Heime i Oslo har Emil Hegle Svenden hengt opp eit bilde. Bilde er ikkje av Martin Fourcade eller ein annan av hans store rivalar. Bilde er av han sjølv frå eit verdscuprenn i vinter der han var i det han sjølv beskriver som hans dårlegaste form på mange år.
– Eg håpar eg aldri skal gå skirenn i så dårleg form igjen. Det bildet motiverer meg meir enn nok til å gjere ein skikkeleg god jobb i sommar og haust, seier Emil Hegle Svendsen.
Kryssa ein barriere
Og det er det han er i gong med akkurat no. Saman med resten av landslaget har han akkurat nådd ei viktig grense på samling i Torsby. I sin etter kvart lange karriere som skiskyttar har 29-åringen aldri trent meir i juni.
– I går då me var ute på rulleski ropa Tarjei bak meg: Og DER er Emil over 100 timar, ler ein tydeleg fornøgd trønder.
– Det er ein viktig barriere å krysse. For ein skiskyttar er det ganske mykje sidan me i tillegg har skytetrening som tek mykje tid og krefter. Men det var gøy og ting fungerer veldig bra om dagen, fortel han om månaden som enda på 103 timar.
Det er ein situasjon som står i grell kontrast til korleis han følte seg for akkurat eitt år sidan.
Mangla gløden i fjor
Svendsen hadde gått inn i sommaren med to OL-gull frå Sotsji og sju verdscupsigrar, men utan motivasjon til å ta nye.
– Motivasjonen må jo kome innanfrå, ein kan ikkje berre seie til seg sjølv at ein skal vere motivert. Ein må ha den rette gløden og den mangla eg i fjor sommar, innrømmar han.
LES SAKA: Trøbbel i VM-oppkjøringen for Bjørndalen
Konsekvensen blei for lite trening i sommarmånadane. Det fekk han svi for denne vinteren. Treningsgrunnlaget var for dårleg og Svendsen var aldri i nærleiken av topp fysisk form.
– Ein heilt annan Emil
Landslagstrenar for herrene, Egil Gjelland, merkar godt at det er ein heilt annan Emil Hegle Svenden han har med seg på samling denne sommaren..
– Han er konsentrert og skjerpa på alt han gjer og tydeleg på at han skal legge ned ein skikkeleg jobb, fortel Gjelland.
Eit VM på heimebane i Holmenkollen hjelper nok også godt på motivasjonen. Men 29-åringen vil ikkje utelukkande fokusere på VM.
– Det viktigaste blir å tenkje på sesongen som ein heilskap, så kjem VM som ei gulrot på slutten.