– Eg føler at eg absolutt har tatt nye skritt og at formen er mykje betre. Eg har jo trena meir og hardare. Håpet er at alt slitet verkeleg gjev resultat, seier Hegle Svendsen.
– Surt å tape på målstreken
I fjor måtte han innsjå at Tarjei Bø kuppa førsteplassen i verdscupen. Bare fem poeng bak følgde ein slukøra Hegle Svendsen.
Den sure nedturen har fått trønderen til å tøye strikken litt ekstra i sesongoppkøyringa.
– Eg har gått og grubla litt på det der, og tenkt at det var surt å tape dei poenga. Alle omtalar Tarjei som fjorårets store løpar. Det er litt surt, for eg var rett bak, seier Hegle Svendsen.
Les meir under biletet!
Klar for å ta Bø
Og det er tydeleg at Hegle Svendsen har bestemt seg for ikkje å bli avkledd to år på rad.
For det er ikkje bare OL- og VM-vinnaren sjølv som er overbevist om at denne sesongen kan ende med mykje trønder-jubel.
– Eg synst Emil har trena betre i år enn i fjor. I fjor hadde han magesår og ein månad utan trening. No har han bare hatt eit par småskader, og kan skilte med eit mykje betre grunnlag enn framfor førre sesong, seier landslagstrenar Torgeir Bjørn.
Betre «motor»
Og det er spesielt i motbakkar at Hegle Svendsen viser superkrefter.
– Oksygenopptaket er høgare og «motoren» fungerer betre. Samstundes føler eg meg sterkare, spesielt i overkroppen, seier Hegle Svendsen.