Hopp til innhold

Heiberg om doping: – IOC må bli meir brutale

Gerhard Heiberg vedgår at antidoping-arbeidet hittil ikkje har vore godt nok, og er klokkeklar på at IOC må gripe tøffare inn – og det straks.

Gerhard Heiberg

KLAR TALE: IOC vil vise at dei meiner alvor i antidopingarbeidet, og vil legge pengar på bordet for å få dette til, fortel Gerhard Heiberg

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Vi må vise at vi meiner alvor. Vi har lenge snakka om nulltoleranse, men det har tydelegvis ikkje vore godt nok. Då må vi gå litt lenger og vere litt meir brutale enn vi har vore. Dette kan ikkje halde fram, vi er nøydde til å verne dei reine utøvarane, seier IOC-medlem Heiberg til NRK.

IOC slutta seg i dag til vedtaket i det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) om å utestenge dei russiske friidrettsutøvarane frå OL i Rio i august.

– Det er viktig å vise at vi har tillit til dei internasjonale særforbunda. Her har IAAF gått grundig inn i materien og kome fram til eit klart vedtak, og det var det viktig for oss å støtte, seier Heiberg.

Jaktar også bakmennene

IOC vedtok også at tidlegare dopingdømde ikkje skal delta i OL. Dette er alle dei nasjonale olympiske komiteane samde om.

– Alle som har ein dom på seg, eller det viser seg har avgitt prøver som har vist seg positive i retestane av prøver frå OL i 2008 og 2012, må bli utestengt, seier Gerhard Heiberg.

– I tillegg er vi opptekne av at vi også må ta bakmennene – som leiarar, trenarar, legar, massørar. Dei får heller ikkje kome til Rio.

Heiberg slår også fast at dagens system for å avsløre doparar ikkje er godt nok. Derfor vil IOC ha endringar.

Vil bruke meir pengar

– Vi går i oss sjølve og må skjerpe oss. Vi er villige til å legge meir pengar på bordet og få eit endå betre samarbeid med regjeringane i fleire land, for å få tatt dei som er impliserte i doping.

Det gjeld ikkje berre friidrett. Det er 27 andre idrettsgreiner i OL, og det førekjem doping også der.

– Mykje meir enn vi hadde trudd, seier Heiberg.

To land har ikkje dopingkontrollsystem som er gode nok for IOC: Russland og Kenya. Kenya oppgir som grunn at dei ikkje har pengar til antidopingarbeidet.

– Då vil vi teste dei kenyanske utøvarane sjølve. Vi kan ikkje finne oss i at ei slik unnskyldning skal føre til at utøvarane dopar seg, og at nasjonane trekkjer på skuldra og sier at dei ikkje har råd.

– Må skje noko over natta

Utøvarar frå Russland og Kenya må søkje om å få bli med i OL. Berre dei som blir testa og er reine, får delta.

Men det er ikkje lenge til OL.

– Derfor må det skje noko over natta, og det vil det også gjere.

– Kan det bli utestenging av utøvarar og nasjonar rett i forkant av OL?

– I verste fall ja.

– Eit taktskifte

Tvedt

NØGD: – No skjer det mykje, og det er steinkult, seier Tom Tvedt

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Idrettspresident Tom Tvedt er godt nøgd med dagens IOC-møte.

– Dette er eit taktskifte. Her blir foten sett skikkeleg ned, seier Tvedt til NRK.

Han har nettopp fått vite at det blir ein ekstraordinær WADA-kongress i 2017.

– No skjer det mykje, og det er steinkult. Den skulle eigentleg ikkje vere før i 2019, forklarar idrettspresidenten.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal