt likt i nedrykksstriden

Same poengsum, lik målskilnad, og ei scoring i Aalesunds favør. Stor jamnare kan det ikkje bli i nedrykksstriden før siste runde.

Patrick Mortrensen scorer

AVGJERDA: Patrick Mortensens scoring gir Aalesund meir trøbbel i nedrykksstriden, og gir Sarpsborg god medaljesjanse

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal kjempa seg til eit poeng mot Stabæk, Aalesund gjekk på tap i Sarpsborg. I siste runde neste søndag spelar begge heime, Sogndal mot Vålerenga, Aalesund mot Strømsgodset.

– Eitt poeng var godt for oss i dag, seier Sogndals Kjetil Wæhler til NRK. – Vi var ikkje nøgde før pause, men kjempa mykje betre i andre oimgang.

– Sogndal har vore i same situasjon fleire gonger før og veit kva som må til, seier han.

AaFK-trenar Trond Fredriksen var nøgd med første omgang.

– Då hadde vi ein sjanse og kunne tatt leiinga. Men etter utvisning hadde vi meir fokus på å unngå 0-2. Det kan bli agjerande, seier han. Medc 0-2 hadde dei falle bak Sogndal.

Det såg stygt ut for Sogndal då Ola Brynhildsen sende Stabæk i leiinga etter ein halv time. Og endå styggare kunne det blitt fire minutt seinare då Stabæk fekk straffe. Men Sogndal-keper Mathias Dyngeland valde rett side og redda straffa frå Ohi Omoijuanfo.

AaFK med to poengs fordel i pausen

Sarpsborg 08 - Aalesund.

TAP: Aalesund tapte 1–0 for Sarpsborg, og har berre knappast mogelege forsprang på Sogndal før siste kamp – ei fattig scoring meir

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Ved pause stod det samstundes 0–0 mellom Sarpsborg og Aalesund, som då hadde to poengs forsprang.

– Eg er skuffa over Sogndal. Dei må ta poeng, og så er dei så defensive, sa NRKs ekspert Karl-Petter Løken i pausen.

Så gjekk Sogndal vekk frå 5-3-2-formasjonen og fekk mykje betre tak i kampen.

Nedrykksstriden endra seg totalt i løpet av dei ti første minutta av andre omgang.

Men ikkje mange minutt etter pause gjekk Sarpsborg opp til 1–0. Patrick Mortensen scora.

Og situasjonen blei endå lysare for Sogndal nokre minutt etterpå. Joachim Soltvedt hadde berre vore innpå i to minutt då han styrte inn utlikninga til 1–1.

For Aalesund blei alt litt tyngre tjue minutt før slutt. Kaj Ramsteijn fekk sitt andre gule kort, og AaFK måtte avslutte med ti mann. Og med gult kort og ka\rantene også til Oddbjørn Lie, må trenar Trond Fredriksen setje saman eit heilt nytt midtstopparpar til serieavslutninga.

Det betyr at midtstopparen også mister avslutningskampen mot Strømsgodset – ein kamp som blir heilt avgjerande for AaFK.

– For oss blir det ei valeg veke. Vi er stort sett i dnene situasjon kvar haust, seier Bakke.

Skulle kampen i Sogndal neste helg ende 1-1 og kampen i Ålesund 0-0, vil det stå heilt likt mellom klubbane. I så fall overlever Sogndal som har slått Aalesund 1-0 i begge kampane.

– Presset er på Aalesund. Det er krise for dei om dei rykkjer ned. Det er det ikkje for oss, seier Eirik Bakke.

KBK, TIL og LSK trygge

Det som blei avgjort i kveldens runde, var at det står mellom berre Sogndal og Aalesund. Kristiansund, Tromsø og Lillestrøm er no heilt trygge. Kristiansund og Tromsø vann sine kampar. LSK tapte, men er sikre likevel.

I den andre enden av tabellen kan Molde i realiteten ha sikra seg sølvmedaljen med 1–0 på Lillestrøm. Men avgjerda fell i siste kamp når Sarpsborg tar imot Molde. Vinnaren der tar sølvet.

Berre målforskjellen skil Sarpsborg og Strømsgodset på tredje- og fjerdeplass. Med tapet for Strømsgodset er Brann ute av medaljekampen.

Seriemeister Rosenborg fekk medaljane på sin siste heimekamp for sesongen. Dei feira gullet med å slå botnlaget Viking 2–0. Nicklas Bendtner scora det første, og har god los på toppscorartittelen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal