Harrogate i ligaen for første gong
Harrogate Town er klar for den engelske fotballigaen for første gong i historia etter 3-1 over Notts County i omspelfinalen i National League. Dei rykkjer opp saman med divisjonsvinnar Barrow, som er tilbake i ligaen etter 50 år.
Harrogate høyrer til i Yorkshire, like nord for Leeds, og hadde fram til for to år sidan aldri vore høgare enn nivå 6 i det engelske ligasystemet.
For Notts County blei det dermed ikkje direkte retur til ligaen. County var inntil i fjor verdas eldste ligaklubb, stifta i 1862 og ligamedlem sidan 1888.