Handballgutane får tyn for songstemma

HERNING/OSLO: (NRK) Sjølv om dei norske handballgutane har vunne alle sine kampar i VM hittil, så er det ein ting dei får tyn for. Nemleg songstemma.

«Heldigvis kan du spele handball, fordi synge kan du dessverre ikkje», var beskjeden Gøran Johannesen fekk frå dei heime som hadde sett han på TV tysdag.

Det var nemleg mange som trakk på smilebandet av dei norske landslagsspelarane etter å ha høyrt dei framførte nasjonalsongen føre kampen mellom Noreg og Chile.

Medan karane frå Chile stemte i under nasjonalsongen, var det ikkje like vakkert og med like stor innleving å høyre på dei norske landslagsspelarane.

– Ja, dei vann den kampen der, for å sei det sånn. Dei song sinnssjukt høgt, seier Johannesen med eit smil.

Håndball-VM 2019 menn, Norge - Chile.

KRITIKK: Gøran Johannessen har måtte tole kritikk for framføringa av nasjonalsongen under handball-VM.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Og han får støtte frå sine norske lagkompisar.

– Eg er jo klar over at eg kanskje ikkje har den finaste songstemma, så eg prøver å ikkje synge høgst når kamera går forbi meg, seier Christian O'Sullivan og ler.

– Eg har fått klager tidlegare av nokon kompisar. Songstemma var nok betre før eg kom i stemmeskifte. Starta ein for lågt så blir det surt, og starta ein for høgt så kjem man aldri opp på toppen, så det er vanskeleg, konstaterer Torbjørn Bergerud frå Drammen.

Gir gåsehud

Sander Sagosen innrømmer også at det ikkje nødvendigvis er veldig høg klasse på songferdigheitene, men lar ikkje kritikken frå det norske folk ta nattesøvnen ifrå han.

Håndball-VM 2019 menn. Pressetreff.

BETRE MED BALL: Bjarte Myrhol og Sander Sagosen innrømmer at dei er betre med ball enn med songstemma på bana.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det bryr vi oss ikkje om. Vi skal synge nasjonalsongen. Så enkelt er det. Vi er stolt over å kome frå Noreg, så då syng vi nasjonalsongen.

Og gutane på det norske landslaget har ingen planar om å mime, sjølv om det kan kome nokon sure tonar under framføringa av «Ja, vi elskar».

– Det gir ein sånn liten nasjonalfølelse å stå der med 15 andre og synge nasjonalsongen. Det er ofte det blir litt gåsehud av det, legg Bjarte Myrhol til.

Like dårlege alle saman

Kven som er dårlegast og best på å synge nasjonalsongen er det rett nok delte meiningar om på det norske landslaget.

– Eg veit at Petter Øverby har ei flott stemme. Høyrt han eit par gonger, elles er det ikkje mange som kan skryte på seg ei god songstemme, seier Henrik Jakobsen.

– Ikkje Henrik. Han står eg ved sidan av, og eg fell ut av rytmen på annakvar linje, seier mannen som er kåra til verdas beste handballspelar, Sander Sagosen.

– Eg trur vi er like dårlege alle mann, slår Bergerud fast.

Men i den viktige kampen mot Danmark torsdag lovar spelarane å gi alt. Om ikkje under nasjonalsongen, så i alle fall på bana.

Siste nytt

  • Overtidspoeng for serieleiaren

    Med eit frispark av Mario Vrancic sikra Norwich seg 2-2 mot Sheffield Wednesday fredag kveld, og leier Championship med fem poeng til Leeds og Sheffield United.

    Det kan bety at opprykket kan sikrast måndag for Alexander Tetteys klubb. Tettey sat på benken heile kampen.

    Christoph Zimmermann, Norwich
    Foto: TONY O'BRIEN / Reuters
  • Tangerte 109 år gammal rekord

    Aston Villa tok sin niande strake liga-siger med 2-0 over Bolton i dag. Det er tangering av klubbrekorden frå oktober-desember 1910, og gir så godt som sikkert den gamle storklubben kvalifiseringsplass i Championship.

    Samstundes sende dei Bolton ned til League One.

    Tammy Abraham, Aston Villa
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • Sju baklengs for Norge

    Finland banka Norge heile 7-0 i dagens kamp i den nordiske ishockeyturneringa. Periodesifra var 2-0, 1-0 og 4-0.

    I går tapte Norge 3-1 for Finland. Norge ligg sist etter fire tap for Sverige og Finland, og møter Danmark i to kampar neste helg.

    Lars Haugen
    Foto: DAVID W CERNY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal