Heiberg før OL: – Kriminaliteten er nok ikkje heilt under kontroll

Med 10 dagar att til OL i Rio byrjar, er det mykje som endå ikkje er klart. – Blant det mest krevande IOC har stått ovanfor før nokon leikar, seier Gerhard Heiberg.

OLYMPICS-RIO/

IKKJE KLART: Det er mykje som står att før dei olympiske leikar i Rio kan opnast.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Under 2 veker igjen til OL i Rio, men fortsatt mykje igjen å gjere. Vertskapsbyen har mange manglar før dei olympiske leikar kan starte, og det bekymrar IOC-medlem Gerhard Heiberg.

– Eg kan sikkert ramse opp 15-20 ting som ikkje er heilt på plass per i dag, seier Heiberg til NTB.

Ifølge The Guardian er berre 19 av 31 bygg i deltakarlandsbyen tryggleiksklarerte. Det skal vere snakk om både øydelagde heisar, oversvømte etasjar, og hol i taket.

Omtrent ti prosent av utøvarane har komme til Rio. Fleire nasjonar har valgt å flytte sine utøvarar til andre områder.

OLY-2016-RIO-OLYMPIC VILLAGE-AUSTRALIA

FLYTTA UT: Australia var ikkje nøgde med forholda i deltakarlandsbyen, og flytta ut.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / Afp

– Me har problem med OL-landsbyen. Den er ikkje ferdig nok til å ta imot utøvarane. Det er også spørsmål rundt eit par av arenaene og rundt trafikkdelen. Når det gjelder kriminaliteten, så er nok ikkje det heilt under kontroll, forklarar Heiberg.

Merkar lite

I dag landa den første norske utøvaren i Rio. Turnaren Stian Skjerahaug har ikkje lagt merke til anna enn bagatellar endå.

– Eg trur me har vore veldig heldige. Deltakarlandsbyen ser bra ut, og det har berre vore småproblem so langt, som ikkje tek lang tid å fikse.

Han trur heller ikkje at leikane står i fare.

– Eg trur dei får det meste på plass innan opningsseremonien.

Krevande situasjon

Men det er ikkje berre forholda til utøvarar, og organiseringa rundt sjølve leikane Heiberg er bekymra for. Han trur kaoset i Brasil kan gjere det vanskeleg å gjennomføre OL på ein god måte.

OL-turner tilbake i stavanger

GUTEDRAUM: Turnaren Stian Skjerahaug er veldig glad for å vere på plass i Rio.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Me har også ein riksrettssak (mot den suspenderte presidenten Dilma Rousseff) som skal foregå under OL, og so er det zika. Det er ikkje noko heilt nytt dette, men me kan vel seie at situasjonen no er blant dei mest krevande IOC har stått ovanfor før nokon leker.

Men Heiberg vil likevel ikkje svartmåle situasjonen, og trur at dei kjem i havn, også denne gongen.

– Me får berre vente og sjå, bruke alle gode krefter og satse på at dette blir veldig bra leikar.

Skjerahaug er i alle fall glad for å vere på plass.

– Det er ein gutedraum som går i oppfyllelse.

Siste nytt

  • Solbakken og Købehavn videre

    Ståle Solbakken og FC København er klare for åttedelsfinalen i Europaligaen etter 4-2-seier sammenlagt mot skotske Celtic. I Glasgow torsdag kveld vant danskene 3-1 etter to scoringer de siste ti minuttene. Europa-eventyret er over for Kristoffer Ajer og Mohamed Elyounoussi.

    fWHZphJUxuQ Ståle Solbakken
    Foto: Scott Heppell / AP
  • EM-mester på 800 meter dopingtatt

    Ukrainske Natalia Krol risikerer å bli utestengt for doping i fire år. 25-åringen ble europamester på 800 meter i både Berlin i 2018 og i Amsterdam i 2016.

    Før hun giftet seg het hun Natalia Prysjtsjepa.

    Mellomdistanseløperen har testet positivt på stoffet hydrochlorothiazid, som er mest kjent som et stoff som kan brukes til å maskere bruk av andre forbudte stoffer.

    Krol er midlertidig utestengt fra all aktiv idrett.

    PLGY32p_T0k Natalia Prysjtsjepa
    Foto: JOHN MACDOUGALL
  • UAE Tour avlyst på grunn av korona

    Sykkelrittet, som arrangeres i De forente arabiske emirater, stoppes når det gjenstår to etapper, skriver TV 2. Lotto Soudal-rytter Carl Fredrik Hagen sier til kanalen at noen i støtteapparatet til et lag har testet positivt. De neste timene skal alle utøvere og støtteapparat testes.

    Carl Fredrik Hagen
    Foto: Anne-christine Poujoulat / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal