NRK Meny
Normal

No er han lei av å vere listefyll

I fleire år har Leif Kristian Haugen levd i skuggen av Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud. Med forbetra køyrestil og stabilitet er 25-åringen no klar for å ta det siste steget opp til toppen.

Leif Kristian Haugen

Her er Leif Kristian Haugen i Sölden i 2009, to dagar før verdscupdebuten med 26. plass og verdscuppoeng. Søndag er han klar for ny verdscupopning i Sölden og Austerrike.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Ein er jo med på dette for å vinne renn. Eg er ikkje interessert i å vere listefyll lenger, seier Haugen.

For no er 25-åringen lysten på betre plasseringar. Med flest skidagar av alle på treningsleiren i Sør-Amerika i haust, vil Lars Kristian Haugen klatre oppover på listene.

Søndag er det verdscupopning i Sölden – eksakt same stad og bakke som Haugen debuterte for fire år sidan.

Ringde sportssjefen, fekk verdscupplass

– Dette var vilt og moro, sa då 21 år gamle Haugen etter verdscupdebuten 25. oktober 2009.

Leif Kristian Haugen

21 år gamle Leif Kristian Haugen poserer for fotografen to dagar før verdscupdebuten i 2009.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Den no 25 år gamle mannen, som køyrer for Lommedalen IL og Noreg, hadde nettopp køyrt inn til 26. plass og sine første verdscuppoeng.

Grunnen til at han faktisk køyrde verdscupopninga i 2009: Han hadde ringt dåverande sportssjef Jørund Li og sagt at «No var han klar!».

– Eg sa til forbundsleiinga at eg var klar for å køyre i Europa og vise meg fram, men det var jo eit spørsmål om Noregs Skiforbund var klar for meg, fortalde Haugen.

Svaret frå forbundet var positivt. No har det gått fire år og mange verdscuppoeng, men topplasseringane har uteblitt.

Saka held fram under videoen.

Alpinisten har måtta finne seg i å leve i skuggen av Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud, men med stabilitet og forbetra køyrestil er 25-åringen klar for å ta det siste steget opp til toppen.

God i berre éin omgang

– Eg har tatt eit nytt steg denne sommaren. Eg har verkeleg gått i meg sjølv og funne ut kva eg må bli betre på. Og eg har jobba steinhardt for å bli betre på akkurat dei tinga, slår han fast.

Haugen har ved fleire anledningar vore nære i både slalåm og storslalåm. Den hittil beste plasseringa til Haugen var i Madonna, Italia, før jul i fjor med ein åttandeplass .

Å køyre to gode omgangar har vore ei utfordring så langt. Det stadfestar eit søk på «Leif Kristian Haugen» i NRK-arkivet:

«Glimrande andre omgang av Haugen», «Haugen køyrde sin beste omgang noko sinne» og «Haugen inn til sterk tredjeplass etter første omgang», er mellom overskriftene ein kan leite opp.

Håvard Tjørhom

Landslagssjef Håvard Tjørhom håper på mange gode Haugen-plasseringar i årets sesong.

Foto: Bjørnar Hjellen

– Har stabilisert seg

– Eg har ein tendens til å bli litt for tent. Det er ikkje det at det er eit problem å kjenne på å ligge godt an, men eg vil kanskje endå litt meir då.

– Det er vel kanskje at det normale er godt nok, meiner Haugen.

Etter mykje trening, og fleire års erfaring, ser 25-åringen ut til å ha funne stabiliteten.

– Han har stabilisert seg. Du står ikkje lenger nede i bakken med følelsen av at det no kan gå ut, seier landslagssjef Håvard Tjørhom.

Haugen, og resten av mennene, opnar altså i Sölden, Austerrike førstkomande laurdag. Første omgang kan følgjast direkte klokka 09.20 på NRK1. Før den tid skal kvinnene i aksjon, då på laurdag klokka 09.25 - også direkte på NRK1.

Leif Kristian Haugen

Leif Kristian Haugen i aksjon

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Tromsø - Odd
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Cupen: Semifinale, Molde - Lillestrøm
Semifinale i cupen, menn
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Etter Kamp
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm