NRK Meny
Normal

Senka Vålerenga med sitt første seriemål

For tredje gong denne sesongen måtte Kjetil Rekdal sjå Vålerenga tape ein heimekamp. Og Haugesunds matchvinnar scora sitt første seriemål.

Shuaibu Lalle Ibrahim

SCORING: Shuaibu Lalle Ibrahim gjev Haugesund leiinga på Ullevaal

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Når Leicester kan vine Premier League, kvifor kan ikkje vi vinne eliteserien? gliser ein nøgd Haugesund-trenar Mark Dempsey til NRK.

– Nei, vi kjem ikkje på topp tre når sesongen er over. Eg trur det er fleire lag som er betre enn vi. Vi må berre halde fram med å jobbe med det vi er begynt på, seier Dempsey.

Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal var misnøgd med sitt lag i første del av kampen.

– Meir galskap og trøkk, kravde Rekdal på TV 2 før andre omgang mot Haugesund.

– Vi gav Haugesund initiativet og var for tafatte i starten av kampen. Etter baklengsmålet kom vi oss litt og skapte sjansar. Men vi må score. Vi gjorde det veldig vanskeleg for oss sjølve med dei første 20-25 minutta, utdjupar Rekdal overfor NRK.

– I 2. omgang spelar vi mot klokka og mot ein vegg.

Lise Klaveness i NRKs studio let seg imponere over Haugesund, som ligg like bak topplaga på tabellen.

– Dei lar Vålerenga ha mykje ball, spelar ikkje vågal fotball, men får den scoringa dei treng. Slik vi har sett dei også mot Odd (3-1) og Molde (3-3), seier Klaveness.

Matchvinnarens første ligamål

Då hadde han sett ein jamn førsteomgang der berre Haugesunds Shuaibu Lalle Ibrahim hadde fått nettkjenning. Gjestene leia dermed ved pause.

– Dette er mitt første ligamål, seier Ibrahim til NRK. – dette var ein viktig kamp og eg scora. Det er stort, seier ein lykkeleg matchvinnar.

– I morgon skal vi feire på 17. mai, seier han.

Det var då Rekdal etterlyste galskap og trøkk, og det fekk han i andre omgang. Men det hjelpte ikkje.

Kompakte Haugesund

Heimelaget gjekk til verks med større tempo enn før pause, og låg i lange periodar langt inne på Haugesunds halvdel.

Haugesund var langt meir forsiktige, og tetta godt igjen framfor eige mål. Og fekk nokre farlege kontringar ut av det.

Det heldt heilt inn, og Haugesund kunne reise heim med 1-0 frå Ullevaal. Det gir fjerdeplass på tabellen, berre poenget bak Molde.

Dei over 9000 på tribunene måtte sjå Vålerenga notere sitt tredje heimetap denne sesongen. Men det første sidan 2. april. Etterpå har dei vunne tre strake heimekampar utan å sleppe inn mål.

Men det var før Haugesund kom på besøk.

Vålerengas Ghayas Zahid og Kjetil Wæhler fekk gule kort og misser bortekampen mot Strømsgodset neste helg.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Northug dropper Planica

    Petter Northug er fortsatt syk og står over verdenscupen i Planica, erfarer Adressa.no

    Dermed ryker siste kvalifiseringemulighet til OL for skikongen, som også måtte stå over NM på Gåsbu med forkjølelse etter Skandinavisk Cup-rennet i svenske Piteå.

    Langrenn, Petter Northug.
    Foto: Frilans / NTB scanpix
  • Balotelli tomålsscorer for Nice

    Mario Balotelli og Nice så lenge ut til å gå seirende ut av tirsdagens seriekamp mot Monaco.

    Balotelli scoret to og så lenge ut til å bli matchvinner, men like før slutt satte Radamel Falcao inn 2–2 for Monaco. Dermed endte kampen med poengdeling.

    Mario Balotelli (Nice) scoret to mål mot Monaco i tirsdagens seriekamp.
    Foto: ERIC GAILLARD / Reuters
  • Leicester enkelt videre i FA-cupen

    Leicester gikk enkelt videre fra FA-cupens 3. runde etter å ha slått nivå-to laget Fleetwood 2–0.

    Rett før pause scoret Kelechi Iheanacho 1–0 før samme mann satte inn Leicesters andre scoringen i det 77. minutt.

    Kelechi Iheanacho scorer sitt andre mål for kvelden i FA-cupens tredje runde.
    Foto: CARL RECINE / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal