– Ein stor milepæl for meg og utruleg motiverande for å jobbe på vidare. Eg er ein del av eit fantastisk lag og støtteapparat, og no skal vi køyre på vidare og gjere alt vi kan for å ligge i toppen i år også, seier Hegerberg til NRK etter kampen.
Sjølv la ho ut dette innlegget på Instagram på veg i fly frå bortekampen. Her takkar ho lagvenninnene og skriv at det var eit stort øyeblikk for ho personleg.
NRK sin fotballekspert Melissa Wiik meiner det Hegerberg har oppnådd er stort.
– Det er ekstremt imponerande. Det er vel ingen norsk kvinne som er i nærleiken av nokon slikt. Ho er vel på høgde med Messi og Ronaldo når det kjem til ein sånn statistikk.
Og på Twitter er det ei stolt mor som hyllar dottera sin prestasjonen.
– Storarta det ja. Blir vel eit snitt på 40 mål per sesong det, skriv mamma Gerd i ei tekstmelding til NRK.
Scora etter to minutt
For det er ingen tvil om at 24-åringen, som i fjor vart historisk ved å bli den første kvinna som vann Gullballen, er blitt ei viktig brikke i den franske klubben.
Det skulle ikkje gå meir enn ein to minutt ut i den første omgangen i kampen mot Remis laurdag, før Hegerberg sørga for sitt 200. mål, og dermed passerte den magisk grensa.
Men Hegerberg gav seg ikkje med det. Med to mål til sørga ho for hattrick i kampen som Lyon til slutt vann 8–3.
– Eg må eg rose Ada for at ho held fram med å mate på, trass i at dei møter det som er ein antatt dårlegare motstandar. Ho er heile tida svolten og stiller krav til seg sjølv og dei rundt seg, seier Wiik.
I vår sørga Hegerberg også for hattrick, då klubben vann meisterligaen 4–1 over Barcelona.
Verdas beste spelar
Sjølv om Hegerberg har vunne det meste som kan vinnast på klubbnivå, så har ho ikkje nådd opp i kåringane i år på dei gjævaste prisane. England sin landslagssjef Phil Neville sa til NRK denne veka, at det at ho ikkje spelar på landslaget, er hovudårsak til det.
Wiik trur samstundes at det kan vere ein av grunnane til at ho gjere det såpass bra på klubbnivå.
– Ho er nok ei som legg litt ekstra i det på klubbnivå, då ho ikkje har den andre gullerota i landslag. Men neste år når det ikkje er meisterskap, så då vil ho nok vere med i sjiktet att som verdas beste spelar.
Lyon-proffen har også måtte stå i hardt vær denne sommaren, mellom annan etter at ho i eit intervju som vart publisert like før VM, gjekk ut og sa at ho vart «knekt psykisk av å spele på landslaget.»
– Når ho har fått så mykje pes og ting mot seg, så syner dette kor sterkt ho er mentalt. Ho skal motbevise og står på.
Jaktar klubbrekord
Men sjølv om Hegerberg no har putta over 200 mål for klubben er ho ikkje toppscorar. Øvst på lista står nemleg den franske stjerna Eugénie Le Sommer med 258 mål. Svenske Lotta Schelin, som spelte i klubben frå 2008 til 2016, står bokført med 225 mål, medan Camille Abily har 209 mål for klubben.
Også klubben hylla Hegerberg på sin eigen Twitter-konto.