Der lagkompisane kjem køyrande inn i dyre sportsbilar, kjem Hangeland gåande frå togstasjonen med eit pappkrus med kaffi i handa.
Samstundes som milliardane renn ned i lommene på engelske stjerner, står 34-åringen med beina trygt planta på perrongen.
– Eg har aldri spela for pengane. Det er gleden ved spelet og det å vinne saman som lag som har vore viktig for meg. Den dagen det berre hadde vore for pengane si skuld, hadde det vore trist.
– Meiner du dette, eller er det berre ein politisk korrekt klisje?
– Eg er veldig politisk korrekt, men eg meiner det faktisk, ler Hangeland.
34-åringen har spelt i verdas mest stjernespekka liga sidan 2008. Ein liga der gjennomsnittsløna er på nesten 600.000 kroner i veka. Det har fått Hangeland til å tenkje.
– Norske verdiar
– Me jobbar ganske lite og tener ekstremt mykje, og så er det andre som jobbar heile vegen og tener mindre i året enn me tener i vika, seier Hangeland.
Han synest det er merkeleg å tene meir i veka enn heile årslønna til materialforvaltaren, som han ofte slår av ein prat med.
– Det er spesielt å jobbe så tett med nokon, så er dei på ein heilt annan planet lønnsmessig.
– Det skal me vere bevisst på og behandle alle som folk uansett. Det er dei norske verdiane veldig gode å ha med seg ut i fotballverda.
– Men på den andre sida – når 200 millionar menneske ser på oss når vi spelar mot Liverpool, skal dei 22 ute på bana ha sin del, legg han til.
Likar ikkje ordet «stjernespelar»
– Det er vel ikkje nokon utprega stjerner på laget akkurat nå og det synest eg er bra, seier Brede Hangeland.
Dagens landslag er ifølge Hangland skrudd saman annleis og kanskje betre enn då han sjølv var landslagsspelar.
Hangeland spela nesten hundre landskampar, mange av dei som kaptein. Han opplevde ingen meisterskap, men spelte saman med mange landslagsstjerner.
– Det er vel ikkje nokon utprega stjerner på laget akkurat nå. Eg synest det er bra. Mi erfaring er at det alltid går best når du berre har lagspelarar. Omgrepet stjernespelarar byr meg litt i mot.
Det fortel at det er eit litt yngre landslag no der folk må vekse seg inn i rollene sine, seier Hangeland.
– Kvifor gje seg på landslaget rett før tidenes kvallik-sjanse?
– Eg skulle gjerne spelt i ti år til eg. Men viss du tek eit bilete av hoftene, knea og anklane kjem det ein litt anna historie fram. Eit tungt val, men nødvendig, og eit val eg står ved.
– Kan noko få deg til å endre meining?
– Nei.
Han er glad andre og nye krefter tek ansvar for å få Noreg til EM.
– Eg håpar jo sjølvsagt for alt i verda at dei klarer det. Der reknar eg med at alle nordmenn er foreint i at det er på tide med eit sluttspel.