Hopp til innhold

Har ikkje peiling på nivået etter stjerne-exit. No varslar Johaug ærleg dom

Svar på kvifor det har gått gale for norsk kvinnelangrenn kjem til helga. Therese Johaug peikar på fleire ting.

94vjc0RXVAM

Therese Johaug vart løfta på gullstol etter tremila i Holmenkollen. Etter at ho har lagt opp er medaljegarantistane borte i norsk kvinnelangrenn.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Situasjonen er snudd på hovudet i løpet av få år for kvinnelandslaget. Deira største profilar har forsvunne og resultatsvikt har prega laget. Det blir merka.

– Då Therese sprang fremst på elghufs, visste ein at ho mest sannsynleg var verdas beste. No veit vi ikkje om den beste er nummer tre eller ti i verdscupen, om det hadde vore den same dagen, seier Ragnhild Haga til NRK under samlinga til landslaget i Oslo denne veka.

Løparar som Marit Bjørgen, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Maiken Caspersen Falla og Therese Johaug har alle lagt opp i løpet av få år. Haga påpeikar at dei no må leve meir med uvissa på nivået deira på trening.

– Men eg meiner framleis vi er eit sterkt lag, seier Haga.

Resultatsvikten blant kvinnene bak Johaug førte til at det sist vår vart sett i gang eit arbeid for å avdekkje kvifor norsk kvinnelangrenn slit. Til helga blir rapporten frå dette arbeidet lagt fram.

Langrenn Kvinner

PÅ SAMLING: Ragnhild Haga og Anne Kjersti Kalvå leiar resten av landslaget frå front på trening i Holmenkollen.

Foto: Javad Parsa / NTB

Leiaren av langrennskomiteen Torbjørn Skogstad seier at innhaldet først vil bli offentleggjort i samband med framlegginga til helga.

Blant dei som har gitt innspela sine i dette arbeidet er Therese Johaug, som vart einsleg einar på laget, før ho la opp.

– Veldig samansett

På ei samling med europeiske skileiarar i Oslo i haust var den tidlegare einaren innom prestasjonskulturen på landslaget. Ho var ein del av eit lag der prestasjonane gjekk i negativ retning rundt ho i dei siste åra av karrieren hennar.

På denne samlinga tok ho opp at enkelte har sett på kva einarane har gjort, men ikkje følgt deira døme.

– Eg trur vi må inn å sjå kva vi gjorde for å byggje eit såpass sterkt lag som vi klarte, seier Johaug, som var del av eit historisk sterkt norsk lag tidlegare i karrieren.

Therese Johaug på prelansering av hennes bok tidligere i høst.

Therese Johaug har lagt opp, men har tankar om kvifor det har vorte ein kvinnesvikt rundt ho på landslaget.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Overfor NRK gav skistjerna uttrykk for at ho har sett årsaker til svikten og at ting kan bli betre.

– Det er veldig samansett. det kan eg seie. For å skape ein god prestasjonskultur må alle bidra, alt frå utøvarar, til trenarar, til leiarar, til alt. Så må vi no gå inn og sjå på kva som har vorte gjorde og kva som må gjerast i framtida for å byggje det opp. Eg sit inne med masse kunnskap som eg har lyst til å dele, seier Johaug.

– Du nemner at det er enkelte som har sett på einarane, men kanskje ikkje følgt døma. Kva er det som ikkje har vorte plukka opp medan du var aktiv?

– Nei, altså det er ulike ting. Men no har eg sagt mykje, så eg må passe på kva eg seier, seier Johaug.

Men ho vart ordknapp då NRK spurde om prestasjonskulturen på landslaget har vore for dårleg.

Johaug fortel at det er mykje ho kunne sagt om dette.

– Eg lovar å vere ærleg på det i boka, seier Johaug.

Støtter Johaugs synspunkt

Landslagsløpar Anne Kjersti Kalvå veit ikkje kva som kjem i kvinnerapporten, men er nysgjerrig. Ho slo seg inn på landslaget i vaksen alder og rettar peikefingeren mot jobben som blir gjord for å hjelpe dei nest beste.

– Eg kjenner eg har gjort mykje på eiga hand og at all kompetansen og hjelpa som ligg i skimiljøet i Noreg ikkje har vorte brukt godt nok til å få opp oss nest beste. Ein må vere nysgjerrig sjølv, men det å få tett og god hjelp er viktigare enn ein trur, seier Kalvå til NRK.

Ny landslagstrenar Sjur Ole Svarstad veit heller ikkje kva som kjem i rapporten, som blir lagd fram til helga.

Han er klar på at dei ikkje har gjort store endringar i treningsarbeidet før sesongen, samanlikna med då han var trenar under stordomstida i 2016. Han påpeikar at det var ein unik treningskultur i laga for ein del år tilbake.

Medietreff langrenn kvinner elite

LANDSLAGSTRENAR: Sjur Ole Svarstad.

Foto: Heiko Junge / NTB

No ønskjer han å attskape kulturen, sjølv om det ikkje medfører drastiske endringar i metodane.

– Eg hugsar sjølv at eg var inne som rekruttrenar i 2011 og fekk vere med på nokre samlingar – og den treningskulturen var rå. Therese kjem nok med svaret der. Det er ganske hardt arbeid, seier Svarstad.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal