Etter at Johannes Høsflot Klæbo melde forfall til 20-kilometeren på Lillehammer søndag, opna det seg ein plass. Den fekk Simen Hegstad Krüger, og det får Mikael Gunnulfsen, som har vore på Sjusjøen heile veka, til å sjå raudt.
– Det følast veldig urettferdig. Eg har hatt stong ut på uttak tidlegare, og det følte eg var tilfellet førre helg, men denne gongen kom det eit forfall, og då meiner eg det er direkte feil at eg ikkje får sjansen, seier Gunnulfsen til NRK.
SINT OG SKUFFA: Mikael Gunnulfsen.
Foto: Terje Pedersen / NTBTV 2s skiekspert Petter Skinstad karakteriserer uttaket som «direkte dårleg gjort» og at «Skiforbundet tek livet av karrierar», etter at Gunnulfsen nok ein gong blei utelaten.
Det seier Gunnulfsen seg einig i.
– Det var ein unik moglegheit for meg i dag, og eg kunne ikkje fått ein betre sjanse for eit toppresultat. Forbundet veit eg er glad i og god i 20 kilometer fellesstart. Dette kunne verkeleg ha bana veg for meg, seier Gunnulfsen.
Han held fram:
– Det er dette som fort kan skilje om eg blir ein buljongløpar eller toppløpar. Ein ting er å kvalifisere seg ut av verdscupen, men no har eg prestert og gått fort nok. Då er det ikkje lenger rettferdig, seier han.
TV 2 omtala saka først.
Sint
NRK ringjer Gunnulfsen etter at han nettopp har vore på langtur i skiløypene på Lillehammer.
– Korleis føler du deg no?
– Eg føler meg småsvolten. Har gått snart fem mil på ski i dag, seier Gunnulfsen.
– Du har fått ut aggresjonen i løypa?
– Ja, eg kunne ikkje sitje inne og murre. Men eg var mindre snakkesalig i dag enn eg har vore på tidlegare turar, av openberre grunnar, seier han.
FÅ SJANSAR: Gunnulfsen frå nasjonal opning på Beitostølen.
Foto: Heiko Junge / NTBHan tykkjer at han ikkje lenger kan sitje stille i sofaen.
– Skiforbundet har allereie store utfordringar. Dette er ein bagatell, men samstundes handlar dette om min karriere. Vi driv trass alt med individuell idrett og eg må tenkje på meg sjølv også, seier Gunnulfsen og siktar til at herrelangrenn per dags dato er overlegen.
No håpar han at kritikken vil føre til at det blir meir objektive uttak i framtida.
– Dei tolv løparane som stiller til start i dag, har alle jobba knallhardt og fortent det på sin måte, men i dag meiner eg at eg er feilaktig utelaten. Eg håpar det blir lagt til rette for meir objektive uttak, seier han.
Stor sjanse
NRKs ekspert Torgeir Bjørn forstår at Gunnulfsen føler seg feilaktig utelaten.
– Eg forstår frustrasjonen hans. Det har stor betyding for han, med tanke på å kunne gå ei femmil i VM, og var ein moglegheit til å vise kva han er god for, seier Bjørn til NRK.
Likevel forstår han utfordringane Skiforbundet har.
– På den eine sida forstår eg at landslagstrenarar ynskjer å gi eliteløparane optimale førebuingar til meisterskap, men Skiforbundet har eit ansvar for heile Ski-Noreg, seier Bjørn.
Reagerer på utsegn
Langrennssjef Espen Bjervig fortel at han forstår Gunnulfsens frustrasjon, men vil ikkje gå i detalj på uttaket.
STUSSAR: Langrennssjef Espen Bjervig.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRK– Eg har full forståing for at han kan vere ueinig i uttaket, men vi har følgt retningslinjene og den informasjonen som vi skal gi, seier Bjervig til NRK, og held fram:
– Vi gjer ein totalvurdering. Dei som vinn noregscup, har fripass til etterfølgjande verdscup. Utover det har vi ikkje sagt at noregscup har noko høgare prioritet enn for eksempel Beitostølen.
Han presiserer at eliteløparar har prioritet i verdscupen på denne sida av jul, rett og slett fordi det er dei som historisk sett har gått fortast.
– Men vi har jo eigentleg ein umogleg oppgåve. Det er så gode herrar, at alle har noko her å gjere, seier Bjervig.
Langrennssjefen ser seg sterkt ueinig i Petter Skinstad sin kritikk om at Skiforbundet øydelegg karrierar.
– Det er eg sterkt ueinig i Petter Skinstad i. Då kan han heller komme med forslag til kva vi skal gjere som ikkje øydelegg karrierar, dersom han meiner det. Eg føler på ingen måte at vi øydelegg noko karrierar. Viss du ser rundt her no, med den breidda som er i norsk skiidrett, seier han.