– Eg har diskutert dette med Ole Einar og dette var hans avgjerd. Me var einige om at konsekvensen var at han måtte tre ut av IOC, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg.
Ole Einar Bjørndalen blei vald som utøvarrepresentant i IOC for to år sidan. Planen var at han skulle gå inn i jobben for fullt etter å ha lagt skia på hylla, men da han ombestemte seg for å satse til årets VM i Holmenkollen måtte han ta ut permisjon.
– Trist å miste han
– Han har jo ikkje gjort stort sidan han fekk permisjon for å konsentrere seg om trening og konkurranse. Derfor han har ikkje set store spor etter seg i IOC, fortel Heiberg.
– Kan han kom tilbake til IOC?
– Det tvilar eg på, men eg vil ikkje sjå bort frå det heilt. Men per i dag trur eg ikkje det er mogleg.
Bjørndalen sjølv synest det var vanskeleg å gje beskjed om at han må trekke seg.
– Det var krevjande, spesielt på grunn av det er mange utøvarar som har gått inn for å stemme for meg. Det var det verste, eg skuffar dei. Samtidig er det ikkje riktig at eg sit i ein utøvarkomite som er så viktig for IOC utan å kunne bidra skikkeleg. Eg har kunna kome med innspel, men har ikkje fått utøvd dei innspela riktig til å påverke endringar. Da var det riktig å trekke seg, seier Bjørndalen.
Heiberg fortel at han har hatt god dialog med Bjørndalen og at han var med på å forme brevet til IOC-president Thomas Bach, der han fortel at han må trekke seg frå vervet. Han synest det er trist å miste ein så stor ressurs.
– Han blei vald av utøvarane sjølv som hadde og har stor tillit til han. Det er leitt sett med IOC-auge at han gjev seg, men samtidig er me glade for at han held fram og forhåpentlegvis deltek med stor bravur i Pyeongchang i 2018.
Håpar han kome tilbake
NRKs skiskyttarekspert og tidlegare landslagskollega, Liv Grete Skjelbreid håpar at det framleis kan vere ein sjanse for Bjørndalen i IOC etter OL om to år.
– Han hadde vore ein bra representant. Det er eg heilt overbevist om. Eg håpar at dei dørene ikkje er heilt lukka og at han kom inne og bidra når han legg opp etter OL, seier Skjelbreid.
Anders Besseberg er president i det internasjonale skiskyttarforbundet. Han er svært glad for at Bjørndalen framleis blir å sjå i verdscupen og at han ikkje mistar han frå sin utøvarkomite.
– Eg er frykteleg glad for at han ikkje trekkjer seg frå utøvarkomiteen vår. Der har han vore leiar i fleire år og der er det ikkje like stor belastning sidan møta er under verdscuprundane, seier Besseberg.