NRK Meny
Normal

Har prøvd å slå Phelps i 12 år: – Kunne vore Europas mest kjente svømmar

Svømmekanona László Cseh har prøvd og prøvd, men aldri klart å slå Michael Phelps i OL. I natt har han kanskje sin siste - og største - sjanse til å greie det.

Beijing Olympics Swimming

SØLVVINNAR: László Cseh (t.v) har for vane å stå trinnet nedanfor Phelps på sigerspodiet.

Foto: Mark Baker / AP

Gjennom heile karrieren har ungarske Lázsló Cseh stått i skuggen av tidenes største svømmar, Michael Phelps.

I natt møtes dei igjen i finalen på 100 meter butterfly. Der kan Cseh endeleg tre ut av skuggen.

– Dette er hans beste sjanse til å slå Phelps, seier NRKs svømmeekspert, Alexander Hetland.

Best utan Phelps

Dei siste åra har László Cseh vore ein av dei tøffaste utfordrarane til Phelps. I VM i fjor tok han sølv bak sør-afrikanske Chad Le Clos med tida 50.87 på 100 meter butterfly.

Til samanlikning: I 2012 tok Phelps OL-gull på 51.21. Og i siste konkurranse før OL svømte Phelps distansen på 51.00.

– I OL er alle motstandarar. Du må slå Phelps, og du må slå resten. Eg ønskjer å vere best, sa Cseh til ungarske Blikk.hu.

Han er blitt vant med å sjå opp til Phelps på det øvste trinnet av sigerspodiet medan Star Spangled Banner spelar over høgtalaranlegget.

– Han kunne vore Europas mest kjente svømmar, hadde det ikkje vore for Phelps. Han er so utruleg god, og har vore so nære. Men han er alltid eit lite steg bak Phelps, og manglar dei store sigrane, seier Hetland.

2004 Summer Olympics

INN I VARMEN: Michael Phelps inviterer Cseh bort til seg og Erik Vendt, etter at ungararen tok bronse på 400-meter medley i OL i 2004

Foto: MARK BAKER / Ap

Men når Phelps ikkje stiller til start, har Cseh klatra heilt opp på sigerspallen.

I VM har det blitt to gull, seinast i fjor.

Under VM i svømming i Kazan i 2015 utklassa han resten av feltet, og vann 100 meter butterfly med 76 hundredelar.

– Eit privilegium å konkurrere mot Phelps

Men vegen til verdstoppen har ikkje vore problemfri for Cseh. Då han var ti år blei han diagnostisert med akutt astma. Trass det, blei han sendt på treningsleir med landslaget då han var 14 år. Der gråt han seg ofte i søvn på grunn av det harde treningsregimet.

Men Cseh kom seg gjennom den tunge perioden, og kjempa seg inn i blant verdas beste, og fekk gjennombrotet sitt då han tok sølv i VM i 2003.

Du kan gjette kven som vann.

Men kanskje vil Cseh endeleg slå store Michael Phelps på 100 meter butterfly.

– Ja, det er nok siste sjanse. Det er stort sannsyn for at minst ein av dei legg opp etter OL.

Og i semifinalen vann Cseh sitt heat, ein hundredel framfor Phelps.

– At eg slo Phelps med ein hundredel er ein siger for sjela mi, men det betyr ikkje noko. Eg skal gjere mitt beste for å vinne finalen, seier Cseh til den ungaske nettstaden vs.hu.

PS: Trass i å vere relativt ukjend, har Cseh 33 EM-gull, to VM-gull, og fire OL-medaljar.

SWIMMING-OLY-2016-RIO

I VERDSTOPPEN: Lászlo Cseh er i verdstoppen i svømming, og har særleg markert seg i butterfly dei siste åra.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

Siste nytt

  • Roerne har fått båtene til VM

    Nesten én uke forsinket kom Norges VM-båter til Miami torsdag. – Endelig skal vi få sitte i riktig båt, sier Olaf Tufte til NRK.

    Landslagets assistent Johan Lidberg har kjørt 160 mil for å hente båtene som på grunn av orkanen Irma landet i Housten, Texas i stedet for Miami.

    Nesten én uke forsinket kom Norges VM-båter til Miami.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM-kveld
VM-kveld sykkel-VM
VM-kveld