Hopp til innhold

19 bom for dei norske: - Katastrofalt!

Med totalt 19 bom på dei fire norske jentene var dei aldri med kampen om medaljane på kvinnenes normaldistanse.

Tiril Eckhoff

STARTA MED BOM: Tiril Eckhoff starta med to bom på dei to første skytingane, og var med det ute av kampen om gullet på kvinnenes 15 kilometer.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Skytinga er rett og slett katastrofalt dårleg, seier NRKs ekspertkommentator, Ola Lunde.

19 bom på 80 skot gjev ein treffprosent på 76,25 prosent, medan dei som kjempa om medaljane skaut 19 og 18 treff. Først på side fire av den offisielle resultatlista kom første norske, med Fanny Horn Birkeland på ein 31.-plass.

– Hadde dette vore fotball hadde vel begge skytetrenarane våre vert sparka. Men det er ikkje deira skuld, seier Fanny Horn Birkeland.

De norske jentene hadde ikke dagen på standplass.

19 BOM: Sjå skytinga til fleire av dei norkse jentene.

Eckhoff: – Yes, 12 kilometer att til mål

Tiril Eckhoff, som skaut ti treff på sprinten og vart verdsmeister, starta med to bom på dei fire første seriane. Totalt vart det fem bom for Eckhoff og ein 43.-plass i mål.

– Det er kjipt å starta med to bom. Då veit ein at løpet er køyrd, seier Eckhoff til NRK etter målgang.

– Kva tenkte du etter den første serien?

– Eg tenkte vel berre "yesss, då er det 12 kilometer att", svarar Tiril Eckhoff tørt.

VM-debutant Kaia Wøien Nicolaisen er kjend som ein sterk skyttar, men i dag pådrog ho seg fem bom.

– Eg er faktisk ikkje sikker, eg følte eg hadde kontroll i den serien eg bomma tre. Eg hadde tydeligvis ikke kontroll, seier ho til NRK.

Ho har slite med sjukdom heile denne sesongen, men seier at ho ikkje var nervøs før start. VM-debuten vart ikkje like kjekk som ho hadde håpa på.

– Det er ikkje noko gøy. Etter førsterunden kjende eg at eg nesten ikkje hadde lyst til å gå rundt der lengre, seier Nicolaisen.

Kaia Wøien Nicolaisen

SKUFFA DEBUTANT: Det vart totalt fem bom for Kaia Wøien Nicolaisen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Lunde: – Norge er ikkje favoritt på stafetten

På søndagens jaktstart hadde dei fire norske jentene 17 bom på sine 80 skot. På dagens normaldistanse gjekk det endå dårlegare på standplass med 19 bom. Det gjer at NRKs skiskyttarekspert, Ola Lunde, er bekymra før stafetten.

– Norge er slett ingen favoritt før stafetten, med den skytinga dei leverer her i dag. Dei kan garantert kjempe om medalje om dei klarar seg med ned mot seks-sju ekstraskot. Dei må ha samling i bånn no. Dette var rett og slett totalsprekk, seier han.

Om to år er det OL i Sør-Korea, og landslagsleinga har varsla ekstra fokus på skytinga fra mot meisterskapen.

– Vi må jobbe hardt med skytinga. Det vart bestemt i fjor at vi skulle løfte det fysiske og eg trur ikkje det har gått utover fokuset på skytinga. Men vi ser at vi må jobbe meir med skytinga, det er det inga tvil om, seier idrettssjef Morten Aa Djupvik.

Det vart dobbelt fransk på distansen, med Marie Dorian Habert som gullvinnar og Anais Bescond på andre. Tyske Laura Dahlmeier tok bronsen.

Marte Olsbu

VEIT IKKJE KVA SOM GJEKK GALT: Marte Olsbu bomma fem gonger på ståande, der ho vanlegvis er trygg. – Akkurat no er eg berre veldig skuffa over min eigen prestasjon. Veit ikkje kva som skjedde, det var bare veldig kjedeleg, seier Olsbu.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Berg sikret skytterne nok en OL-plass

    16-åringen Synnøve Berg imponerte med 3.-plass i finalen i OL-kvalifiseringen i 10 meter luftrifle og sikret dermed Norge kvoteplass i Paris-lekene i sommer.

    Berg var blant fire finalister i kvalifiseringen i Rio de Janeiro som kunne sikre en av to kvoteplasser, ettersom de øvrige fire finalistene – blant dem Jeanette Hegg Duestad – allerede hadde kvoteplass i boks.

    Det ble en spennende finale der Berg slo Duestad og gikk videre til runden som ville sikre henne minst 3.-plass. Hun sto da igjen mot den franske duoen Oceanne Müller og Manon Herbulot.

    Berg ble slått ut før siste runde, men 3.-plassen holdt ettersom Müller også hadde sikret kvoteplass tidligere. Müller vant foran Herbulot med 250,4 mot 249,4 poeng. Duestad ble nummer fire. (NTB)

    vIZOGv1o5NQ
    Foto: NTB
  • Foss fortsatt i ledelsen i Tour of the Alps

    Tobias Foss kom inn sammen med hovedfeltet på den andre etappen i Tour of the Alps tirsdag.

    Nordmannen vant åpningsetappen i rittet mandag og beholder ledelsen i sammendraget etter tirsdagens etappe.

    Den italienske veteranen Alessandro De Marchi vant etappen solo, mens også Patrick Gamper og Simon Pellaud kom inn før feltet.

    Foss ble nummer 13 på etappen, med Torstein Træen like bak på 23. plass.

    Rittet avsluttes fredag.

    Tobias Foss
    Foto: NTB
  • Jonas Vingegaard utskrevet fra sykehus etter skrekkvelten i Baskerland

    Sykkelstjernen Jonas Vingegaard er ute av sykehuset etter den stygge krasjen i Baskerland rundt for tolv dager siden.

    Vingegaards lag Visma opplyser om nyheten på X.

    Vingegaard takker i samme melding for all støtten han har fått siden velten.

    Dansken havnet på sykehus med omfattende skader for halvannen uke siden. i tillegg til kragebeinsbrudd og flere ribbeinsbrudd fikk Vingegaard også påvist punktert lunge og en betennelse i lungevevet.

    27 år gamle Vingegaard har vunnet Tour de France de to siste årene. Nå ser det ut til at den kommende perioden vil handle om å rekke årets utgave av Touren. (NTB)

    Jonas Vingegaard
    Foto: Team Visma-Lease a Bike/X

Sendeplan

Kl. Program Kanal