– Med sin omsynslause køyring kjem han til å skape ei større ulykke før eller seinare, seier Ferrari-førar Kimi Raikkönen.
Raikkönen hadde to kontroversielle duellar med Verstappen under VM-runden i Belgia i helga. Ein av dei heldt på å ende skikkeleg gale, skriv BBC.
Men 18-åringen vil halde fram med sitt.
– Eg vil ikkje endre stil. Eg vil ikkje la dei passere, eg vil heller presse dei ut av bana, var Verstappens svar på nederlandsk tv søndag kveld.
Trippel kollisjon
– Hadde ikkje eg bremsa, hadde vi hatt ein omfattande kollisjon, seier Reikkönen.
Han er misnøgd med Verstappens taktikk, som går ut på å halde seg midt i bana, og så blokkere i siste augneblinken når han ser kva side angrepet kjem frå. Raikkönen meiner det ikkje er fair.
Max Verstappen blei Formel 1-VMs yngste vinnar i Spania i mai. I Belgia søndag starta han for første gong i fremste rekke. Han blei forbikøyrd i starten, og prøvde å ta teten i første sving. Det var der uhellet skjedde.
– Kanskje det trengst ei ulykke før det blir klart for alle kor farleg han køyrer. Det kan bli ille for nokon, seier finnen.
Norske Dennis Olsen kjenner Verstappen frå den tid dei konkurrerte i gokart.
– Max er aggressiv, men han er fair. Det er lov å sperre så lenge du ikkje pressar nokon av bana, seier Olsen til NRK. – Og han har ikkje gjort noko som juryen har reagert på.
Han trur dei etablerte formel 1-førarane ikkje er vane med nokon som kjem og pressar dei slik Verstappen har gjort i år.
Skal snakke med pappa
Ikkje alle er like negative. Mercedes-sjef Toto Wolff, for eksempel.
– Han kan verke farleg og omsynslaus, men han er samstundes eit friskt pust, seier Wolff.
– Han minner meg om fleire av dei store, som Lewis Hamilton og Ayrton Senna.
Tidlegare verdsmeister Niki Lauda meiner at Verstappens stil er farleg. – Han gjekk langt over streken, seier Lauda til nederlandsk tv om køyringa til junior.
Han vil diskutere saka med Jos Verstappen – Max' pappa, som også var formel 1-køyrar i si tid.
– Nettopp det formel 1 treng
Og Verstappen sjølv? Han har ikkje lyst til å endre taktikk.
– Ikkje fair? Det er løgn, for å vere ærleg. Eg berre forsvarar min posisjon. Om nokon ikkje likar det, er det hans problem.
Så spørst det om publikum har eit like negativt syn på den unge nederlendaren. – Han er nettopp det formel 1-sporten treng, skriv Jerone Pugmire, kommentar i nyheitsbyrået Associated Press.
Pugmire peikar på at medan Verstappen enno berre er 18, har alle dei etablerte toppkøyrarane passert 30 – Raikkönen, Alonso, Button, Hamilton og Rosberg. Også Vettel nærmar seg 30.
Og Verstappen trekte 20.000 frå Nederland over grensa til Spa i Belgia i løpet i helga.