Det blei ein kveld der forsvarsspelarane for ein gongs skuld kom i sentrum i Manchester. I kveld svikta stjernene der framme både for Real Madrid og Manchester City.
- David Silva måtte ut med skade etter 40 minutt utan å ha markert seg stort.
- Karim Benzema blei bytta ut rett etter pause etter eit par svært spede skotforsøk.
- Sergio Agüero fekk heller ikkje til stort.
- Mens Cristiano Ronaldo var skada og sat på tribunen.
Sjansefattig fyrste omgang
Fyrste omgang var svært sjansefattig og heimelaget hadde god kontroll på spanjolane. Etter kvilen tok Real over intitiativet, men kom ikkje til dei største sjansane.
Heilt til Real Madrid fekk corner i det 82 minutt og midtstoppar Pepe plutseleg fekk ballen på fem meters hald.
Portugisaren kunne berre plassere ballen enkelt forbi Joe Hart i City-målet, men den engelske landslagskeeperen gjorde seg så stor som han kunne og ballen gjekk rett i magen på Hart.
Tre minutt før gjorde Hart ein like sterk redning med beinet da Casemiro fekk til ei god avslutning etter corner.
To matchvinnarredningar for engelskmannen og dermed blir alt avgjort på Santiago Bernabeu neste veke.
– Me har meir enn ein sjanse. Nå må me vere modige, sterke og stå saman som eit lag på Santiago Bernabeu, sa Hart etter kampen i eit intervju vist på Viasat 4.
Matchvinnaren meinte resultatet var fortent.
– Dei hadde større sjansar enn oss, men me hadde blitt svært skuffa om me hadde sluppe inn mål, sa Hart.
City er gode borte
Manchester City-manager, Manuel Pellegrini synest kampen var godkjent.
– Me forsvarar oss godt, men etter at David Silva måtte ut med skade, mista me mykje offensivt, sa Pellegrini i intevju vist på Viasat 4.
Denne sesongen har Manchester City spelt vel så godt borte som heime. Det lovar godt for returoppgjeret.
– Me har spelt veldig bra borte. Me har slått Sevilla, Dynamo Kiev, Borussia Mönchengladbach og spelt uavgjort mot PSG. Nå reiser me til Madrid med same innstilling, sa Pellegrini.