Hauge opnar mot sjølvaste Bayern
Jens Petter Hauge og Eintracht Frankfurt skal bryne seg mot regjerande meister Bayern München i den første kampen av bundesligasesongen.
Det opplyste ligaen fredag.
Dei regjerande meistrane speler alltid opningskampen i 1. serierunde, og kommande sesong blir innleidd mot europaligavinnar Frankfurt fredag 5. august.
I hovudstaden Berlin er det allereie i første runde duka for rivaloppgjer når Julian Ryerson og Union tek imot Fredrik Bjørkan og Rune Almenning Jarsteins Hertha.
Schalke er tilbake i tysk fotballs gjævaste selskap. Marius Lode og co. besøkjer Köln, som hamna på 7.-plass sist sesong. Borussia Dortmund, som har selt stjernespissen Erling Braut Haaland til Manchester City, innleier heime mot Bayer Leverkusen.
Det første oppgjeret mellom Dortmund og Bayern blir tidleg spelt i oktober.