Tre mål kan avgjere VM-skjebnen for handballgutane

Norge må slå Austerrike med tre mål i dag, om dei vil sikre spel på VM-parketten i Qatar.

Bjarte Håkon Myrhol

MÅL: For å sikre VM-spel treng Bjarte Håkon Myrhol og laget siger mot Austerrike i dag. Her i kampen mot Danmark.

Foto: Amstrup, Bo / NTB scanpix

Glenn Solberg

GODT LAG: Austerrike har eit godt lag, meiner assistentrenar for handballgutane, Glenn Solberg. Likevel trur han både på siger og VM-spel.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Kampen startar på Sotra Arena klokka 15.00.

Sist gong dei to laga møttest vann Austerrike med to mål. Difor er det tre små, men viktige, mål som kan avgjere om det norske flagget blir å sjå på VM-arenaen i januar.

– Det er veldig viktig å nå VM. Det er der ein får dei beste erfaringane, og utviklar seg som spelar, seier assistenttrenar, Glenn Solberg.

– Dei har eit godt lag

Det er mogeleg å kome vidare også med to mål, men det kjem an på kva lag som scorar mest på bortebane.

– Vi har førebudd oss godt. Sidan den forrige kampen har vi sett på kva vi kan gjere betre, sett mykje video og gitt spelarane tillit. Vi har gode mogelegheiter i dag, seier assistenttrenar Glenn Solberg før kampen.

Noreg ligg som nummer 16 på verdsrankingen, og har kvalifisert seg til dei fire siste meisterskapa. Austerrike er nummer 24.

– Dei har eit godt lag, med mange spelarar frå Bundesliga i Tyskland. Det blir viktig å stoppe skyttarane deira. Det vil vere ein god prestasjon å slå dei i dag, meiner Solberg.

Motivasjonen er på topp

I dag har handballgutane heimepublikum i ryggen.

– Vi håpar på støtte frå publikum, og det kan vere ein psykisk fordel å ha den avgjerande kampen på heimebane. Reint teknisk betyr det mindre og mindre. Kampane avgjerast på to mål heile vegen, seier Solberg.

Då NRK snakka med Solberg, hadde laget akkurat ete lunsj og var i gang med dei aller siste førebuingane før kampen.

– Det verkar som gjengen er veldig gira og klare for å kvalifisere seg. Dei vil levere sitt ytterste, seier Solberg.

Siste nytt

  • Ødegaard med to målgivende

    Martin Ødegaard serverte to målgivende i Vitesses 3-2 seier over Excelsior. Først var han nest sist på 2-0, deretter i det 67. minutt til Maikel Van der Werff som satte det tredje målet til Vitesse.

    Martin Ødegaard
    Foto: Robin Van Lonkhuijsen / AFP
  • Haaland scoret i debuten

    Fredag kveld fikk Erling Braut Haaland sin debut for Red Bull Salzburg, i en treningskamp mot Anif. 18-åringen slapp til i det 59. minutt, og 20 minutter senere fikk han satt sitt første mål. Hans norske lagkamerat Fredrik Gulbrandsen scoret to.

    Eliteserien fotball, menn: Strømsgodset - Molde (1-2)
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Carlsen vant stjerneduell

    Magnus Carlsen møtte verdensfirer Shakhriyar Mamedyarov, i den sjette runden av sjakkturneringen Tata Steel. Onsdag brøt Carslen remis-rekken på 21 partier, og i dag vant han igjen. Etter 51 trekk måtte den albanske motstanderen gi tapt for nordmannen.

    FIDE SJAKK-VM
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup hopp: Laghopp 1 omgang, kvinner
V-cup hopp: Laghopp kvinner 1. omgang
Ski Classics: La Diagonela
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup hopp: Laghopp 2. omgang, kvinner
V-cup hopp: Laghopp kvinner 2. omgang
V-cup alpint: Utfor kvinner
V-cup alpint: Utfor kvinner
V-cup kombinert: Hopp
V-cup kombinert: Hopp