Hopp til innhold

Hadde akkurat flytta inn i nytt hus, så kom beskjeden: – Reis til Chicago straks

Når Andreas Martinsen (29) reiser til California og nytt hockeylag i NHL, let han familien vere att heime. Det er på grunn av tidlegare erfaringar.

Andreas Martinsen med familien

OFTE PÅ FLYTTEFOT: Hockeystjerna Andreas Martinsen har måtta flytte ofte dei siste åra. Her er han med barna Olivia (f.v.) og Filippa og kona, Camilla Martinsen.

Foto: Thea Roverud Rusten / Fangblikk

– Det blir nokre veker vekke frå kone og barn. Men det er ein del av gamet. Eg får berre dra over og gjere jobben, så kjem dei etter kvart, seier Andreas Martinsen.

Han er på veg til sesongoppkøyring med sin nye klubb Anaheim Ducks i California, og skal parallelt med det finne hus for seg og familien.

Det håpar han skal gå litt meir knirkefritt enn då dei skulle slå seg ned i Montreal for to år sidan.

– Vi hadde funne eit hus, flytta og pakka ut. Eg hadde vore på trening og hadde akkurat kome heim. Vi sat i sofaen og pusta ut då telefonen kom: Vi skulle til Chicago. Blackhawks hadde kjøpt meg. Det var berre å pakke ned igjen og reise.

Andreas Martinsen

ERFAREN: Andreas Martinsen er klar over kva som venter i USA denne gangen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Måtte flytte 1300 kilometer

Andreas Martinsen har vore i NHL sidan 2015, og veit korleis livet kan vere når ein er spelar og blir «trada» mellom klubbar, og mellom eigarklubbar og farmarlag.

Det var hausten 2017 den overraskande telefonen kom. Martinsen hadde mislykkast i Montreal på forsesongen og blei send til farmarklubben Laval Rocket. Der var han klar for sesongdebut.

Dagen etter – same dag som NHL-sesongen opna – blei han bytt bort til Chicago Blackhawks, meir enn 1300 kilometer unna, og måtte flytte så raskt som mogeleg.

– Det var eigentleg litt komisk. Eg skulle få fire kompisar på besøk to dagar seinare, og dei lurte fælt på om dei skulle kome då dei fekk vite om handelen, fortel Martinsen.

Andreas Martinsen

MONTREAL TIL CHICAGO: Martinsen måtte plutseleg flytte 1300 kilometer då han blei klar for Chicago Blackhawks.

Foto: Nam Y. Huh / AP

Fordi Montreal er i Canada og Chicago i USA, måtte Martinsen få visum og arbeidsløyve. Det tok eit par veker.

– Vi hadde ein ishall der eg og kompisane trena for oss sjølve. Vi fekk også tak i ein keeper som hadde flyttat til Montreal og jobba på hockeybutikk, og var der i to veker alle saman. Då visumet var klart, flaug vi saman til Chicago, minnest Martinsen.

– Då hadde vi berre ei dotter, men kona var ganske gravid med nummer to. Det gjekk fint det også. Ho har vore gravid kvar gong eg har blitt «trada».

Må kjempe for NHL-plass

Andreas Martinsen er altså på ingen måte ukjend med hockeyspel i Nord-Amerika. Dit kom han til Colorado Avalanche i 2015, etter nokre år i Lillehammer og svenske Leksand, og fekk 110 NHL-kampar på to sesongar. Så blei det Montreal Canadiens.

Men no er det nok ei klubb. Anaheim eit stykke utanfor Los Angeles er den nye arbeidsgivaren. Når NRK møter Martinsen i heimbyen Lillehammer, er han klar for avreise.

– Denne gongen er vi føre var. Det er best å leite etter hus utan å måtte dra på ein på tre år og ein på eitt og eit halvt, seier Martinsen.

Kona og borna reiser over omtrent ved seriestarten nokre dagar ut i oktober. Då veit Andreas Martinsen også om han er med på laget, eller om han ikkje har «klart cuten» og er på farmarlaget i San Diego, nokre mil lenger sør.

– Det kan bli vanskeleg. Men eg tenkjer mindre og mindre på det for kvar gong. Første gongen, i Colorado, var eg supernervøs, og trudde sesongen var øydelagd då eg blei send ned til farmarlaget. Men eg har vore med på det nokre gonger, og veit at det ordnar seg.

Han meiner han veit kva som skal til, og kva som blir hans rolle.

– Eg er ein fysisk sterk spelar, og må vere ein som trenaren kan lite på gjer jobben i eiga sone, som er sterk med pucken og vanskeleg å spele mot, og som ikkje tek dumme utvisningar. Eg trur eg har litt av alt og kan brukast i dei fleste situasjonar ute på isen. Eg håpar at denne sesongen blir den der eg verkeleg får det til, seier han.

DUELL:

STERK: Martinsen veit kva som skal til i NHL. Her i duell med Carolina Hurricanes' Phillip Di Giuseppe.

Foto: Karl B Deblaker / AP

– Eg håpar å vere stabil ein heil sesong, fordi eg gjerne vil spele mange fleire år her borte, seier 29-åringen.

Martinsen seier at NHL har vore draumen sidan han var gutunge og las om NHL i ProHockey og såg Espen «Shampo» Knutsen på tv.

– Det har aldri vore i tankane mine at eg skal spele i Sverige, Russland eller OL. For meg har det berre vore eit spørsmål om NHL. Derfor sit det veldig langt inne å reise tilbake til Europa. Når eg er i NHL, skal eg karre meg fast. Eg er nokså sta, seier han.

Han får uansett ei løn det går an å leve av. Grunnløna i AHL åleine er 250.000 dollar, men han har ein garanti på minst 390.000. Spelar han i NHL, får han ei grunnløn på 750.000 dollar.

Ser lite hockey på TV

Han veit lite om klubben han skal til.

– Men det skal vere ein klubb som vanlegvis er i sluttspel og skal kjempe i toppen, seier Martinsen. – Og så er det ein by med varmt og behageleg klima året rundt.

Men om han følgjer detaljert med? Nei.

– Eg følgjer eigentleg ikkje så mykje med på hockey. Det er gøy med hockey, men eg sit ikkje oppe og ser på ein match utan at det er noko heilt spesielt. Eg likar betre å halde på med andre ting på fritida, det blir meir enn nok hockey i løpet av året og livet likevel.

I NHL blir det to nordmenn denne sesongen, dersom Andreas Martinsen får plass på laget. For i Minnesota er Mats Zuccarello.

– Vi har møtt kvarandre før, men no er han på rett side, derfor blir det fleire møte, og det blir moro, seier Martinsen.

«Rett side» betyr at begge spelar i Western Conference. Det betyr fleire kampar mot kvarandre. Det første går i Anaheim 5. november.

– Det viser at vi kan vere med her også når vi kjem frå Norge. Eg håpar vi får over fleire etter kvart, seier Andreas Martinsen.

  • Anaheim Ducks spelar første sesongoppkøyringskamp mot San Jose Sharks tysdag.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal