Hopp til innhold

Halve Vipers er frå utlandet

Over halvparten av spelarane i Vipers Kristiansand er frå utlandet. Trenar Gunnar Pettersen meiner at klubben er avhengig av import.

Vipers Kristiansand på trening

Gunnar Pettersen instruerer spelarane på trening.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Kristine Lunde Borgersen

Kristine Lunde Borgersen er kanskje den største profilen på Vipers Kristiansand, og ein av få lokale spelarar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Å byggje eit lag av sørlendingar trur eg er naivt å tru, seier Gunnar Pettersen til NRK.

Heile sju av spelarane i Vipers-troppen har utanlandsk pass.

– For meg spelar det inga rolle om spelarane kjem frå Holland, Island, Danmark eller ein stad i Norge. Eg tippar du skal ha fram at dei burde ha vore herifrå. Den tid er forbi, seier trenaren.

– I gamle dagar kunne vi byggje eit lagt frå botnen i Stavanger, Porsgrunn eller Skien. Det går ikkje lenger. Du må ha tilvekst utanfrå, seier han.

Fire lokale

Den tidlegare landslagstrenaren viser mellom anna til fotballen, der det var 110 utlendingar i eliteserien førre sesong.

– Larvik som er topplag i både Norge og Europa har vel knapt ein spelar frå Larvik. Knapt nokon frå Vestfold. Det er viktig å stimulere handballen i distriktet. Der tykkjer eg Vipers har starta bra. Vi reiser rundt og har treningar i ulike hallar og klubbar, slik at flest mogleg som vil satse endar i Vipers, seier han.

Denne sesongen har klubben fire lokale spelarar som kan vere med å setje sitt preg på laget.

Vilde Jonassen (22) frå Kristiansand, Siri Aaserud (23) frå Arendal, Tonje Haugjord Refsnes (19) frå Evje og ikkje minst Kristine Lunde-Borgersen frå Kristiansand.

Intervju med trener i Vipers Kristiansand, Gunnar Pettersen før sesongstarten i håndball.

Sjå intervju med Vipers-trenar Gunnar Pettersen.

– Vi har einaren

– Vi har Tonje som er frå regionen, som eg trur kan bli ei overrasking. Det er inga ulempe. Vi må ha nokre innslag. Vi har jo ein av dei mestvinnande spelarane i verda i Kristine Lunde-Borgersen. Vi har einaren, seier Vipers-trenaren.

– Er det mogleg å skape den same entusiasmen i lokalbefolkninga med mange utanlandske spelarar?

– Eg trur folk er opptekne av om laget vinn eller ikkje. Vinn du trur eg entusiasmen vil vere der i fullt monn. Går det dårleg vert det mykje vanskelegare, seier Pettersen.

Språkutfordring

I spelarstallen er Nederland, Sveits og Island representert. Pettersen vedgår at det har ført til utfordringar.

– Det er litt stressande. Eg kan ikkje ta alt på norsk. Eg har berre skuleengelsk, og kan ein del faguttrykk på tysk, men det er berre ein spelar eg når fram til med tysk. Resten må eg ta på engelsk, seier han.

– Det har gjort det litt meir utfordrande å få detaljane i systemet og filosofien fram, men det har gått betre enn venta. Eg tykkjer vi har kome lenger enn eg trudde for eit par månader sidan, legg Pettersen til.

Då Vipers tok bronse i serien i 2003 var det stort sett berre lokale spelarar i troppen. Laget tok seg også til semifinalen der det vart tap mot ungarske Györ.

Siste nytt

  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP
  • Mirakelet uteble for Liverpool – slått ut av Europa

    Liverpool trengte et mirakel, men det ble bare 1-0-seier borte mot Atalanta. Den italienske klubben er klare for semifinale, mens Jürgen Klopps europaeventyr med Liverpool endte i Europaligaens kvartfinale.

    Etter 0-3-tapet hjemme på Anfield forrige uke, var det et fryktelig utgangspunkt Liverpool reiste til Bergamo med.

    Der fikk de akkurat den starten de trengte, da Trent Alexander-Arnold skaffet straffe etter fem minutter. Mohamed Salah var sikker og scoret kveldens første.

    Liverpool hadde fortsatt godt over 80 minutter til på å hente opp ledelsen til Atalanta, men tiden gikk og de store sjansene uteble.

    Flere mål ble det ikke, og Atalanta vant dermed 3-1 sammenlagt.

    For Liverpool-manager Jürgen Klopp ble det dermed en tung avslutning i Europa.

    I januar fortalte Jürgen Klopp at han gir seg som Liverpool-manager etter sesongen, og finalen i Europaligaen i Dublin 22. mai kunne blitt et perfekt punktum for Klopps karriere i Merseyside-klubben.

    Slik gikk det ikke, og dermed er det de seks siste serierundene i Premier League-gulljakten som gjenstår av Klopps Liverpool-karriere.

    Salah

Sendeplan

Kl. Program Kanal