NRK møter familien Hegerberg på grasteppet på Juventus stadion i Torino, dagen før den store dagen.
Mamma Gerd og pappa Stein Erik har blitt slept inn på treninga til Lyon, og medan dei observerer dottera terpe på dei siste detaljane før morgondagens meisterligafinale mot Barcelona, deler pappa Hegerberg litt av planen for å slå Ingrid Syrstad Engen og Caroline Graham Hansen sitt lag.
FRAMME: Ada Hegerberg og resten av Lyon med kampførebuing på stadion i Torino.
Foto: FRANCK FIFE / AFPPappa Stein Erik Hegerberg og Ada Hegerberg har nemleg fått ei fast rutine på korleis ein skal førebu seg til ein meisterligafinale.
Har eit fast mønster
Den planen deler pappa Hegerberg når NRKs reporter spør foreldra til superspissen om kva deira tankar om finalen er.
Då byrja pappa Hegerberg å tenke på planen han har lagt med dotter si.
– Eg kjenner både ho og Lyon kjempegodt, og eg har sett på spelarane på Barcelona, også. Vi har snakka om kva som er lurt innanfor hennar rammer. Eg har studert Maria León og Irene Paredes (forsvarsspelarar i Barcelona red.anm), som er ein av dei aller beste. Så då har vi snakka litt om korleis bevegelsesmønster ho skal gå for med tanke på kven av spelarane ho vil ha bak seg, og på kantane og slik, røper han.
FAMILIE: Ada Hegerberg hadde tid til ein kort klem og prat med foreldra før ho måtte tilbake til laget.
Foto: Håvard G. Hagen / NRKMamma Stolsmo kan forsikre om at dottera høyrer på far sin, men sjølv vil ikkje pappa Hegerberg vere hundre prosent einig i det.
– Det er viktig med stadfesting. Vi kjenner kvarandre etter ti år. No har vi snakka ferdig om kva vi tykkjer er lurt, og så får ho legge det inn i lagsystemet, seier han.
– Når var de ferdige med den samtalen?
– For fire, fem dagar sidan. Fotballprat er ho ferdig med no. Ho har valt sin veg saman med laget, og fokuserer på det, seier pappa Hegerberg vidare.
– Er ho i ei slik boble no?
– Ja, vi har ein liten prosedyre på dette, også, sjølv om vi berre har fire tilfelle frå før. I morgon skal vi møtast ved lunsjtid og ta ein kaffi, men då snakka vi ikkje om fotball. Vi skal møtast berre for å klemme litt og ta ein kaffi, seier han.
Kven vinn meisterligafinalen?
Skremt av rutinebrot
Med andre ord blir taktikken lagt nokre dagar før kampstart, og på same dag, er det ingen fotballprating.
Mamma Gerd Stolsmo tykkjer det er greitt at dottera møter familien, kan sleppe ned skuldrene og ta det litt med ro, nokre timar før den store kampen sparkast i gong.
Sjølv er Stolsmo litt nervøs. Den vante rutinen blei sett litt ut av spel då dei denne gongen fekk lov til å sleppe inn på treningsfeltet.
– Det er veldig uvanleg. Vi har aldri vore på ein trening før ein finale, og vore så nære som dette her. Vi bryt mønsteret no. Det er litt skummelt, eigentleg, seier Gerd Stolsmo til NRK.
STOLT: Mamma Gerd og pappa Stein Erik saman med dotter si. Alle tre konkluderte i at den kampførebuande treninga var god. Hegerberg kjenner seg i god form.
Foto: Håvard G. Hagen / NRKHo er stolt av dotter si. Allereie på flyet ned til Italia, kjende ho på ei ekstra kribling i magen.
– Eg er veldig nervøs og veldig emosjonell. Då eg landa i dag braut eg nesten saman. Det er så spesielt. Vi har drive med kvinnefotball i mange år, og å komme på disse kampane. Det er kremen av kampane. Og til og med ha vår dotter der. Det er magisk, rett og slett, seier Stolsmo.
NRK sender meisterligafinalen mellom Barcelona og Lyon. Den startar klokka 19.00, og du kan sjå den her.
Enorm bragd
Skal vi tru hovudpersonen sjølv, er det like spesielt at foreldra er til stade på den mest prestisjefulle kampen i internasjonal fotball.
GOD STEMNING: Ada Hegerberg med lagvenninna.
Foto: ALBERTO LINGRIA / Reuters– Dei stiller alltid opp, som vanleg. Og no føler eg at eg kan gi noko tilbake for all den støtta dei har gitt meg i all motgang, fortel Ada Hegerberg til NRK.
Superspissen tykkjer det er særdeles stort å vere tilbake på den største scena, men tykkjer det er surrealistisk at ho skal oppleve sin femte finale i ein alder av 26 år.
– Det er heilt gale når du tenkjer på det. Eg har jo hatt moglegheita til å ta eit steg tilbake då eg var skada, og fått sjå på heile reisa. Det er då eg verkeleg har tatt innover meg kor viktig dette har vore. Både personleg og for laget, og for fotballen sett under eitt, seier Hegerberg.
Det har ikkje vore enkle år som superspissen har gått gjennom. Ein korsbandskade heldt ho ute av spel i 625 dagar, og attpåtil rauk Lyon ut i kvartfinalen i den gjeve turneringa i fjor, medan ho framleis var skada.
– Korleis er det å vere tilbake?
– Heilt utruleg. Det har vore ein lang veg. Lagmessig er det ein utruleg motivasjon å stå her i dag og møte eit veldig godt lag i Barcelona, og kome tilbake i ein finale etter å ha ryke ut i kvartfinalen i fjor, seier Hegerberg.
Sjå intervjuet med Hegerberg her.
Norsk duell
I Torino møtest dei to beste kvinnelaga i fotballen, Barcelona og Lyon, og ein finn heile tre norske spelarar på laga.
Barcelona med Ingrid Syrstad Engen og Caroline Graham Hansen i rekkene, går ut for å forsvare tittelen mot klubben som i store delar av det siste tiåret har lagt beslag på den gjeve turneringa.
For Noreg sin del, er Hegerberg stolt.
– Først og fremst er det veldig viktig og kult for norsk fotball at vi har tre nordmenn i den største kampen i fotballen. Det er veldig viktig å representere Noreg på denne arenaen her. Eg håpar alle nordmenn slår på TV-en og tar seg tida. Eg trur det blir ein underhaldande kamp på høgt nivå.
Ho kan ikkje vente på å kome i gong med finalen.
– Eg føler eg meg som ein liten unge igjen, å vere her etter så mykje jobb mentalt og psykisk. Ting går fort. Fotballen er ferskvare. Det å skape historia på nytt, er den største oppnåinga for meg. Det er der eg siktar meg inn på å vere etter karrieren også, seier ho.