Hopp til innhold

Roy Keane kritiserer Nederland: – Dei blir avslørte når dei møter topplaga

Då Nederland var i ferd med å rote bort ein sikker siger fordi forsvaret ikkje heldt mål, fann Denzel Dumfries tida inne til å score sitt første landslagsmål.

Fem minutt før pause fekk Dumfries ei perfekt pasning og stod heilt åleine på tre- fire meter. Men utruleg nok heada han utanfor, og det var framleis 0-0.

Denzel Dumfries
Foto: Olaf Kraak / AFP

Fem minutt før slutt mottok han eit nytt innlegg. Han vann duellen ute på seks-sju meter, og scora sitt første landslagsmål. Det gav Nederland 3-2 og siger i første EM-kamp.

– Ei klassescoring. Det er sterkt å få slik kraft i den headinga, sa Jørgen Strand Larsen i studio.

NRKs ekspert Egil Olsen syntest Ukraina var dårlege før pause, men likte andreomgangen.

Vi fekk spenning og flotte scoringar. Det såg ikkje slik ut, for Nederland hadde full kontroll lenge. Men så skjer det som kan skje, at det dårlegaste laget får to mål på eit par minutt, sa Olsen rett etter kampslutt.

Nederlands kaptein Georgio Wijnaldum var letta etter sigeren. Han scora det første nederlandske målet.

– Vi spela ein god kamp, men blei straffa for at vi gav dei to sjansar som dei scora på. Vi må bli flinkare til å fullføre våre eigne sjansar, sa han.

– Forsvaret blir avslørt mot topplaga

Ikkje alle var likevel heilt overtydde om Nederlands kvalitetar og sjanse til å nå langt i EM. Roy Keane i ITVs studio er ein av dei.

– Dei er underhaldande å sjå på, men forsvaret? Når dei møter topplaga seinare i turneringa, blir dei avslørte, sa Keane.

Egil Olsen er samd i det.

– Dei er dårleg organisert bak, og det er det som gjer at dei ikkje kjem til å gå heile vegen. Dei gir bort for store rom, og det vil straffe seg mot betre lag enn Ukraina, seier han.

To mål ut av ingenting

I over 70 minutt såg Ukraina ut til å bli knust av Nederland som leia 2-0 og hadde full kontroll.

Men i løpet av fire minutt slo Ukraina tilbake, heilt ut av det blå, og det stod 2-2. Underet hadde skjedd.

Då var det altså Dumfries tok ansvar. Inne ved bakre stolpe vann han hovudduellen og stanga inn 3-2 med sitt aller første landslagsmål.

Det gjerde godt for Dumfries, som hadde levert kveldens desidert største bom like før pause, då hans nærmast ferdigscora mål gjekk utanfor stolpen.

I 52 minutt stanga Nederland mot Ukrainas forsvarsmur, ein mur som ikkje var så veldig hard. Då sette endeleg kaptein Georgino Wijnaldum inn ein retur frå keeper. Denzel Dumfries la hardt inn, Ukrainas keeper gav retur, og Wijnaldum hadde ikkje store vanskar med å setje den i nettet.

Ukrainas forsvar var som så ofte elles i kampen fullt av sprekker, og Nederland tok den leiinga dei skulle hatt i første omgang.

For sjansar hadde dei i fleng. Men mål blei det ikkje før pause framfor publikum på Johann Cuyff Arena i Amsterdam.

– Ukraina er dårlege, slo Egil Olsen fast i pausen. Han hadde sett eit nederlandsk lag som i lange periodar heldt ballen langt inne på Ukrainas halvdel, som skapte store sprekker i forsvaret, og som bomma på alle sjansane.

Dumfries' stjernebom

Stjernebommen stod Dumfries for fem minutt før pause. Mutters åleine tok han imot Memphis Depays innlegg, men Dumfries heada likevel utanfor då han skulle ha scora sitt aller første landslagsmål.

Dei fleste andre sjansane før pause tok Ukrainas bestemann, keeper Georgi Busjtsjan seg av. Derfor stod det 0-0 ved pause. Faktisk den sjette av EMs sju kampar hittil at det har vore uavgjort etter første omgang.

Etter Wijnaldums opningsmål tok det ikkje lang tid før det neste kom. Seks minutt, for å vere presis. Det var det Woug Weghorst som sette inn. Dumfries var igjen innblanda, hans innlegg blei klarert rett til Weghorst, som sette inn 2-0, eit mål som blei godkjent etter eit par minutt med VAR-sjekking for offside.

Då var det ikkje lett å sjå korleis Ukraina skulle greie å kome tilbake i kampen. Men det gjorde dei.

Andrij Jarmolenko fekk gå heilt fritt inn mot feltet, fekk ballen tilbake. og frå 18 meter smelte han ballen inn oppe i krysset.

– Kampens scoring, sa "Drillo" i NRKs studio.

Fire minutt etterpå hadde Ukraina utlikna. Malinowski la eit perfekt frispark på hovudet til Roman Jaremtsjuk, og den knallharde headinga sat i nettet.

I denne perioden var det Nederlands forsvar som såg ut som om dei var fulle av sprekker.

Og så retta altså Dumfries opp sin gigamiss frå første omgang ved å heade inn 3-2 fem minutt før slutt.

Landslagssjef Frank de Boer har skapt ein heftig debatt i Nederland ved å vrake den tradisjonsrike 4-3-3-formasjonen, og i staden spele med tre stopparar.

Søndag såg formasjonen ut til å fungere fint så lenge Nederland skapte sjanse på sjanser, og det var bare storspill av Ukraina-keeper Georgij Busjtsjan som holdt motstanderen inne i kampen.

Men det rakna mot slutten, og det gav Ukraina to mål. Derfor vil nok ikkje debatten stilne med det første.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal