To minutt før slutt redda Kjetil Wæhler eitt viktig poeng for Vålerenga, då han ruva høgast i feltet på eit innlegg og heada inn utlikninga for bortelaget.
– Eg er kjempe skuffa, vi var total dominant i lange periodar, seier Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal til NRK etter kampen.
Med poengdeling i Ålesund tar Vålerenga ferie på 13.-plass, med 11 poeng på 13 kampar.
Først annullert, så godkjend
Kampens mest kontroversielle situasjon oppstod ti minutt før slutt, då Aalesund sette fart på ei kontring med Franck Boli, som vart takla på midtbana av Kjetil Wæhler. Ballen enda hos ein offside-plassert Edwin Gyasi, som gjekk rett på mål og avslutta lekkert med utsida av foten, bak ein sjanselaus Aslak Falch.
Linjedommaren var seint oppe med flagget, men etter diskusjon med dommar Tom Harald Hagen vart målet korrekt godkjend. Gyasi fekk ballen frå ein Vålerenga-spelar.
– Eg såg flagget då eg snudde meg etter scoringa. Det var merkeleg, for det var ikkje offside. Heldigvis godkjende han målet, seier Gyasi til NRK etter kampen.
– Det var mål det. Heldigvis vart det godkjend, seier Rekdal om scoringa, trass i at det kom i mot hans lag.
DOBBEL JUBEL: Edwin Gyasi scora to flotte mål for Aalesund.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKVålerenga best – Aalesund scora
Etter ei god Vålerenga-opning, var det Aalesund som fekk ein perfekt start på kampen, då Edwin Gyasi skar inn frå høgrekanten og sette ballen i lengste hjørnet, etter å ha dratt av to mann.
Utover i den første omgangen var det Vålerenga som hadde ballen mest, medan heimelaget sto for dei største sjansane på sine kontringar.
Etter kvilen pressa Vålerenga på for utlikninga, og fekk betalt for strevet etter 70 minutt. Aalesund-keeper Andreas Lie gav ein håplaus retur, som Elías Már Ómarsson enkelt sette i målet frå tre meter. Laga var med det like langt.
Gjestane pressa på etter utlikninga, og kvarteret før slutt var Deshorn Brown nære å sende VIF i føringa. Med ein mann i ryggen fekk han vendt opp og fyrt av garde eit skot i feltet, men det gjekk på undersida av tverrliggaren og ut.