Gurpreet Singh Sandhu er langt frå ein vanleg eliteseriespelar. I fjor blei han den fyrste indiske proffen i Europa på 79 år.
I dag kom endeleg seriedebuten.
– Eg har venta på denne sjansen i to år. I dag følte eg meg fantastisk, seier Sandhu til NRK etter kampen.
– Som glasuren på kaka
24-åringen kom til Stabæk i 2014 og har 10 landskampar for India. Men før i dag hadde han berre fått sjansen i cupen.
– Sjølvtilliten var veldig bra spesielt frå sist kamp mot Strømsgodset. I dag var ein veldig god kamp frå meg. Å halde nullen er som å få glasuren på kaka, seier Sandhu og gliser.
Det skulle vise seg å vere godt hell for Stabæk å ha indaren i mål. Etter fire tap på dei fem siste kampane losna det endeleg for bæringane. Sandhu var sikker heilt bakarst og hadde fleire gode involveringar i botnkampen.
Debuten har verkeleg blitt lagt merke til i heimlandet og i fotballverda. Den store fotballnettstaden Goal har skrive om Stabæk-keeperen og på Twitter blir Sandhu hylla av fotballfans i heimlandet.
Akkurat nå er han ein av dei det blir twitra mest om i Mumbai, ein by med svimlande 12 millionar innbyggarar.
Sjølv om indaren for tida er fyrstekeeper på landslaget og landets einaste utanlandsproff meiner han ikkje at han er spesielt kjent i heimlandet.
– Eg er ikkje kjent i forhold til kapteinen og fleire andre på landslaget. Men fotball blir større og større i India nå og det er mange som fylgjer med på I-league (indiske ligaen, journ.merk).
– Korleis er nivået samanlikna med norsk serie?
– Du kan ikkje samanlikne indisk og norsk fotball. Nivået er mykje høgare her, her er det «topp noch», skryter keeperen.
Ikkje vunne på 28 kampar
Dette var det ein kallar ein «sekspoengskamp» for dei to laga som før runden låg under streken.
Ohi Omoijuanfo klarte ikkje å avgjere for Jerv da dei spelte eliteseriekvallik mot Start i fjor haust, men i kveld trefte spissen kassa.
Stabæk fekk corner etter 33 minutt, «Ohi» vann i lufta og heada ballen kontant i nettet. Like før pause gjorde Giorgi Gorozia situasjonen enda verre for Start. Georgiaren utnyttar surr frå De John i Start-forsvaret og dermed stod det 2–0 til bortelaget.
Andre omgang blei lenge ein tung affære, men til slutt fyrte Stabæk laus. På dei 12 siste minutta køyrde dei heilt over Start. Moussa Njie kom inn og sette to av dei, medan Birger Meling ordna det siste.
Dermed held Start-krisa fram og laget har nå ikkje vunne på 28 strake eliteseriekampar. Dette var også Kristoffer Ajer aller siste kamp for laget før han reiser til skotske Celtic. Kristiansand-laget har berre seks poeng til nå i sesongen og har fire poeng opp til Stabæk og Vålerenga.