– Dei drit i kva vi har å komme med, og det syntest eg er litt rart, seier Hadi Srour til NRK.
Måndag kom dommen frå domsutvalet i NIF. Han er dømd til fire års utestenging for bruk av kunstig EPO.
Srour meiner sjølv at han aldri har teke dette stoffet, men både A- og B-prøva var positiv. I saka mot Antidoping Norge har han fleire gonger ytra misnøye med behandlinga.
– Har du blitt teken på alvor no?
– Det har vi ikkje, det skjønner eg med ein gong. Det er litt skremmande, syntest eg. At det er ei sak der ein berre høyrer på ein part, seier Srour.
Som NRK har omtalt tidlegare meiner Srour at dopingprøva feilaktig har slått ut som ei positiv dopingprøve.
Srour: – Veldig overraska
Leiar i Påtalenemnda er Katharina Rise. Ho er ikkje samd i at Srour ikkje har blitt høyrt.
– Vi kjenner oss ikkje igjen i ordbruken eller hans versjon. Han har forklart seg til Antidoping Norge og komme med sitt syn på saka før påtalenemnda tok si uavhengige avgjersle, seier Rise til NRK.
– Han ville at fleire etterforskingsskritt skulle gjennomførast før påtalenemnda avgjorde saka, og dei er etterkomne.
REAGERER PÅ SPRÅKBRUK: Katharina Rise, leiar i Påtalenemnda.
Foto: Terje Bendiksby / NTBI ei pressemelding skriv Antidoping Norge at Srour si dopingprøve inneheldt rekombinant erytropeitin (rEPO), som er ein del av dopinggruppe S2.
– Vi har følgt dei klare reglane som gjeld. Når ein bryt fleire føresegner i NIFs lov, så legger ein den strengaste utelukkelsestiden på fire år til grunn, seier Rise.
– Eg vart veldig overraska. Så har eg skjønt at dei ikkje har teke nokon av innvendingane våre i betraktning. Dei legg vekt på dei tre sakkunnige frå Antidoping og kva dei meiner, seier Srour.
– Ikkje vits å bokse meir
Hadi Srour er dømd for bruk av kunstig EPO og brot på meldeplikta. Dermed blir Srour sin viktigaste kamp i karrieren langt utanfor bokseringen.
Han kjem til å anke dommen til Appellutvalet i Noregs idrettsforbund. Blir han dømd der, kan han ta saka vidare til Den internasjonale valdgiftsretten for sport (CAS).
– Det handlar ikkje om å vere boksar, det handlar om å bli frikjend. Om tre år er min «prime» vekk. Då er det ikkje vits å bokse noko meir, seier han.
FERDIG I RINGEN? Her er Hadi Srour under eit boksestemne i Kristiansand i 2018, før han vart utestengd.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB– Vi satsar på at dei ser på saka litt heilskapleg, og ikkje ser blindt på Antidoping Norges arbeid. Vi vil ha ein rettferdig dom, det føler eg ikkje at eg har fått no.
– Det er den fulle retten hans, viss han meiner at han ikkje er dømd i samsvar med gjeldande regelverk. Viss han meiner at han er uriktig dømt, så er det fint om han anker, seier Rise.