Guardiola fekk revansje mot sine gamle elevar

Lionel Messi opna skåringsballet for Barcelona i meisterligakampen mot Manchester City. Men Guardiolas menn klarte å snu kampen mot hans gamle disiplar.

FBL-EUR-C1-MAN CITY-BARCELONA

SMILER: Pep Guardiola hadde god grunn til å vere nøgd etter 3-1-sigeren mot Barcelona.

Foto: OLI SCARFF / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

Ilkay Gündogan stod i spissen då Manchester City snudde meisterligakampen heime mot Barcelona.

Dermed sette han både Barcelona og Lionel Messi i skuggen, trass i at argentinaren skåra sitt sjuande mål på tre meisterligakampar.

For då Gündogan sette inn to mål, og dermed har fire på dei to siste kampane, fekk Pep Guardiola sin herlege revansje mot sine gamle elevar i Barcelona.

Det etter at Barcelona knuste City 4–0 på heimebane i førre runde.

Messi-kontring

Og det var Barcelona starta kampen best, trass i at Manchester City-spelarane ropte på straffe etter 10 minuttar spelt. Raheem Sterling blei felt, men blei vinka opp av dommaren for overspeling. Reprisen viste at Sterling hadde ei god sak, sjølv om han la seg noko lett.

Etter 20 minuttar spel leverte Barcelona ei kontring i verdsklasse. Messi fekk ballen langt nede på eiga banehalvdel, og spelte vidare til Neymar på kant. Etter eit sugande 80-metersløp fekk Messi attende ballen, og plasserte den trygt i nettet bak City-keeper Wilfredo Caballero.

Men City lét ikkje målet knekke seg, og pressa på for utlikning. Den kom nokre minuttar før pause då Ilkay Gündogan breisida ballen i mål frå bakarste stolpe, der han fekk stå heilt fri.

APTOPIX Britain Soccer Champions League

FEIRAR: Ilkay Gündogan feirar hans første mål for kvelden.

Foto: Dave Thompson / Ap

Rett etterpå kunne Fernandinho sendt City i leiinga, men laga gjekk til pause med stillinga 1–1.

Sjansebonanza

Det var lite om å gjere at Sterling kunne sørge for ei pangopning på den andre omgangen då han var nær å sende City opp til 2–1 i det 46. minutt.

Rett etterpå fekk dei blåkledde frå England målet sitt. Kevin De Bruyne dundra til på frispark frå 20 meter, og trefte godt. Marc-André ter Stegen tok eit feilsteg, og rakk ikkje opp til ballen.

Men kampen var langt frå avgjort. Etter målet følgde ei rekke av store målsjansar til begge lag. de Bruyne hadde fleire sjansar til å sende City opp i 3-1, medan André Gomes sette ballen i tverrliggaren frå kort hald etter nydeleg Suarez-forspel.

Spikaren i kista

Og det låg eit mål til i lufta. Med eit kvarter igjen av kampen viste City igjen herlege takter. Kevin De Bruyne opna opp forsvaret til Barcelona, og spelte Jesus Navas fri. Spanjolen la hardt inn i feltet, og trefte Sergio Agüero. Ballen datt igjen ned i fanget til Ilkay Gündogan, som dundra ballen hardt i mål.

Sjansane fortsette å renne på etter målet, men ingen av laga makta å skåra fleire mål.

Dermed står Barcelona med ni poeng, og Manchester City med sju poeng etter fire kampar spelt i meisterligagruppe C.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Russland mot Frankrike i EM-finalen

    Storfavoritten Russland hadde få problemer med Romania i EM-semifinalen i kvinnehåndball fredag. Russerne vant 28-22. I finalen venter hjemmenasjonen Frankrike, som slo Nederland 27-21 i sin semifinale.

    Handball - Women's EHF Euro 2018 - Semi Final - Russia v Romania
    Foto: Charles Platiau / Reuters
  • Kåret til Afrikas beste spiller

    Liverpool-profilen Mohamed Salah er for andre året på rad kåret til Afrikas beste fotballspiller av britiske BBC. 26-åringen slo Medhi Benatia, Kalidou Koulibaly, Thomas Partey og lagkamerat Sadio Mané i kampen om prisen.

    Foto: Francois Mori / AP
  • Tok ut 18-åring til VM

    18 år gamle Alexander Blonz er med i Christian Berges VM-tropp for det norske herrelandslaget i håndball. Ellers er alle stjernene med. Her er hele troppen: Målvakter: Torbjørn Bergerud, Espen Christensen. Bakspillere: Espen Lie Hansen, Christian O’Sullivan, Sander Sagosen, Gøran Johannesen, Magnus Fredriksen, Eivind Tangen, Kent Robin Tønnesen, Magnus Abelvik Rød. Linjespillere: Bjarte Myrhol, Magnus Gullerud, Henrik Jacobsen, Petter Øverby. Kantspillere: Kristian Bjørnsen, Kevin Gulliksen, Magnus Jønndal, Alexander Blonz

    Håndball. EHFs Euro Cup menn (1. runde). Norge Østerrike 43 - 31, Stjørdalshallen.
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal