– Han er eit beist. Det er heilt ellevilt å sjå på, seier NRKs fotballekspert, Carl Erik Torp.
Det vil ingen ende ta for Erling Braut Haaland i den gule Borussia Dortmund-trøya. Heime mot Union Berlin scora han to nye mål og ordna i tillegg straffe aleine med keeper.
– Det var tungt, men veldig kjekt å starte. «Finessen» er ikkje der heilt ennå, men den kjem seg. Eg kosar meg, gliste Haaland i intervju med Viasport etter kamp.
Tysk avis: «Norsk naturfenomen»
Etter to super-innhopp i dei to fyrste kampane, fekk Haaland sin fyrste kamp frå start heime mot Union Berlin.
«Borussia-raketten Haaland med rekordshow», skriv den Dortmund-baserte dagsavisa Ruhr Nachrichten etter kampslutt. Også den tyske avisa Berliner Morgenpost omtaler nordmannen i varme ordelag: Erling Haaland, Dortmunds nye spiss, har slått gjennom som eit norsk naturfenomen, og demonstrerte det mot Union Berlins forsvar.
Det tok berre 17 minutt før 19-åringen hadde putta ballen framfor den gule veggen igjen.
Dermed hadde Haaland scora seks mål på berre 77 minutt. Det er nok ein Bundesliga-rekord.
– Det er litt svakt keeperarbeid på den andre scoringa, men fyrste scoringa er eit prakteksempel på kva Dortmund har sakna. Resten av kampen er han litt usynleg, men han er ein målgarantist. Det er eit eventyr me er vitne til, meiner Torp.
Topp ti på toppscorarlista
For det stoppa ikkje på eit mål. Etter 67 minutt blei Haaland spelt igjennom og drog seg forbi forsvaret. Han kom aleine med keeper, blei felt og ordna straffe for Dortmund.
Haaland fekk ikkje ta straffa sjølv, men trong likevel ikkje gå av banen utan å doble målkontoen. Etter 76 minutt gjorde Julian Brandt eit lekkert forarbeid, som på det fyrste målet.
Ballen blei flikka til Haaland i feltet, og Haaland banka ballen i mål via keeper.
– Me produserer vanvitig med sjansar og har gjort det i alle kampane eg har spelt. Det er eit fantastisk lag og eg har jo verdsklasse-spelarar rundt meg. Eg er stolt av å spele med slike spelarar, seier Haaland.
Minuttet etter gjekk han av banen til stormande jubel frå Dortmund-fansen. Etter berre tre kampar i Bundesliga er 19-åringen inne blant topp ti på toppscorarlista med sine sju mål.
Sancho starta målshowet
Det var det andre supertalentet hos heimelaget som sette tonen. 13 minutt var spelt da Jadon Sancho nok ein gong viste magiske takter på kanten. Sancho dansa seg inn i boksen, skaut i eit Union Berlin-bein og ballen spratt inn i mål.
Etter 18 minutt var Haaland igjen på rett plass til rett tid. Bortelaget klarte ikkje å klarere etter corner og Julian Brand fekk ballen på høgrekanten.
Han sendte eit perfekt innlegg mot bakre stolpe, og kven andre enn Haaland var det som tima løpet perfekt og sette ballen kaldt inn i mål.
Til slutt enda det med kalassiger 5–0 til Dortmund og Dortmund er nå oppe på tredjeplass, tre poeng bak serieleiar Bayern München.
Oljefondet nyt godt av Haaland-mål
Det har gått så bra med Haaland i Borussia Dortmund at til og med det norske oljefondet nyt godt av det. Fondet har nemleg andelar i den tyske klubben.
Ifølgje den tyske storavisa Bild har det norske pensjonsfondet gått opp med 2,8 millionar kroner sidan Haaland kom til Dortmund.
Det siste kvarteret kom høgreback Julian Ryerson frå Lyngdal inn for bortelaget Union Berlin.