NRK Meny
Normal

Hazard syndebukk da Mourinho gjekk på ny smell

Motgangen vil ingen ende ta for Chelsea og Jose Mourinho. I kveld rauk dei på hovudet ut av ligacupen etter tap på straffer for Stoke.

Hazard syndebukk

BOMMA: Eden Hazard bomma på den avgjerande straffa i ein straffesparkkonkuranse prega av svært gode straffeskot.

Foto: OLI SCARFF / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

Det var fjerde runde i ligacupen. Ein runde i ein cup ingen av storlaga brukar å stille med toppa mannskap i. Men ein hardt pressa Jose Mourinho våga ikkje å ta i bruk reservene denne kvelden. Med tre tap på dei fem siste kampane skulle kjerringa reisast i ligacupen.

Costa måtte ut med skade

Derfor nekta Mourinho å stille B-prega og sendte ut nesten det same laget som tapte mot West Ham i førre seriekamp, med Eden Hazard, Diego Costa og kaptein John Terry i spissen.

Men motgangen skulle ikkje snu for «the Special one» denne kvelden heller.

Lenge såg Stoke ut til å cruise vidare frå ligacupens fjerde runde med 1-0 leiing. Men franskmannen Loic Remy som kom inn for ein skadd Diego Costa redda håpet for bortelaget på overtid.

I tillegg fekk Stokes Phil Bardsley raudt kort i dei tillagte minutta og alt såg derfor ut til å gå Chelseas veg. Willian og Remy kom begge til store sjanser og Chelsea køyrde på høggiret for å sikre sigersmålet i ekstraomgangane.

Det kom aldri.

Gjekk til straffer

Ligacupens fjerderunde skulle avgjerast på straffer, der det alltid blir ein syndebukk. Og hadde du sett pengar på kven denne syndebukken skulle vere akkurat i kveld, hadde du kanskje tippa rett.

For den belgiske stjerna Eden Hazard har langt frå vore sikker frå straffemerket i år. I meisterligakampen mot Maccabi Tel Aviv i september gjekk det heilt skeis og Hazards svake straffe blei ein farsott på nettet.

I kveld ser ikkje straffen like komisk ut, men belgiaren blir den den einaste som bommar på straffe når Stoke keeper Jack Butland reddar og sender heimelaget vidare i ligacupen til ellevill jubel på heimebane.

Jose Mourinho og Chelsea som er på ein svært svak 16.plass i Premier League får nok ein tung kveld og kan heller ikkje trøyste seg med cup-avansement.

Siste nytt

  • Vidal tiltalt for vold

    Bayern München-stjernen Arturo Vidal er tiltalt for kroppskrenkelse etter en voldsepisode på en nattklubb i byen i fjor høst. Statsadvokaten i München opplyser at strafferammen for det Vidal er tiltalt for er fengsel i inntil 10 år.

    Vidal
    Foto: Matthias Schrader / AP
  • Lyon vann meisterligafinalen

    Med Ada Hegerberg på scoringslista vann Lyon meisterligafinalen med 4-1 mot tyske Wolfsburg. Med sitt eine mål blei Hegerberg tidenes toppscorar i turneringa med 15 mål. Wolfsburgs Caroline Graham Hansen måtte gå av i pausen grunna ei skade.

    Ada
    Foto: Efrem Lukatsky / AP
  • Citroën sparket Kris Meek

    Citroën har sparket den britiske rallyføreren Kris Meek for uforsvarlig kjøring etter en rekke avkjøringer i VM-runder den siste tiden. Nordiren har kjørt ut for ofte på grunn av at han kjører med uforsvarlig høy risiko, meldes det i en uttalelse.

    Kris Meeke
    Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Sendeplan

Kl. Program Kanal