Hopp til innhold

Hauger har ikkje snakka med rivalen etter krasjen: – Eg vart irritert

Dennis Hauger (19) har fått kjenne på både gode og vonde kjensler i debutsesongen i Formel 2. Han er framleis bitter over det som skjedde sist løp, men er offensiv før fortsetjinga.

swKg6cT1hhg

IRRITERT: Dennis Hauger hamna i murveggen rett etter start på Formel 2-løpet på Imola-banen i Italia. Etterpå ergra han seg over manøveren til konkurrenten Jack Doohan. Dei to har ikkje snakka saman etterpå.

Foto: Lise Åserud

Det har vore ein mildt sagt innhaldsrik innleiing på sesongen for den talentfulle norske racerføraren.

I Imola sist runde fekk han ein etterlengta opptur då han sikra sin første pallplass på sprintløpet. Det vart eit kjærkommen løft i sjølvkjensla.

Farten var mykje betre, og det viktigaste for meg er at eg no kjenner meg meir heime i bilen. Det har ikkje vore den beste starten, ein del poeng er vorte borte utan at eg har fått gjort noko med det, men det er ein lang sesong igjen, seier han til NRK.

Etter dei tre første rundane i Formel 2 ligg Hauger førebels på 12.-plass i førarmeisterskapen.

Aurskog-guten har notert seg for 14 poeng, medan leiaren Théo Pourchaire toppar den førebelse rankinga med 52 poeng.

Poengsankinga kunne sett veldig annleis ut om Hauger oftare hadde hatt dei berømte marginane på si side.

– Det har vore oppturar og ein del nedturar så langt, men eg kjenner potensialet byggjer seg opp heile tida og progresjonen er der. Det er det viktigaste når sesongen er så lang og eg er «rookie», meiner han.

Dennis Hauger, Formel 2

SNART NY SJANSE: Dennis Hauger får ei ny moglegheit til å imponere i Formel 2 når løpshelga i Barcelona står for tur.

Foto: Hassan Ammar / AP

– Ikkje snakka med han

Sist løp, i Imola, fekk nordmannen ein god start i hovudløpet, men etter berre nokre få sekund vart han påkøyrd av australske Jack Doohan og hamna i murveggen.

Dermed vart nok eit løp spolert for 19-åringen.

Doohan og Hauger har vore rivalar heilt sidan Hauger debuterte i Formel 4 i 2018. Dei var begge Red Bull-juniorar før Doohan signerte for Alpine før 2022-sesongen.

Men Hauger fortel at det har vore heilt tyst mellom dei to etter situasjonen som oppstod i Imola.

Dennis Hauger kræsjet på Imola etter få sekunder

HER GÅR DET GALT: Dennis Hauger krasjet med Jack Doohan på Imola.

Foto: Skjermdump / Viaplay

– Vi klarer eigentleg å skilje bana og av bana, men eg har ikkje snakka med han etter krasjen. Det var litt kjipt. Eg tykkjer det var ein situasjon der eg ikkje fekk gjort så mykje, og det var ein del poeng som gjekk tapt. Vi hadde rett taktikk og var i ferd med å gjere noko bra, så då var det ekstra surt. Men sånn er racing innimellom, seier Hauger.

– Vart irritert

Han fortel at han lèt seg prege når slike situasjonar oppstår.

– Eg vart sjølvsagt irritert når eg veit at det er mogleg å få til meir. Eg ville køyre løpet og gjere mitt beste, og då blir det ein naturleg irritasjon som oppstår. Men til sjuande og sist er det greitt å vere sur ein dag eller to, og så setje fokuset framover, seier Hauger.

19-åringen er veldig oppteken av å ta ut læring i alt som skjer i Formel 2 i kvart løp.

Denne sesongen er det meste nytt, og Hauger fortel om ein ny kvardag med nye køyrestilar hos konkurrentane, raskare bilar og andre måtar å kontrollere motor og utstyr på.

– Eg må lære meg å verkeleg stole på og ha sjølvtillit til bilen. Det er hovudpunktet eg må fokusere på, meiner Hauger sjølv.

– Ikkje dei beste kompisane i verda

Doohan kom for øvrig på andreplass bak Hauger i Formel 3 førre sesong.

Viaplays Formel 1-ekspert Henning Isdal meiner at Hauger kom seg best ut av situasjonen på Imola-banen.

– Han kom seg gjennom det på ein rasjonell måte. Han kunne levert inn ein protest og det kunne kanskje ført til ei straff, men det ville ikkje gjort noko i det heile for Dennis. Det veit han veldig godt. Kvifor skal han bruke energi på å reagere på denne måten? Ein går vidare, og det kjem fleire løp seinare, seier Isdal til NRK.

Henning Isdal

EKSPERT: Henning Isdal.

Foto: Rune Bendiksen / Viaplay

Viaplay-eksperten meiner likevel at rivaliseringa mellom dei to ikkje berre er ein negativ ting. Han trur det triggar dei.

– Dei er ikkje dei beste kompisane i verda, for å seie det sånn. Jack Doohan er jo kjend for å vere ganske brutal ute på banen, og det har jo vore nokre episodar tidlegare. Denne rivaliseringa har bygd seg opp over tid, seier Isdal.

Hauger merkar allereie at det er spissare olbogar enn det han er vand til, og særleg éin førar har pådrege seg Haugers merksemd:

Fransk-israelske Roy Nissan (27), som køyrer for Dams i Formel 2.

– Han har ein ganske aggressiv køyrestil, det kan ein trygt seie. Han er jo 27 år og har veldig mykje erfaring, så han er ein aggressiv førar. Det har ikkje vore den lettaste å ha med å gjere i feltet, for å seie det mildt, seier Hauger.

No er fokuset retta mot neste løpshelg, som kjem i Barcelona. Der blir det køyrt sprintløp 21. mai og hovudløp 22. mai.

Dennis Hauger, Formel 2-fører

LÆRER MYKJE: Dennis Hauger har hatt ein Formel 2-start med både opp- og nedturar.

Foto: Cicilie S. Andersen / Cicilie S. Andersen

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal