40 mål på berre 30 kampar er nå fasiten for Erling Braut Haaland i serie og cup denne sesongen. Det er fleire enn både Lionel Messi, Kylian Mbappé, Neymar og Robert Lewandowski.
Skjerma frå alle intervju
19-åringen er så populær i Tyskland at Dortmund-trenar Lucien Favre i dag bestemte seg for å skjerme Haaland frå alle intervju.
– Han scorar alltid eit mål. Han kan ikkje anna enn å score mål. Denne gongen var det med høgreefoten. Det var eit bra mål og ikkje enkelt å gjere. Me valde å skjerme han i dag, som me ofte gjer me unge spelarar, seier Favre i intervju vist på Viasport.
Lewandowski scora to mål for Bayern München i går og er nærmast Haaland med 38 mål i alle turneringar.
I Bundesliga held han også fram med å knuse rekordar. Ingen har scora så mange mål på dei seks fyrste kampane i tysk toppdivisjon som Erling Braut Haaland.
Haaland inne på topp 10 på toppscorarlista
Det såg ein stund ut til at Erling Braut Haaland for ein gong skuld skulle gå mållaus av banen. Den brennheite Dortmund-spissen kom til eit par sjansar, men i ein litt treig fyrste omgang var han eit stykke unna å halde fram den imponerande målstatistikken.
Like etter pause tek likevel Dortmund leiinga ved den franske midtstopparen Zagadou som heada inn mål frå corner.
Dei gule heldt fram presset for å sikre sigeren og Haaland kom nærmare og nærmare eit nytt mål.
Etter 66 minutt var ventetida på Haaland-mål over. Hakimi kom seg forbi på høgrekanten og Haaland var som vanleg på rett stad til rett tid.
Han breisida innlegget enkelt ballen inn frå kort hald og bortelaget var oppe i ein trygg 2–0 leiing.
Andreplass i Bundesliga
Dermed har 19-åringen 9 mål på hans seks kampar i Bundesliga, og 12 mål på åtte kampar som Dortmund-spelar. Han er også oppe på 10.-plass på toppscorarlista i den tyske toppdivisjonen.
Det var også hans 40 mål for sesongen om ein tek med måla frå tida i Salzburg og Austerrike. Berre sjå på den ville statistikken.
- 16 mål for Salzburg i austerriksk Bundesliga
- 10 mål i meisterligaen
- 9 mål i tysk Bundesliga
- 4 mål i austerriksk cup
- 1 mål i tysk cup
Med tre nye poeng er Borussia Dortmund på 2.-plass i Bundesliga og har fire poeng opp til Bayern München. Leipzig har like mange poeng og spelar seinare laurdag mot Schalke 04.