Tøffe tak i generalprøven - Bredal Oftedal med kloremerker på halsen

RIO DE JANEIRO/OSLO (NRK): Handballjentene spelte generalprøve mot Frankrike for lukka dører i dag. Den enda 25–25, etter tre omgangar på 20 minutt.

Håndball

KLAR: Heidi Løke (f.v.), Nora Mørk og Stine Bredal Oftedal etter generalprøven mot Frankrike.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Ei bra gjennomkøyring, tøff kamp, jamne lag, alle fekk prøvd seg. Spelarane har stigande form, sa landslagstrenar Thorir Hergeirsson etter kampen.

Dei norske handballjentene speler sin første kamp i OL mot Brasil, laurdag klokka 14.30 norsk tid. I tillegg skal dei møte Spania, Angola, Montenegro og Romania i den innleiande runden.

Tøffe tak

Då dei norske spelarane møtte pressekorpset etter kampen, kunne fleire fortelje om at det var ein intens kamp og at ingenting vart spart i taklingane.

– Vi var tøffe i forsvar og smalt til i duellane, seier Stine Bredal Oftedal til NRK.

– Du har kloremerke på halsen også?

– Ein merker det alltid når ein speler mot Frankrike, svarar ho.

Heidi Løke melde i går at ho er kvitt strekkskaden ho fekk under treningssamlinga i Ulsteinvik for knappe to veker sidan. Status er framleis den same etter tre gonger 20 minutt mot Frankrike.

– Eg fekk ein del trykker der, men det høyrer med. Litt småjusteringar no så er vi klare, seier ho til NRK.

Norge håndball

LUKKA DØRER: Bak desse lukka dørene spelte Norge dagens kamp mot Frankrike.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Øvde inn mottrekk

– Vi fekk trent på internasjonal intensitet i forsvar og angrep, det er det umogeleg å få til på trening. No har vi 50 minutt med handballtrening i morgon, så der skal vi jobbe med det taktiske inn mot Brasil-kampen laurdag, sa Hergeirsson.

– Vi fekk øvd på ting som kan møta oss mot Brasil, seier Nora Mørk.

Som kva då?

– Vi har fått øvd inn mottrekk om dei vel å pressa oss høgt i forsvar. Det sett veldig bra. seier ho med eit smil.

Dei norske handballjentene er regjerande olympisk meister, og gjekk til topps både i Beijing 2008 og London 2012.

Siste nytt

  • Målløst mellom Italia og Portugal

    Portugal holdt Italia til 0-0 borte i UEFAs nasjonsliga i fotball lørdag. Det gjør portugiserne til gruppevinner før siste kamp.

    Sverige slo Tyrkia 1–0 i Tyrkia og tok dermed innpå Russland i sin gruppe.

    Italy Portugal Nations League Soccer
    Foto: Antonio Calanni / AP
  • Svindal operert

    Aksel Lund Svindal har lørdag operert tommelen som han har slitt med de siste dagene etter et fall på trening torsdag.

    Svindal selv annonserte operasjonen på bildedelingstjenesten Instagram. Ifølge ham selv skal han være tilbake på ski etter kort tid.

  • Babylykke for Nestvold-Haugen

    Alpinisten Leif Kristian Nestvold-Haugen ble natt til lørdag far til en ny gutt da kona Marthe fødte parets andre barn.

    Dermed er han klar for sesongens første slalåmrenn i finske Levi søndag. – Alt er bra med hele familien, sier Nestvold-Haugen til NRK.

    SKI-SLO-FIS-CUP-GIANT-SLALOM-MEN
    Foto: JURE MAKOVEC / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal