Hopp til innhold

Reiten skreiv «hemmeleg» brev til seg sjølv – i dag les ho det igjen

Guro Reiten (27) skreiv eit personleg brev til seg sjølv etter EM-fiaskoen i 2017. På EM sin opningsdag finn ho fram brevet igjen.

Guro Reiten

SNART KLAR: Guro Reiten har ei spesiell førebuing før den viktige opningskampen mot Nord-Irland.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Reiten har vorte ein nøkkelspelar for både Chelsea og Noreg dei siste sesongane. Torsdag er ho sjølvskriven når landslagssjef Martin Sjögren set opp 11-eren mot Nord-Irland.

For fem år sidan vart Reiten vraka til dei to første kampane i gruppespelet. Ho starta i den siste kampen mot vertsnasjonen Nederland, som sende Noreg heim med null poeng og null mål.

Guro Reiten

I FORM: Guro Reiten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Nedbrotne norske spelarar vart sitjande igjen på grasteppet. Den då 22 år gamle Reiten skulle snart skrive ned alt ho hadde lært frå meisterskapen.

Det var eit veldig personleg brev, understrekar Reiten. Det er berre Reiten sjølv og idrettspsykolog Anne Marte Pensgaard som har lese det.

Eg fekk beskjed om å skrive eit brev til meg sjølv etter meisterskapen med alt eg lærte. Alt eg ville sagt til meg sjølv etter meisterskapen med det eg lærte, og kva eg ville sagt til meg sjølv før det starta slik at eg visste kva eg skulle gjere neste gong.

Det brevet har eg på PC-en og eg har tenkt å lese gjennom det i morgon (onsdag). Ein lærer alltid, veit du, seier Reiten til NRK.

Norge- New Zealand (2-0) i fotball for kvinner

ÉN DAG IGJEN: Reiten og resten av landslaget vil revansjere den svake 2017-meisterskapen.

Foto: Martin Solhaug Standal / NTB

Trur ho var meir redd

Reiten las det same brevet også før VM i 2019. Då vart ho minna på at ho «i alle fall skal kose meg no».

Om det var det som hjelpte, eller om eg har vorte eit par år eldre og fått endå litt meir erfaring på eit høgare nivå, er eg litt usikker på. Men vi kan seie at det hjelpte litt, kvar prosent tel, seier 27-åringen.

Reiten vil ikkje gå i detalj på kva som står i brevet, men litt kan ho fortelje.

Det går jo på den kjensla eg hadde inn i den meisterskapen. Eg var kanskje litt meir redd for kva som kan skje kontra å heller sjå det positive og prøve å nyte augneblinken. Det er noko ein aldri får tilbake, så ein har liksom lyst å få ut potensialet sitt der og då, seier Reiten.

Les også Guro Pettersens unike vei til EM: – Aldri trodd jeg skulle være her

Guro Pettersen

Beste erfaringa

2017-EM var den første meisterskapen for Martin Sjögren. Svensken kom frå suksessrike sesongar i Linköpings FC, der han vann seriegull i 2016.

Så vart det altså bråstopp i hans første eksamen for Noreg.

Det var ei sterk oppleving på fleire ulike måtar. Sjølvsagt var det ein skuffelse resultat- og prestasjonsmessig. Så var det masse som skjedde i ettertid. Av erfaring er det den beste erfaringa eg har hatt som leiar og trenar i karrieren minder eg har lært mest, seier Sjögren, og trekkjer fram handteringa av motgang.

Em i fotball for kvinner 2022

ERFARING RIKARE: Martin Sjögren seier han har lært mykje sidan EM i 2017.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Reiten har erfaringa lagra i eit Word-dokument på PC-en. Onsdag set ho seg ned og minner seg sjølv på korleis ho skal angripe meisterskapen.

Det skal eg kose meg med, seier Reiten og smiler.

Les også Program for fotball-EM 2022

Fotball-EM kvinner

Siste nytt

  • Børven skadd før serieåpningen

    Odd-spissen Torgeir Børven fikk en smell i lysken på trening skjærtorsdag og går trolig glipp av eliteseriestarten hjemme mot Haugesund, melder Varden.

    Børven var ikke å se på Odds treningsfelt fredag. Kampen mot Haugesund spilles 1. påskedag, og spissen har fortsatt en liten hevelse i lysken, skriver Varden.

    – Torgeir er ikke bra nok til å trene i dag. Men det er for tidlig å si hvor lang tid dette vil ta. Vi tar dag for dag. Torgeir gikk av i går for ikke å ta noen sjanser, sier trener Kenneth Dokken til avisen.

    (NTB)

    Portrett av Odds Torgeir Børven fotografert på Skagerak Arena
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Dobbel punktering for Solberg i Kenya

    Oliver Solberg havnet i ordentlig trøbbel under fredagens formiddagsøkt i Rally Kenya. Både på den tredje og den fjerde fartsprøven punkterte 22-åringen.

    Dermed er han mer enn sju minutter bak teten i det totale sammendraget, mens det opp til lederen i WRC2-klassen skiller rett i underkant av fire minutter.

    Etter solid kjøring på fredagens første fartsprøve gikk det galt tidlig på den andre. Et dekkskifte kostet 22-åringen nær to minutter.

    – Vi kjørte rent, men disse tingene kan skje når terrenget er så krevende, skrev Solberg på X.

    En drøy time senere punkterte Solberg og makkeren Elliott Edmondson igjen, og nesten fire nye minutter gikk tapt.

    – Fartsprøve nummer fire brakte med seg samme uflaks som den tredje. Vi har ikke marginene på vår side, men alt kan skje i dette rallyet. Herfra og ut er det fullt trykk på pedalen, skriver 22-åringen.

    (NTB)

    OU7SVdPdOTc
    Foto: AFP
  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal