– Han beviste igjen at han er så iskald som ein verdsklassespiss må vere. Då han scora det andre målet, viste han at han er på øvste nivå kva gjeld angrepsspelarar, seier Borussia Dortmund-journalist Sascha Klaverkamp til NRK.
Saman med resten av fotballpressa venta han forgjeves på Erling Braut Haaland etter to nye mål for Dortmund fredag kveld.
Stavanger Aftenblad var dei einaste som etter kvart fekk eit intervju med nordmannen.
– Det er sånn du drøymer om når du er liten, fortel Haaland til avisa og legg til:
– Eg blei ikkje skuffa over å starte som innbytar. Vi følgjer ein plan, og dette har vore planen heile tida. Når eg sit på benken, blir eg berre endå meir motivert for å levere. Det klarte eg i dag, og det var helt fantastisk
Men ingen andre fekk prate med den brennheite nordmannen.
19-åringen blei i staden følgt ut bakdøra medan media venta.
REKORD-HAALAND: Ingen har tidlegare scora fem mål på sine to første kampar i Bundesliga. Men Erling Braut Haaland har gjort det
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpixJournalist Klaverkamp har følgt Dortmund tett i 15 år, og er sportsredaktør i regionavisa Ruhr Nachrichten. Dortmund-entusiasten såg noko heilt spesielt då Haaland var i ferd med å bli bytta inn.
– Eit par minutt før han kom inn merka du på fansen at dei hadde eit håp om at han ville score. Dei var veldig spente, og dei gleda seg til å sjå han spele her i Dortmund for første gong, seier han.
65 minutt
Haaland kom inn som innbytar og sette inn dei to siste måla i Dortmunds 5-1-siger over Køln.
65 minutt var spela då Haaland kom inn frå benken. 12 minutt seinare hadde han gjort akkurat det 80.000 heimefans hadde kome for å sjå.
Køln-keeperen måtte gi retur på ei god avslutning, og kven andre enn Haaland var på rett plass til akkurat rett tid og sette returen knallhardt i nettet.
Deretter snudde han seg og tok imot hyllesta frå 25.000 tilhengarar i «den gule veggen». Dei 25.000 ropar namnet hans tre gonger, og han hoiar mot dei med høgrearmen.
Det såg verkeleg ut som om 19-åringen treivst på si nye heimebane – ei meir støyande og større scene enn han truleg har vore på fnokon gong før.
Haalands «umogelege» scoring
JUBEL: Slik helsa Haaland på fansen i «den gule veggen» etter sitt andre mål
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpixScoringa blei ikkje avgjerande for sigeren. Den var så godt som i boks i kampen der Dortmund i periodar heldt leikestove med Køln. Haalands mål gjorde 4–1 til heimelaget.
Og han var ikkje ferdig for kvelden. Tre minutt før ordinær tid var ute, nådde han ballen nede ved dødlinja etter å ha sett keeper ut av spel. Og frå så å seie umogeleg vinkel skrudde han inn 5–1.
Då ljoma det «Haaland, Haaland, Haaland» rundt heile stadion. Nordmannen var også den einaste som tok av seg trøya og gav den til ein supporter etter kampslutt.
Fem mål på sine to første kampar i Bundesliga. Det er det ingen som har gjort før. Men Haaland har greidd det som innbytar i løpet av to knappe halvtimar. Han har spela totalt 59 minutt.
Dortmund valde å skjerme Haaland, han kom derfor ikkje til pressekonferansen etter kampen.
Men lokale journalistar og supporterar lovprisa altså nordmannen. For skal ein få det til i ein klubb som Dortmund, held det ikkje berre å levere på fotballbanen. Fleire tidlegare stjerner har reist frå klubben utan store protestar frå fansen, fordi dei ikkje har hatt hovudet på rett stad.
– Alle lagkameratane hadde ei kjensle av at han ikkje berre er ein god fotballspelar, men også ein fin fyr. De veit at han er god, og alle er fornøgde med han. Lagkameratane likar ikkje berre måten han spelar på, men også korleis han oppfører seg, seier Klaverkamp.
Benken
Då Haaland kom innpå, hadde publikum ei god stund reist seg og kravd Haaland på bana, og tok imot han med enorm jubel.
Sekund etter at han var inne, blei han spela fint fram, og kunne ha fått drøymeopning på heimedebuten. Men han fekk ikkje heilt kontroll, og storsjansen blei borte.
PUBLIKUMSFAVORITT: Publikum tok godt imot Haaland på Westfahlen-sdaion. Dei blei ikkje skuffa
Foto: Leon Kuegeler / ReutersLeikestove
Køln kom til Dortmund med fire strake sigrar i bagasjen, men i kveld blei dei for små. Dortmund heldt leikestove med motstandaren frå første stund.
Raphaël Guerreiro sette inn det første etter berre 50 sekund, og Marco Reus dobla etter 29 minutt. I mellomtida hadde dommaren også gitt Dortmund straffe, men etter VAR-inspeksjon blei ballen trekt utanfor 16-meteren. Og Mats Hummels heada i tverra, så kampen verka avgjort etter første omgang.
Det kunne ha endra seg, for berre sekund etter at andre omgang var sett i gang, rota Hummels det til. Jhon Cordoba skaut i stolpen, og bomma også på returen. Men da vart det vinka for offside.
I staden var det Jadon Sancho som avgjorde kampen like etterpå, då han sette inn 3–0.
Midt i omgangen reduserte Køln, utan at det blei vesentleg meir spennande av den grunn.
For like etterpå entra Haaland Westfahlen-stadion. Resten er historie.