Hauger vann i Ungarn: – Verdsklasse
Dennis Hauger vann Formel 3-løpet i Mogyoród i Ungarn i dag. Han starta frå nest beste posisjon, men køyrde inn til siger. Dermed auka han også leiinga i samandraget.
Haugers lagkamerat Arthur Leclerc blei nummer to, og Jack Doohan blei nummer tre. Haugers nærmaste konkurrent i samandraget før runde, Olli Caldwell, blei nummer åtte og fall til tredjeplass
Hauger auka leiinga til 63 poeng med sigeren. Han har 152 poeng, medan Doohan no er nummer 2 med 89. Hans lag Prema Racing leier også lagmeisterskapet suverent.
Ekspertisen sparte ikkje på skrytet etter sigeren.
– For eit utruleg kontrollert løp av Dennis Hauger. Det er berre å vere så utruleg stolt over det han leverer helg etter helg, skriv TV-kommentator Stein Pettersen på Twitter.
– Verdsklasse, var dommen frå Viasports motorsportkommentator Atle Gulbrandsen på Twitter rett etter målgang.
Tre VM-rundar står att: Belgia, Nederland og USA. Kvar runde omfattar tre løp, og det er mogeleg å sikre seg 55 poeng per runde. Den neste går i Belgia siste helga i august.
– Dette er eit nivå langt over det nokon norsk bilførar har vore i nærleik av tidlegare, seier Haugers manager Harald Huysman til NRK.
Han fortel at Hauger har vore i kontakt om køyring i Formel 2, ei klasse med litt tyngre og raskar bilar.
– Det kan godt hende Dennis køyrer formel 2 allereie neste sesong. Han er blitt lagt godt merke til, og mange av laga i Formel 2 har gitt uttrykk for interesse. Men ettersom Prema har lag også der, vil det vere mest naturleg om han køyrer for sitt gamle lag, seier Huysman.