Etter å ha lege under ved pause, sleit Dortmund seg til 3–2 over Stuttgart. Avstanden fram til den avgjerande fjerdeplassen er dermed framleis sju poeng når seks kampar står att.
Erling Braut Haaland var ikkje sist på ballen ved nokon av scoringane, men det var han som la den målgjevande pasninga til sigersmålet ti minutt før slutt.
Nordmannen har ikkje scora sidan han laga to mot Köln 20. mars. Seinare har det blitt tre landskampar, to ligakampar og ein meisterligakamp utan scoring.
Det er Haalands lengste måltørke sidan han blei profesjonell i Molde.
– Viktig å stoppe kritikarane
Haalands framtid er eitt av dei aller heitaste diskusjonsemna i fotballverda for tida, og spørsmålet om Dortmund får vere med i meisterligaen eller ikkje, kan vere avgjerande.
– I alle tyske medium er det ein ting dei diskuterer, det er Haaland, framtida hans og kva som skjer. Det er viktig å score eit mål eller to og stoppe kritikarane som akkurat no er på offensiven i Tyskland, sa Jan Åge Fjørtoft i Viasats studio før kampen.
Haalands vesle måltørke i kombinasjon med at hans far Alfie, og agent Mino Raiola reiste til både Barcelona og Real Madrid i påska, var tema i Viasat-studio før kampen.
Ekspert Rune Bratseth trudde ikkje de manglande måla skuldast den enorme merksemda som agentane hans skapte.
– Men det blir eit anna press når det blir snakka om dei største klubbene i verda. Då blir folk fort negative, sa Bratseth.
NRKs ekspert Carl Erik Torp trur kanskje nokon av dei store klubbane kan bli litt meir avventande etter så mange mållause kampar, men trur likevel ikkje det betyr allverden.
– Haaland er ung og har allereie gjort nok til at interessa vil vere svært stor uansett. Dette endrar nok ikkje noko vesentleg. Det er ikkje unormalt at det svingar litt, seier Torp.
– Kan alt styret med agentar hos storklubbar i Spania og England ha spela inn?
– Eg ville bli meir enn imponert om det ikkje hadde noko betydning med så stort oppstyr.
– Dei neste 45 minutta kan bli avgjerande
Det var heilt klart at Dortmund gjekk til ein vanskeleg kamp. Stuttgart kom til kampen med fem strake heimesigrar. Dei slo også Dortmund 5–1 i bortekampen før jul.
Sasa Kalajdzic opna scoringane med ei vakker heading frå langt hald, over keeper og inn i lengste hjørnet. Då verka meisterligaen lenger unna enn nokon gong for Dortmund, og det stod 1–0 til heimelaget ved pause.
– No blir sesongen avgjort. Desse 45 minutta kan bli avgjerande for Dortmund, sa Fjørtoft.
Den gamle kjempa Lothar Matthäus var negativ i pausen.
– Eg saknar det siste steget og den avgjerande viljen. Det er ingen som kjem til meisterligaen ved å spele slik som Dortmund gjer, sa han til Sky Sport.
Snudde kampen på seks minutt
Dortmund skrudde opp tempoet etter pause, og brukte berre seks minutt av andre omgang på å snu kampen.
To minutt etter pausen var Dortmund à jour. Jude Bellingham fekk setje inn utlikninga. Kort tid etter var dei gule i leiinga, og denne gongen var Marco Reus sist på ballen. I den situasjonen var også Haaland involvert, ved å hoppe over ballen som gjekk vidare til Rous.
Men siste målet var slett ikkje scora. Stuttgarts Daniel Didavi utnytta enorme rom i Dortmund-forsvaret og kontra inn 2–2 med mindre enn eit kvarter igjen. Og så slo Dortmund tilbake igjen. Innbytar Ansgar Knauff (19) sette inn 3-2 med sitt første Bundesliga-mål i sin tredje kamp. Han blei spela fri av Haaland.
– Dortmund forstod i pausen at dei måtte opp med tempoet, og det gjorde dei. Resultatmessig er det godt, men eg blir litt frusterte over organiseringa. Det er litt for lett å kome til sjansar mot Dortmund, sa Rune Bratseth.
For Dortmund var sigeren nødvendig ettersom Eintracht Frankfurt slo Wolfsburg 4-3 tidlegare på dagen. Frankfurt er klubben som har den siste meisterligaplassen.