Hopp til innhold

Han herja som vanleg – men biletet av den utslitne søstera hans gledde Klæbo mest

AURE (NRK): Han fekk gåvesjekk, applaus og viste for seg sjølv at forma er godt i rute under OL-sesongen. Men sjølv om han vann Toppidrettsveka totalt lørdag, var det noko heilt anna som fekk Johannes Høsflot Klæbo til å smile i helgen.

Ane Høsflot Klæbo

HARDKØYR: For Ane Høsflot Klæbo, her etter å ha gjennomført eit tre kilometer motbakkeløp i Aure fredag.

Foto: Martin Riseth / Riseth Sport Media

Det var nemleg bileta og vissa om at Ane Høsflot Klæbo (18) hadde fått seg startnummer på brystet og delteke i rulleskirenn i same arrangement nokon timar tidlegare fredag.

Veslesøstera hans låg utslitent på asfalten etter å ha gjennomført eit tre kilometer langt motbakkeløp i juniorklassen i Aure på andre dag av Toppidrettsveka.

Men etter å ha komme seg opp, fått i seg litt drikke, så smilte 18-åringen med den beste skiløparen i verda som bror, frå øyre til øyre.

Klæbo og Valnes

I RUTE TIL OL: Johannes Høsflot Klæbo og Erik Valnes ble nummer ein og to under årets Toppidrettsveke. Her er dei to i målområdet etter den avsluttande øvelsen på Knyken skisenter i Fannrem lørdag.

Foto: Mikal Aaserud / NRK

– Det er stort for dei å vere med. Eg har sett på nært hald kor tungt det har vore for dei å ikkje gå skirenn, seier Johannes Høsflot Klæbo og fortsett:

Det har eg tenkt mykje på når det har vore diskusjonar om det eine og det andre som gjeld oss toppidrettsutøvarar, som høgdehusdebatten og sånne ting som det har vorte brukt masse tid og energi på.

– Ikkje vore skirenn på nesten to år

Han veit kor viktig det var at juniorklassen òg var representert. Ane Høsflot Klæbo hamna midt på resultatlista av dei som stilte. Men det er uvisst kor mykje tid og plassering betydde for nokon.

– No har det ikkje vore eit skirenn på snart to år. Det var mange gode som stilte, eg er ikkje heilt hakk i hæl på dei enno, men det blir spennande å sjå til vinteren, seier ho til NRK.

K2AMGhfAosw

KLAR TALE: Frå Johannes Høsflot Klæbo, her frå opningsdagen av Toppidrettsveka.

Foto: Martin Riseth / Riseth Sport Media / NTB

– Kva skal dei motivere seg for då?

Klæbo har uttalt seg om tematikken før. At breidda har lidd for mykje i lang tid utan konkurransar. Men høvet denne gongen er perfekt, spesielt fordi søstera fekk moglegheita for første gong på lang tid.

– Breidda og dei yngste er dei siste vi skal kaste ut. Det blir lagt til rette for oss toppidrettsutøvarar og vi får gå konkurransar, men om vi skal bruke høgdehus eller ikkje, det er same f***, når vi ser kor krevjande situasjonen er for dei yngre.

– Får dei ikkje gå skirenn, kva skal dei motivere seg for då? Då er det tunge dagar, då er det ikkje rart medlemstala stuper. Det er naturleg, då må det takast grep.

– Har sett på nært hald kor tungt det har vore

For han hadde naturlegvis fått med seg korleis det gjekk med søstera dagen før. Han synest det er morosamt at veslesøstera gjekk og meiner erfaringa det gir å gå Toppidrettsveka er viktig for juniorane.

Ane Høsflot Klæbo fortel at ho som skiløpar ikkje har spesialisert seg på nokon distansar, er ikkje best på sprint som bror sin, men føretrekkjer 10 kilometer klassisk.

På spørsmål om toppidrettslivet freistar når ho trass alt delvis opplever korleis det er gjennom broren, svarer ho slik:

Ane Høsflot Klæbo

SLITEN, MEN BLID: Ane Høsflot Klæbo kom seg på beina og fekk i seg næring etter rennet.

– Det som gir meirsmak er å sjå kor stor idrettsglede han har og kor mykje det betyr for han å gjere det bra. Og kor herleg det er, kor fornøgd han er med det han har gjort etter ei hardøkt.

– Så er det sånn at alle har nedturar. Det kan ikkje gå på skjener heile tida. Frykta for at ein ikkje skal lykkast, til dømes. Det trekkjer ned. Men alt i alt er det motiverande, seier ho.

– Verre viss eg var gut

Når NRK spør korleis det er å bere etternamnet hans og det som høyrer med for eit yngre søsken, har 18-åringen òg gjort seg ein refleksjon.

– Eg trur det hadde vore verre viss eg var gut, seier Ane Høsflot Klæbo og utdjupar:

– Då hadde det vore lettare å samanlikne resultat. Så på skirenn og i sporet merkar eg ikkje så mykje til det. Men sjølvsagt er det nokon som kjenner meg igjen, det er ikkje til å unngå. Men det går fint.

– Det skjønner eg godt, seier Klæbo om vurderinga til veslesøstera.

– Eg prøver i alle fall å seie til henne at ho må halde på med det ho synest er artig og om ho blir nummer fire, 15 eller vinn, så er eg fornøgd så lenge ho har det gøy. Så at ho trenar og legg ned ein innsats, det inspirerer mest.

– Du vel bort mykje

– Men kan du tilrå toppidrettslivet til nær familie?

– Både òg. Det er fordelar og ulemper med alt. Det er avhengig av interessene du har, kva du vil halde på med. Du vel bort mykje, det er det ikkje tvil om. Så får du ting du ikkje får med den andre delen. Men ho får verkeleg sjå korleis det kan vere. Då får ho jo ei klar meining om dette er noko for henne eller ikkje.

– Det har ho tid til å bestemme seg for. Ho har framleis nokre år igjen på vidaregåande. Då eg var like gammal var eg ikkje i nærleiken av like treningsivrig. Så lenge ho synest det er artig, så er det bra, seier Johannes Høsflot Klæbo.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal