Hopp til innhold

Hareide skal setje Noreg-børs for NRK – varslar prat med Solbakken

NRK innfører ekspertbørs på alle teljande kvinne- og herrelandskampar. Åge Hareide er spent på reaksjonane.

Hareide Solbakken

VAR TRENARKOLLEGAER LENGE: Ståle Solbakken og Åge Hareide har lenge hatt ein god tone. No skal Hareide vurdere Solbakken på NRK-børsen framover.

Foto: Montasje NTB

Den første kampen i EM-kvaliken borte mot Spania 25. mars blir startskotet for NRK sin nye ekspertbørs.

På alle teljande A-landskampar skal ein av NRK sine fotballekspertar framover setje børskarakter og gi ei vurdering av både spelarar og trenar.

Først ut er tidlegare landslagssjef Åge Hareide.

Han reiser til Spania for å sjå kampen frå pressetribunen og skal på nrk.no rett etter kampslutt publisere sine vurderingar av den norske innsatsen.

– Eg veit jo at spelarane les dette her, eg las det jo sjølv også då eg var ung og spelte fotball, så eg må prøve å gi eit rett bilete av laget, seier Hareide.

Varslar Solbakken-prat

Men det er ikkje berre spelarane han skal vurdere. Òg Ståle Solbakken skal få vurdering og karakter basert på laguttak, byter og taktisk gjennomføring.

Men Hareide kvir seg ikkje for å eventuelt gi ein dårleg karakter til Solbakken sjølv om dei har vore trenarkollegaer og kjende i ei årrekkje.

– Nei, ikkje så lenge eg gir ein rettferdig karakter som blir spegla i resultatet. Ståle er veldig flink som trenar, men nokre gonger går det ikkje heilt etter boka, og då blir det ofte spegla i prestasjonar og deretter i børsvurderingane. Det trur eg Ståle lever godt med. Men eg håpar eg kan gi han 10 på børsen kvar einaste gong, flirer han.

l-ylL1CUegk

Ståle Solbakken og Noreg er i Marbella og ladar opp til kampen mot Spania laurdag.

Foto: Fredrik Varfjell

– Har du prata med Solbakken om at du skal skrive børs på landskampar framover?

– Eg har ikkje gjort det enno, men skal snakke med han om det når eg kjem ned til Spania. Men eg er ganske sikker på at han synest det er heilt ufarleg, trur Hareide.

Løkberg med børs-stikk

I tillegg til Hareide skal Carl-Erik Torp og Kristoffer Løkberg vere børssetjarar på landskampar framover.

Det blir først og fremst gøy, og endeleg kan eg sitje på den andre sida. Forhåpentleg treffer eg også noko betre enn fleire av dei som har sett børs på meg gjennom karrieren, seier Løkberg med eit glimt i auget.

Eg gler meg og trur det kjem til å skape meir engasjement. Det vanskelegaste med børs er jo å finne ei god linje og halde seg der utan at ein lèt kjenslene styre for mykje. Men samtidig vil det vere ei subjektiv vurdering som heilt sikkert mange kjem til å vere usamd i, seier Torp om oppgåva som børssetjar.

Ekspertlista blir truleg utvida med fleire namn når vi kjem nærare kvinne-VM-et i sommar i Australia og New Zealand.

Carl-Erik Torp og Kristoffer Løkberg

Carl-Erik Torp og Kristoffer Løkberg skal setje børs for NRK framover.

Foto: Montasje NRK

Bidra til litt temperatur

Fotballsjef i NRK Mads Håby er spent på korleis ekspertbørsen blir teke imot av publikum.

Han meiner det er lett å merke den auka interessa for dei beste kvinnene og mennene i nasjonen inn mot kommande kvalifisering og meisterskap.

– Og dette er blant elementa som kan skape ytterlegare engasjement. Spelarbørs er jo på ingen måte eit nytt fenomen, men ved å gi oppgåva til ekspertar som sjølv har erfaring på toppnivå så vil vi forhåpentleg kunne gi publikum auka innsikt, og kanskje også bidra til litt temperatur undervegs. Det er jo ikkje heilt utenkjeleg at ein noverande og tidlegare landslagssjef vil vere usamd i enkelte vurderingar undervegs, seier Håby.

Les også: Solbakken kranglet med legen etter Haaland-beskjed: – Dette er ikke mulig

Fotball: Trening med Norges herrelandslag
Fotball: Trening med Norges herrelandslag

Åge Hareide er òg spent på reaksjonane i fotballmiljøet når NRK set i gang med ekspertbørs.

– Eg las jo alt sjølv, både då eg var trenar og spelar, men mest for å sjå edruskapen i det som vart skrive. Og det var variabelt. Nokre gonger var det for mykje opphaussing, nokre gonger for mykje negativt. Eg skal prøve å grunngi ei børs grundig nok og sjå kva rolle den enkelte har i laget. Det trur eg at eg er i stand til å sjå, seier Hareide.

– Trur du nokon internt i Noreg-leiren vil reagere på at du vel å skrive børs?

– Nei, eg trur ikkje det, dei er vant til at eg blir brukt som ekspert for NRK. Og spelarar i dag trur eg ikkje bryr seg så mykje, det går inn det eine øret og ut det andre. Dei er heller opptekne av sin eigen prestasjon, trur han.

Ståle Solbakken og Åge Hareide i prat på Ullevaal stadion

Åge Hareide og Ståle Solbakken har eit godt forhold. Det trur Hareide vil halde fram sjølv om han no skal vurdere Solbakken på NRK-børsen.

Foto: Helene Mariussen / NRK

Spelarane ville stoppe børsen

Spelarbørsar er i dag eit kjent fenomen, men har til tider vore svært omstridd og omdiskutert.

Då VG innførte spelarbørsen i 1970 som den første avisa i Noreg, skreiv Egil «Drillo» Olsen eit brev til avisa og bad dei avvikle heile greia.

«Til sportsredaksjonen i VG: Norske landslagsspelarar i fotball har i eit møte 22. juli 1970, vorte samde om å be VG om å slutte med den såkalla VG-børsen. Vi meiner denne børsen er ei form for fotballreportasje som er uansvarleg av reint presseetiske årsaker, skreiv dåverande landslagsspelar Drillo.

VG Børs
Foto: Faksimile VG

I dag kjem det neppe noko brev til verken VG, NRK eller andre.

Ingen spelarar les som kjent børsen uansett ...

  • Kampen mellom Spania og Noreg har avspark 20.45 på La Rosaleda Stadium i Malaga laurdag kveld. Oppgjeret kan du følgje på NRK Sport på radio eller på TV 2.

Sportsnyheter

Molde vant sjumålsdrama: Berisha hånet med «slanger» og falske sedler

Veton Berisha fikk ikke noe hyggelig gjensyn med Stavanger og Viking, men helt på tampen sikret Molde tre dramatiske poeng.

Siste nytt

  • Russisk politi anholdt over 100 Navalnyj-tilhengere

    Russisk politi anholdt søndag over 100 tilhengere av Aleksej Navalnyj, da de markerte den fengslede opposisjonspolitikerens 47-årsdag.

    Den uavhengige russiske menneskerettighetsgruppa OVD-Info skriver søndag kveld at 109 personer i 23 russiske byer er anholdt av politiet i forbindelse med at de foretok offentlige markeringer av Aleksej Navalnyjs 47-årsdag.

    Myndighetene har slått kraftig ned på alle tegn til opposisjon siden den russiske invasjonen av Ukraina. I de fleste byene var det en håndfull kritikere som ble anholdt av politiet.

    Aleksej Navalnyj soner en dom på elleve og et halvt års fengsel for korrupsjon og forakt for retten, anklager som han selv hevder er fabrikkert for å bringe ham til taushet i den russiske offentligheten.

    (NTB)

  • Ibrahimovic legger opp

    Det svenske fotballikonet Zlatan Ibrahimovic bekrefter at han setter punktum for sin unike fotballkarriere. Tidligere søndag rapporterte Aftonbladet at han takket av i Italia. – Familien min visste ikke at jeg skulle legge opp da vi våknet i dag. Jeg ville at alle skulle vite det samtidig, sier svensken på en pressekonferanse sent søndag kveld.

    – Det er trist, for dette har vært hele livet mitt, fortsetter han.

    Zlatan
    Foto: AP
  • Zlatan Ibrahimovic (41) ser ut til å legge opp

    Det svenske fotballikonet Zlatan Ibrahimovic synes å gi seg som profesjonell fotballspiller, melder blant andre Aftonbladet.

    Svenskens kontrakt med AC Milan går ut etter sesongen, og etter sesongavslutningen mot Hellas Verona søndag, antydet han tydelig at han vil legge skoene på hylla.

    – Det er på tide å ta farvel med fotballen, men ikke med dere, sa han til klubbens fans, ifølge Aftonbladet. Avisa skriver videre at Zlatan og klubben skal holde pressekonferanse senere søndag kveld. Oppholdet i klubben er svenskens andre.

    – Så mange følelser og minner på denne arenaen. Første gangen jeg kom til Milan, ga dere meg lykke, den andre gangen ga dere meg kjærlighet. Dere har tatt meg imot med åpne armer og fått meg til å føle meg som hjemme. Jeg kommer til å være Milan-supporter livet ut, sa Zlatan videre.

    41-åringen har spilt for flere av Europas aller største klubber og vunnet en lang rekke titler.

    (NTB)

    Svenske Zlatan Ibrahimovic (41) annonserte søndag kveld at han trekker seg fra fotballen.
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste