NRK Meny
Normal

Hattestad legg langløpsatsinga på is

TRYSIL (NRK): Ola Vigen Hattestad vurderte å satse langløp allereie i vinter. Men østfoldingen har snudd om på planene fordi han er redd for å miste hurtigheita som har gjort han til tidenes mestvinnende sprinter.

Hattestad under Oslo skishow

ENDRAR PLAN: Ola Vigen Hattestad forblir sprintar i tre sesongar til og ventar med langløp til etter OL i 2018.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

I fjor haust var Ola Vigen Hattestad klar. Han såg fram til eit nytt VM i Falun, men etter det ville han prøve noko nytt.

33-åringen ville gjere som så mange av sine gamle lagkameratar på sprintlandslaget og satse på langt lengre løp. No eitt år etter har pipa fått ein heilt anna lyd.

Bestemte seg i juni

– Eg har vore litt redd for å ikkje kome tilbake i sprint, så langløpsatsinga er lagt litt på is, fortel Hattestad til NRK på landslagssamling i Trysil.

Der terpar han hurtigheit med langt yngre lagkameratar, i staden for å stake timesvis kvar dag som dei tidlegare sprintkollegaene Johan Kjølstad, Øystein Pettersen og John Kristian Dahl (alle har blitt langløpsspesialistar på privatlag).

– Det har vore ei vurdering eg har tenkt på lenge. Langløpsatsing var absolutt aktuelt i vinter, men det har blitt eit så høgt nivå at eg må gå 100 prosent inn for det skal det vere mogleg å hevde seg.

Ola Vigen Hattestad under Falun-VM

IKKJE STAKA NOK: Kanskje prøvar seg på eit par langløp i vinter, men Ola Vigen Hattestad trur ikkje han har staka nok til å hevde seg i langløp før han satsar 100 prosent. Her frå VM-sprinten i Falun der han tok bronsen.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Avgjerda tok han i juni og sidan då har alt fokuset vore retta mot sprint. Det blir det også ein god del år framover.

– Nå blir det sprint fram til neste OL i 2018, så blir det langløp eventuelt etter det. Det kan hende eg slenger meg med på eit par langløp i vinter også, men då blir det ikkje for å vinne men berre for å lære, seier Ørje-løparen som meiner han ikkje har grunnlaget som skal til for å henge med nå.

– Eg stakar litt meir enn tidlegare, men langt frå nok til å henge med spesialistane, meiner Hattestad.

– Han har vald det trygge

Ein av dei er John Kristian Dahl. I mange år var han lagkompis med Hattestad på sprintlaget og fekk med seg ein verdscupsiger og to individuelle NM-gull som sprintar.

Sidan då har han konvertert til langløp og no er han også i verdstoppen der med Vasalopp-sigeren i fjor som det store høgdepunktet. Han skulle gjerne sett Hattestad i Ski Classics (verdscupen i langløp) i vinter.

– Ola har absolutt kvalitetar som ville gjort han til ein god langløpar. Det er synd å høyre at han ikkje prøvar seg, det hadde vore artig å prøvd seg mot han igjen, seier Dahl som meiner Hattestad har valgt den sikre beslutninga.

– Det høyres ut som han har vald det trygge framfor det ukjente og spennande. Men det er sant som han seier, nivået er så høgt at ein må satse 110 prosent skal ein nå toppen. Han skal få det tøft om han prøvar seg i vinter utan å ha trena spesielt mot langløp, meiner Dahl.

Siste nytt

  • Han kan smile for siste plassen

    FC København slo AGF 4-1 og tok Danmarks siste plass i kvalifiseringa til europaligaen neste sesong.

    Ståle Solbakkens klubb redda dermed årets sesong frå nærmast katastrofe, og kan framleis skryte av å ha vore i europa-kvalifisering kvart år sidan 2001.

    Ståle Solbakken
    Foto: Anders Kjærbye / NTB scanpix
  • Chris Froome vann og leiar

    Chris Froome stakk åtte mil før mål og vann dagens fjelletappe i Giro d'Italia med tre minutts margin. Han overtok også leiartrøya frå Simon Yates som kollapsa totalt.

    Froome leier no med 40 sekund på Tom Dumoulin som no er nr 2.

    Rittet blir avslutta søndag.

    Chris Froome
    Foto: LUK BENIES / AFP
  • Ruud møter Jordan Thompson

    Casper Ruud skal møte australske Jordan Thompson (24) i første runde i Roland Garros-turneringa i tennis. Thompson er rangert som nummer 85 i verda. Kampen går måndag eller tysdag.

    Casper Ruud
    Foto: Vincent Thian / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppserien: Superhelg
Toppserien fotball kvinner: Røa - Arna-Bjørnar
Toppserien: Røa - Arna-Bjørnar
Toppserien: Superhelg
Toppserien: Kolbotn - Klepp
Toppserien fotball kvinner: Kolbotn - Klepp
4-4-2 med Schau og Aune
Toppserien: Superhelg
Toppserien: Stabæk - Sandviken
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune