– Det er ikkje vanleg at vi deler ut så strenge straffer, seier Pierre Grubbström i disiplinærnemnda til Göteborgs-Posten.
Men no har nemnda like greitt funne ut at Önnered-spelaren har hatt si siste involvering i denne sesongens grunnserie.
Grunnen?
Eit tilsynelatande medvite og målretta olbogeslag i ansiktet på motspelar Oskar Hedvall i sluttsekunda av seriekampen mellom Hallby og Önnered i den svenske toppdivisjonen måndag.
Oppgjeret tok fullstendig fyr etter overfallet, og Brännberger måtte til og med tole å bli irettesett av sine eigne lagkameratar.
– Dette er eit alvorleg lovbrot som involverte fysisk skade og som kunne ha medført meir alvorleg fysisk skade enn det gjorde, seier disiplinærnemnda.
Ifølgje handbollskanalen fekk mottakaren av olbogen hjerneristing.
– Eg ville komme meg laus
Hovudpersonen sjølv har ikkje uttalt seg etter at straffa vart klar, men onsdag kommenterte han for første gong sjølve episoden.
UROKRÅKE: Christoffer Brännberger
Foto: NICKLAS ELMRIN / BILDBYRÅN– Han (Hedvall) dyttar meg og dreg meg i trøya. Eg vil komme meg laus og olbogen treff han i ansiktet, ved eit uhell, er forklaringa.
Strekspelaren påpeikar at det er heilt mot slutten av kampen, og at han er sliten idet samanstøyten skjer.
– Eg oppfattar ikkje at det slår, men legg merke til at han legg seg ned, så eg reagerer med å tru at han filmar, seier Brännberger, ifølgje Göteborgs-Posten.
Klubben til 30-åringen har gått ut og fordømt åtferda.
– Vi tek avstand frå denne handlinga. Vi lèt prosessen gå sin gang, og så får forbundet komme med fasiten. Då må vi handtere det internt, sa Önnereds elitesjef Christoffer Persson før straffa var klar.
Tidlegare straffa
Også tidlegare i sesongen var Brännberger i hardt vêr. Då vart han utestengd i elleve kampar etter å eit slag mot halsen til ein motspelar.
Den straffa vart redusert til seks kampar etter anke, skriv SVT.
I TRØBBEL: Christoffer Brännberger.
Foto: JÖRGEN JARNBERGER / BILDBYRÅNBrännberger har også høve til å anke den nye dommen, men det er førebels ikkje klart om 30-åringen kjem til å nytte seg av det. Han har ikkje uttalt seg etter at straffa vart klar.
Haslum-trenar Tom-Eirik Skarpsno kjenner Brännberger frå 2014, då den norske toppklubben henta svensken.
– Han var kjend for å få ein del raude kort og spele på grensa og nokre gonger over grensa. Vi gav klar beskjed om at vi ikkje treng nokon på tribunen, og det gjekk bra hos oss, seier han til NRK.