Alt var som det skulle i fjor sommar. Kathrine Harsem var inne i sin andre sesong på landslaget, imponerte på trening og smalt til med andreplass på sprinten i Toppidrettsveka.
– Steintøft å vere på landslaget
Heidi Weng var imponert og heilt sikker på at dette skulle bli lagvenninnas store sesong.
– Slik det ser ut nå trur eg ho får sitt store gjennombrot til vinteren, sa Weng til NRK da.
I dag blei Kathrine Harsem vraka frå landslaget etter ein sesong som aldri blei heilt som ho hadde håpa.
– Det er sjølvsagt kjempekjipt. Eg føler eg har hatt ein sesong der eg har utvikla og hatt framgang både på sprint og distanse, men kvinnelandslaget er så steintøft å vere ein del av. Eg er rett og slett ikkje god nok, seier Harsem til NRK.
I NM del 2 vann 27-åringen lagsprinten for Varden saman med Marthe Kristoffersen. Etter gullet fortalde Harsem til NRK at ho hadde vore langt nede etter å ha blitt vraka frå laget til eitt av sesongens store høgdepunkt, Ski Tour Canada. I verdscupen er 8.plassen frå sprinten i Kuusamo i verdscupopninga det beste resultatet.
Privatlag og legge opp er alternativa
Sigeren på Beitostølen var viktig, men framleis slit Varden-løparen med motivasjonen. Derfor er Harsem ikkje sikker på om ho blir å finne på startstreken neste sesong.
– Veldig mykje av motivasjonen min har dessverre blitt borte. Eg seier ikkje at eg ikkje kjem til å fortsette med ski, for det er det eg likar aller best i heile verda. Men eg må bruke tida framover nå til å finne tilbake til den gleden og motivasjonen eg har hatt med å drive med langrenn i så mange år.
Alternativet er anten å satse på privatlag, for seg sjølv eller å legge opp.
– Det er alltid eit alternativ å legge opp, men det er mange forskjellige lang ein kan vere ein del av. Det finst alltid sjansar for å satse på ski. Nå er dette veldig ferskt, men det kan kome tilbod nå som dette er kjent, seier Harsem.
I tillegg til Harsem blei også Martine Ek Hagen og Kari Vikhagen Gjeitnes vraka frå neste års elitelag. Ek Hagen held fram satsinga på rekruttlaget.