Lorentzen meiner skrekkskaden har gjort ham sterkare

I oktober 2015 trua ein stygg leggskade med å øydelegge Håvard Lorentzens (25) karriere.

Håvard Holmefjord Lorentzen

NORSK OL-HÅP: Håvard Holmefjord Lorentzen stressar mindre og har blitt rolegare etter skadane sine.

Foto: JERRY LAMPEN / AFP

– Eg merka etter den første skaden at eg ikkje stressa så mykje over småting lenger, seier Håvard Holmefjord Lorentzen til NRK etter verdscup-suksessen med siger på 500 m og tredjeplass på 1000 m i Heerenveen.

Han snakkar om skrekkskaden frå oktober 2015, som han måtte jobbe ei stund med å kome over. Bileta frå kuttet i det høgre låret var fryktelege, og han frykta for karrieren.

– Eg er mindre redd i svingane no enn før eg kutta meg.

Han kom tilbake, og tok sølv i sprint-VM i førre sesong. Men tidleg i oktober i år var uhellet ute igjen. Han braut handleddet på trening.

– Det har eigentleg ikkje påverka meg noko særleg. Eg har nok blitt flinkare til å behalde roa, seier han.

– Korleis kan du behalde roa av å vite at det kan gå gale?

– Det er eg ikkje heilt sikker på. Men det er slik det har blitt. No veit eg konsekvensane og at det kan gå gale, seier Lorentzen.

Forferdeleg kutt for Lorentzen

SKREKKSKADE: Slik såg Håvard Holmefjord Lorentzens lår ut etter at skøyteegga høvla over det under trening i Inzell hausten 2015

Foto: Privat

Braut handleddet

Brotskaden i år gjekk det raskt å legge bak seg. Han gjekk nokre veker med ei skinne på armen, men skina kasta han før løpa i Nederland.

– Eg merkar at eg tek steg framover kvar einaste veke. Eg håpar det går endå fortare når vi kjem til februar. Eg er ikkje uroleg over å bomme med forma.

No gler han seg til verdscupen i Stavanger komande helg.

– Der blir det fullt hus og bra trykk. Det nederlandske publikummet er godt, men det norske er vel så bra, seier Lorentzen, og lovar å kjempe om pallpassar då og.

– Best i verda? Det er Lorentzen

NRK-kommentator Even Wetten er imponert over måten Lorentzen har kome tilbake frå skadane.

– Han har ikkje fokus på problema, men på det han er god på og skal utvikle seg på. Han er smart i treningsarbeidet, han er sterk i hovudet. Og så har han tidenes beste skøytesprintar Jeremy Wotherspoon som trenar, seier Wetten.

– Kan Lorentzen ta OL-gull?

– Gjer han det same som han gjorde i helga, og på rett dag, blir det OL-gull. Men han får berre ein sjanse, og det er sikkert 8–10 løparar som kan gjere det han gjer.

– Kven er beste sprintaren i verda i dag?

– Håvard Holmefjord Lorentzen. Hadde vi lag saman resultata i helga og omdefinert dei til eit VM, hadde han vunne gullet.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Agüero-dobbel ga City-seier

    Sergio Agüero fortsetter å bøtte inn mål for Manchester City. Han scoret to ganger i 3-1-seieren borte Bournemouth søndag.

    Sterling scoret også for City. Harry Wilson scoret for Bournemouth.

    Joshua King spilte fra start, men klarte ikke å markere seg.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Adam Davy / AP
  • Aktivist stormet sprangridning-EM

    I det hjemmefavoritt Marc Houtzager startet sin finaleomgang i sprangridning i EM søndag, løp en aktivist ut på banen. På ryggen hadde hun skrevet «Stop Horse Slavery».

    Houtzager fortsatte likevel konkurransen, og holdt hodet så kaldt at han ikke fikk flere feil. Han fikk riktignok tidsfeil, men denne ble senere strøket. Nederlenderen endte til slutt som nummer syv i konkurransen som sveitseren Martin Fuchs vant.

  • Vos vant Ladies Tour of Norway

    Marianne Vos (CCC-Liv) vant sin tredje strake etappeseier i Ladies Tour of Norway på sykkel. Dermed vant hun også rittet sammenlagt.

    I sammendraget ble Coryn Riviera nummer to, 29 sekunder bak Vos, mens canadiske Leah Kirchman ble nummer tre, ytterligere 12 sekunder bak.

    Vos
    Foto: Christophe Ena / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal