Hopp til innhold

Hareide: – Eg har for lite tolmod til å vere kynisk

HELSINGØR/OSLO (NRK): Danmark-sjef Åge Hareide (64) vedgår at å vrake spelarar til VM er noko av det tøffaste han har gjort som trenar. No drøymer nordmannen om kvartfinalespel i Russland – utan å spele kynisk.

Åge Hareide

STØRSTE TEST: Åge Hareide er klar for si største oppgåve som landslagssjef. Her før privatkampen mot Sverige.

Foto: Maja Suslin/tt / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg trur vi har kapasitet til å nå kvartfinalen dersom vi kjem opp på vårt aller høgste nivå. Men det er jo slik i fotball at du aldri er sikker på om du klarar det – fordi det er ein motstandar der også som kan gjere det vanskeleg for deg.

Det seier Åge Hareide når NRK møter han i idylliske Helsingør kort tid før VM brakar laus i Russland.

Det er her landslaget har sin faste base før kampar og meisterskap. Frå Marienlyst Strandhotell er det berre ein kort rusletur til treningsfeltet. På desse grasbanene har nordmannen terpa inn ein ny spelestil i «landsholdet».

– Eg har spelt ei rolle der eg har forandra på måten danskane har spelt på. Eg har gjort det på min måte. Eg vil jo fram i bana så fort som mogleg. Eg har også arbeidd mykje med det defensive, og arbeidskapasiteten i laget har gått opp. Mobiliteten i laget har auka dei to siste åra, meiner Hareide.

Åge Hareide 2

TEAM: Åge Hareide er fornøgd med støtteapparatet han har bygd opp rundt det danske landslaget. Her med assistenttrenar Jon Dahl Tomasson.

Foto: Anders Kjærbye / Ritzau Scanpix / NTB scanpix

– Vil underhalde

Under sunnmøringen er laget blitt meir direkte. Vegen til mål er blitt kortare. I tillegg har «Oggy» fått midtbanestjerna Christian Eriksen til å sprudle på landslaget. Det har vore avgjørandre for Danmarks suksess, og noko Hareide har fått skryt for i dansk media.

– Det er alltid slik at du får sjansen til å setje saman eit lag beståande av mange talentfulle spelarar. Og den første og største oppgåva var eigentleg å få Christian Eriksen til å fungere i laget. Og det har vi fått til, seier Hareide om midtbanestjerna med 11 mål i VM-kvaliken.

Laurdag 16. juni spelar Danmark opningskampen sin i VM mot Peru. Deretter ventar Australia, før siste gruppekamp mot stormakta Frankrike.

– Vil Danmark underhalde eller vil de vere kyniske i VM?

– Eg trur i utgangspunktet at vi skal vere underhaldande. Eg har for lite tolmod i meg til å vere kynisk. Eg vil fram og skape noko, manar den tidlegare norske landslagssjefen.

– Og så er viktig å vere gode nok i «gjenpress» og såkalla «restforsvar» (mobilisering av forsvaret når laget er i angrep). Når vi skal fram i bana må vi ha orden på det. Vi har bra fysikk og hurtigheit i laget. Eg har gode forhåpningar om at vi skal ta oss vidare. Det er også målet, seier Hareide.

Åge Hareide 3

BRILJANT: Christian Eriksen har herja for Danmark under Åge Hareide. Her etter sigeren mot Kasakhstan i VM-kvalifiseringa.

Foto: Îlafur Steinar Gestsson / NTB scanpix

– Sakna spenninga

23-mannstroppen er tatt ut. Det er ingen veg tilbake. Og sunnmøringen vedgår at det var ei tøff avgjersle å måtte vrake spelarar.

– Det er kanskje noko av det tøffaste eg har vore borti som trenar. Å ta ut eit lag til ein vanleg kamp i helga er enklare, for der kan den vraka spelaren vere i startoppstillinga veka etter.

– Men VM er berre kvart fjerde år. Og ei stor oppleving for alle. Det er ein arena du kan vise deg fram. Og det handlar om karrieren til kvar enkelt spelar. Det gjekk utover fire mann.

Åge Hareiede i Oslo

VAR SLUTT: Åge Hareide bestemte seg for å slutte som trenar i 2013, men kom raskt tilbake til fotballen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg blir glad i spelarane, i troppen og folka som er rundt. Dei har alle ulike gode eigenskapar. Men så må du ta eit val ut ifrå det sportslege, og at folk er friske. Så det har blitt noko mas i etterkant, seier Hareide.

Fotball som narkotika

Og det var kanskje noko av maset som gjorde at han valde å slutte som trenar på toppnivå, og ta jobben som dagleg leiar i Aukra næringsforum i 2013.

Men då han var på jobb som ekspert for NRK under cupfinalen mellom Molde og Rosenborg same året, skjøna fotballmannen at han ville tilbake i manesjen.

– Som gammal sirkushest sakna eg narkotikaen min rett og slett, seier Hareide og smiler.

– Spesielt kampane. Eg blei trigga av atmosfæren og spenninga. Ofte kan livet vere tilfeldig, seier Hareide.

– Fantastiske

Og då svenske Malmö ringde på rett tidspunkt like etter var den gamle sirkushesten tilbake der han trivst best i januar 2014.

Åge Hareide 4

SJEFEN: Åge Hareide førte Malmö til seriegull og meisterligaspel. Her får Markus Rosenberg instruksjonar i kampen mot Real Madrid.

Foto: Anders Wiklund/tt / NTB scanpix

Ein av Noregs fremste trenarar gjennom tidene førte klubben til seriegull og meisterligaspel. Då blir du sjølvsagt attraktiv igjen på trenarmarknaden. Og når det danske fotballforbundet ringjer ein nordmann, har du openbart gjort noko riktig.

– Viss du lukkast så gløymer folk at eg er norsk. Og dersom du mislukkast hugsar dei at eg er norsk, så enkelt er det, seier Hareide og ler før han blir meir alvorleg.

– Nei, danskane har vore fantastiske mot meg. Spelarane har vore suverene, og alle folka rundt som eg jobbar med. Og det er det viktigaste for meg.

– I tillegg har den meinige danske eit greitt forhold til meg. Men det er slik at når du lukkast, så er det alltid bra å vere fotballtrenar. Og når du mislukkast, er det ikkje bra å vere fotballtrenar, seier han vidare.

Syng gamal slager

Han er fullt klar over at Danmark er ein stolt fotballnasjon. Landslaget slo gjennom hos oss nordmenn under VM i 1986. Spelarar som Preben Elkjær, Michael Laudrup og Søren Lerby herja og førte danskane til åttandedelsfinalen.

Der blei det 5-1-kollaps mot Spania. Danskane leia 1-0, men Jesper Olsens famøse tilbakespel til keeper snudde kampen. Men «dansk dynamitt» var oppfunne, og spelarane kom heim som folkeheltar.

Songen «Re-Sepp-Ten (Vi er røde, vi er hvide)» toppa hitlistene i Noreg sommaren 1986, og blir framleis brukt som oppvarming i garderoben.

– Den syng gutane før kampane. Vi set den alltid på når vi kjem inn i garderoben. Underleg nok så er det 86-gjengen som er nasjonallaget til den danske befolkninga. Og ikkje 92-laget som blei europameistrar. Vi har ei historie å varetake. Og noko å leve opp til, seier Hareide.

Åge Hareide jubel

SUKSESS: Åge Hareide førte Danmark til eit meisterskap for første gong sidan EM i 2012. Her etter at VM-plassen er sikre etter play-off-sigeren mot Irland.

Foto: Liselotte Sabroe/scanpix Danmark / NTB scanpix

– Meir press å kome til VM

For presset følgjer med frå ein nasjon som ser på seg sjølv som blant dei beste i fotball-Europa.

– Det er alltid eit bra trykk rundt landslaget. Men før VM har det trykket auka forrykande. Men det er fint. Det må vi regne med. Det er fint at vi kan få lov til å vere med i eit VM, seier Hareide.

– Føler du presset?

– Nei, eg har eigentleg ikkje tenkt så mykje over det, verken på den eine eller andre måten. For meg er fotball det same, kampar må vinnast, om det er VM eller ikkje .... Det kan vere endå meir press å komme til eit VM faktisk, meiner han.

TV 2s danske fotballekspert, Flemming Toft, følger landslaget og Hareide tett. Han veit mykje om forventningspresset frå det danske folk.

– Det trur eg er ganske enkelt. Det er å gå vidare frå pulja. Og dersom du har gjort det så har du innfridd forventingane, for då møter du anten Argentina eller Kroatia, og då vil ikkje Danmark vere favoritt, seier Flemming Toft.

Hareide er enig i at folket forlanger at de skal vidare frå gruppespelet

– Det danske folket har nok den tilnærminga. Men danskane er også fine på den måten at dei meiner det skulle berre mangle at vi er i VM, og det er litt «godt-vondt» å tenkje på.

– Dei har ei tru på at det skal nok gå. Og når vi først kjem til VM, då skal vi gjere det veldig godt. Dei har ein veldig tru på Danmark, og det må vi bruke positivt, seier Åge Hareide og er klar for sin største test som landslagssjef.

Og han likar det. Han er tilbake akkurat der han vil vere.

Fotball Sverige - Danmark

KLAR: Åge Hareide er tilbake der han vil vere. Som sjef på sidelinja.

Foto: Björn Larsson Rosvall / NTB scanpix

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal