Har planen klar før møtet mot marerittmotstandar: – Det blir ein mental test

Ole Gunnar Solskjær og Manchester United kan fort lande med eit brak etter den strålande serieopninga. Måndag ventar fjorårets marerittmotstandar.

Champions League Manchester United-Barcelona (0-1)

TØFF TEST: Ole Gunnar Solskjær er klar for eit tøft bortemøte mot Wolverhampton.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ikledd treningsdress og sin gråsprengde manke kom ein smilande nordmann inn i lokalet då han møtte engelsk og norsk presse i nord-England.

Dei to sure tapa for Wolverhampton i mars og april blei fort tema under medieseansen på klubbens treningsanlegg.

Sure tap

– Du er alltid positiv føre alle oppgjer med intensjonen om at du skal vinne kampen. Det kjennest nesten som å «kome heim» fordi eg har vore der så ofte i det siste, spøkte Solskjær.

– Men det var to tøffe kampar i fjor. Wolverhampton er eit vanskeleg lag å bryte ned. Dei forsvarar seg djupt. Og gjev ikkje motstandaren mykje rom. Dei er effektive på kontringar, og på dødballar er dei alltid farlege, analyserte Solskjær vidare frå pressepodiet.

I løpet av kort tid førre sesong påførte Wolverhampton klubben to sviande bortetap.

Først knuste «Wolves» Uniteds siste håp om ein tittel den sesongen ved å slå klubben ut av kvartfinalen i FA-cupen.

Deretter blei det nok eit surt 2-1-tap i serien berre to veker seinare.

Solskjær håpar å unngå same smellen denne sesongen.

– Vi har sett på kampane i fjor om det er andre ting vi kan gjere denne gangen, seier den norske manageren.

Premier League - Wolverhampton Wanderers v Manchester United

TAP: Keeper David de Gea (t.h) og Manchester United måtte kapitulere mot Wolverhampton i fjorårets bortemøte i serien.

Foto: Andrew Boyers / Reuters

Betre trent

Klubben kjem frå ei strålande ligaopning etter 4-0-sigeren mot Chelsea. United kontra London-klubben i senk heime på Old Trafford i andre omgang.

Marcus Rashford viste giftige spisseigenskapar med to scoringar. Og utskjelte Paul Pogba stod fram med klasse og serverte to målgjevande pasningar.

– Forma vår, haldninga og stemninga etter helgas siger er veldig bra. Vi går inn til kampen med sjølvtillit, seier Solskjær vidare.

Men NRKs fotballekspert, Carl Erik Torp blir ikkje overraska om Solskjærs mannskap går på ein ny smell mot ulvane frå midt-England.

Overleverne (1:4) OVERLEVERNE

NRKs fotballekspert: Carl Erik Torp

Foto: Dag Indrebø / NRK

– Kontringsstyrken til Wolverhampton gjer at dei har vore gode mot betre lag. United kan bli tvungne til å styre kampen. Og med sin kontringsstyrke kan det bli eit kampbilete dei ikkje likar. Det er ein vanskeleg bortekamp mot eit lag som kjem til å vere på øvre halvdel av tabellen, seier Torp.

Betre trent

Også NRKs andre fotballekspert Morten Morisbak Skjønsberg er skeptisk før møtet på Molineux Stadium.

– Wolves er vanskelege å spele mot. Samstundes som dei har klasseangriparar i spelarar som (Diogo) Jota og (Raul) Jimenez. Det er viktig for Solskjær å følgje opp den gode starten slik at dei kan ta med seg sjølvtilliten og positiviteten dei fekk i første kampen mot Chelsea, seier Morisbak Skjønsberg

Solskjær skryt samstundes også av forma til spelarane i serieopninga.

– Det er stor forskjell frå førre sesong. Chelsea sprang over oss i april når tre seriekampar stod att. Denne gangen var det vi som sprang over dei. Men det handlar ikkje berre om fysisk kapasitet, sjølv om det er viktig. Vi har eit ungt lag og eg forventar mykje energi inn i kampane, men vi har også kvalitet, seier Solskjær.

Fnyste av rykte

Manageren nytta også pressekonferansen til å avvise rykta om at floppen Alexis Sánchez er på veg bort.

Premier League - Huddersfield Town v Manchester United

PÅ VEG TILBAKE: Alexis Sánchez er med i Solskjærs planar denne sesongen.

Foto: Jason Cairnduff / Reuters

– Alexis er profesjonell. Han jobbar godt kvar einaste dag på trening. Han ønskjer verkeleg å vere ein del av dette.

– Medias påstandar om at han er flytta ned til reservane...sjølvsagt er han ikkje det. Han er ein del av vår tropp, og han er ein veldig god spelar. Han er eit par veker bak dei andre, men han er nær å kome med, seier Solskjær, og la samstundes til at han treng alle spissar han kan få i ei tynn angrepsrekkje.

– Så Alexis kan ende opp med å spele fleire kampar enn de forventar. Vi forventar at han blir god i denne klubben. Han er ein kvalitetsspelar, seier Solskjær.

Siste nytt

  • Sarpsborg med viktig seier over VIF

    Sarpsborg 08 vant 1-0 over Vålerenga i mandagens kveldskamp i Eliteserien. Jonathan Lindseth scoret kampens eneste mål, og sikret sarpingene sin første trepoenger siden 16. juni. De poengene kan vise seg veldig viktige i kampen for Eliteseriespill også neste sesong. – Vi får marginene med oss i dag og drar i land dette her. Vi blir litt lettere til sinns med en trepoenger nå, sier Sarpsborg-trener Geir Bakke. Etter seieren over Vålerenga ligger Sarpsborg på kvalikplass, og har like mange poeng som både Ranheim og Strømsgodset på nedrykksplassene.

    Jonathan Lindseth jubler for scoring
    Foto: Christoffer Andersen / NTB scanpix
  • De Gea forlenget med United

    Den spanske keeperstjernen David de Gea blir i Manchester United. Mandag signerte de Gea en ny fireårskontrakt med klubben. Med i avtalen ligger det også at Old Trafford-klubben har opsjon på å forlenge spanjolens kontrakt med ytterligere ett år.

    28 år gamle De Gea kom til United i 2011 og har siden spilt 367 kamper for klubben.

    Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær har følt seg trygg på at den viktige sisteskansen ville forlenge kontrakten med klubben. Det ga han senest uttrykk for på sin ukentlige pressekonferanse sist fredag. (NTB)

    Solskjær og De Gea
    Foto: Adrian Dennis / AFP
  • Messi kan sesongåpne mot Dortmund

    Lionel Messi er friskmeldt og høyaktuell for Barcelonas bortekamp mot Borussia Dortmund i mesterligaen tirsdag, melder klubben. Den argentinske superstjernen har gått glipp av sesongens fire første seriekamper på grunn av en leggskade.

    Messi
    Foto: Albert Gea / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal