– Han er ein målmaskin av dimensjonar.
– Han scorar mål så fort han kjem innanfor 11-meteren.
Erlend Mamelund og Bjarte Myrhol snakkar om den store makedonske stjerna, Kiril Lazarov. Dei to landslagsveteranane har møtt storskyttaren mange gonger opp gjennom landslagskarrieren og veit kor brutalt det møtet kan bli.
Har VM-rekord med 92 mål
Mellom anna møtte Myrhol og Mamelund 35-åringen i VM i 2009. Lazarov scora ni mål mot Norge og smalt inn heile 92 mål på ni kampar i meisterskapet. Det er VM-rekord.
Nå er det Lazarov som står klar for å pulverisere Norges håp om ein historisk semifinale.
– Eg trur ikkje det er mogleg å stoppe han. Han har fort 15-16 skot uansett kva me gjer. Men det at me i forsvaret får treff på han slik får låg uttelling på skota, seier Christian O'Sullivan som har vore ein av Norges viktigaste forsvarsspelarar til nå i EM.
– Lazarov styrer alt
Norges storskyttar frå den overraskande og svært viktige sigeren mot Polen, Espen Lie Hansen kjem til å få ekstra god kontakt med mannen på 1,93.
– Lazarov spelar jo på den plassen som møter meg i forsvar, så eg får sikkert litt å gjere. Han veit kor målet står han ja, seier Lie Hansen med eit glis.
NRKs handbalekspert Håvard Tvedten har også møtt Lazarov fleire gonger på handballbanen i si landslagskarriere som han avslutta i 2014.
Han trur mykje kan vere gjort om Norge nektar Lazarov å briljere.
– Han er kaptein, skyter på det meste og det er han som styrer opp spelet til Makedonia. Det meste dreiar seg eigentleg om Lazarov, seier Tvedten, som meiner Norge er store favorittar i kveld.
– Det er ein kamp Norge bør og skal vinne. Makedonia er eit lag me tradisjonelt har hatt godt tak på i meisterskap og laget me har nå er betre enn det makedonske, meiner Tvedten.
Om Norge tek med seg to poeng mot Makedonia tek dei eit langt steg mot tidenes fyrste semifinale. Da treng Norge «berre» å unngå og tape med meir enn tre mål for Frankrike eller få hjelp av Kroatia.
– Tek me åtte poeng og ikkje går vidare til semifinale... Det hadde vore utruleg kjipt. Det står på oss nå, seier Christian O'Sullivan.
PS: Norge slo Makedonia 29-27 i det omtalte verdsmeisterskapet i Kroatia i 2009. Håvard Tvedten scora 10 i mål den kampen og Norge blei til slutt nummer ni.
Frå 18.05 høyrer du Norge - Makedonia på NRK P1 og NRK Sport.