Hopp til innhold

Gullvinnaren blei misbrukt og underernært: – Eg hamstra enormt

Om amerikanske Oksana Masters ikkje blei adoptert frå Ukraina, ville ho truleg ikkje vore i live i dag.

Oksana Masters

EMOSJONELT: Oksana Masters har opplevd mykje i livet. Kjenslene tok overhand då ho tok gull under Paralympics i 2021.

Foto: CHARLY TRIBALLEAU / AFP

Ho er ein av dei største profilane innan para-sport, og konkurrentane fryktar ho. Både på grunn av hennar enorme prestasjonar, men også på grunn av sinnet.

Ho blir frykteleg sint om konkurransen ikkje går hennar veg.

– Det er ikkje er ein spesielt god eigenskap på skytebana, i det heile. Men det konkurranseinstinktet er eit overlevingsinstinkt frå eg var born, fortel Masters opent til NRK.

Sinnet bygde seg i krigen om mat, og i kampen om å beskytte seg sjølv mot fare. Det er særs vanleg hjå born med same bakgrunn, kan psykolog Dag Nordanger fortelje.

Takknemleg for livet

Oksana Masters blei fødd i Ukraina i 1989, tre år etter Tsjernobyl-ulykka. Den vesle jenta kom til verda med fosterskadar som følge av radioaktiv stråling. Mellom anna blei ho fødd med seks tær, ei nyre, symjehud mellom fingrane og ingen tomlar.

Oksana Masters som ung

VILTER: Masters som lita jente.

Foto: PRIVAT

Ho hadde ulik beinlengde, og ho mangla dessutan skinnleggar. I seinare tid måtte ho amputere begge beina.

Dei første sju åra levde ho i ulike barneheimar rundt om i landet, og det var ikkje ein spesielt god oppleving.

Tilstanden på barneheimane var særdeles røffe. Ho blei underernært, og offer for psykisk og fysisk vald.

Borna blei mobba av dei eldre barnlause, og misbrukt av dei vaksne.

Allereie på barneheimen fekk ho tilnamnet bråkmakar. Ho var mykje sint, og krangla med vaksne og born.

Oksana Masters

PROTESE: Masters måtte amputere begge beina. Her tar ho sine første steg med protesar.

Foto: PRIVAT

– Eg visste godt at eg ikkje hadde noko familie. Og det fekk meg til å reagere med utbrot. Det var den einaste draumen eg hadde, seier ho.

Ofte sa ho farvel til jamaldra som fekk familiar dei kunne reise heim til.

Då det i tillegg skulle ta to år før kvinna som ønska å adoptere Masters, fekk gjennomslag for det, mista ho meir og meir trua på at ho skulle få ønsket sitt oppfylt.

Den vesle jenta fekk høyre at ingen ville ha ho. Ho var for uskikkeleg.

Ho byrja å tru på utsegna, før Gay Masters ein dag sat på sengekanten hennar. Den vesle jenta visste automatisk kven det var som var føre ho.

– Det var heilt utruleg. Ein familie var mitt einaste ønske og eg fekk det, fortel ho.

Oksana Masters som ung, saman med mor Gay Masters

Mamma Gay Masters og Oksana på rulleskøyter.

Oksana Masters og Gay Masters

Endeleg fekk ho ein heim og ein familie.

Oksana Masters som ung, saman med mor Gay Masters

I 1998 fekk ho amerikansk statsborgarskap. I dag har ho tatt to paralympiske gull og ti verdenscupsigrar for landet sitt.

Gløymte å ete

Denne veka er det 25 år sidan Masters blei adoptert av Gay Masters og teke med heim til USA.

Den gongen fortalde legane at ho hadde manglande levedugleik.

– Hadde eg blitt på barneheimen i tre år til, ville eg døydd. Kvar dag er ei påminning på kva livet kunne vore, og at eg ikkje nødvendigvis ville hatt eit liv om eg ikkje kom meg ut derfrå, om mamma ikkje valte meg, fortel ho.

Oksana Masters og mor Gay Masters

BLEI REDDA: Mor Gay Masters betyr alt for Oksana.

Foto: PRIVAT

Det blei starten på eit nytt liv, men trauma skulle følge ho i fleire år etter.

Det er først dei siste åra at Masters har fortald opent om kva som faktisk føregjekk på barneheimane. I mange år klarte ho ikkje å setje ord på det.

– I lengre renn går eg ofte attende til den tida som ikkje var så bra, og så tenkjer eg at eg gjer det for dei borna som aldri kom seg ut derfrå, seier ho.

Overlevingsinstinktet og mangelen på mat hadde grodd fast i ryggmergen.

– På barneheimen måtte eg krige for å få mat, og eg lagra det, i frykt for at det skulle komme dagar ein ikkje fekk mat, seier Masters og held fram:

– Som ung hamstra eg enormt med mat og gøymte det. Eg visste aldri når eg fekk det igjen. Det galnaste er at etter eg blei ein toppidrettsutøvar, så var kroppen og hovudet så vand til å ikkje ha mat, at eg gløymte å ete.

Adoptivmora låg merke til dette, og tok grep.

– Mamma spurte dagleg om eg hadde ete. Men då eg først fekk mat, så tok eg det berre med meg. Eg førebudde meg til at den dagen ikkje skulle komme attende, og som utøvar er det er ikkje ideelt i det heile tatt.

– Har du framleis desse problema?

– Når eg får lyst på mat, et eg det. Men eg må framleis jobbe med hovudet for å få i meg mat dei dagane eg ikkje kjenner på svolt, fordi det er viktig for å halde kroppen og immunforsvaret sunt og sterkt, seier ho.

VM snøsport for parautøvere

MEDALJEJAKT: Oksana Masters med gullmedaljen etter langdistansen i langrenn på Lillehammer.

Foto: Geir Olsen / NTB

Jobbar med traume i løypa

Tysdag tok ho sitt tiande VM-gull då ho staka inn til beste tid etter 18 kilometer langrenn på Lillehammer.

Langrenn er hovudsatsinga, men ho er blant favorittane når ho stiller opp i distansane på skiskyting, også. Om sommaren konkurrerer ho i landevegssykkel, og fekk dessutan gull i ein av distansane under Paralympics i sommar.

Ho takkar mor si for all suksessen.

– Mamma er min helt. Ho endra livet mitt, ho gav meg eit liv. Eg ville ikkje hatt eit liv om det ikkje var for ho, seier Masters.

Oksana Masters og mor Gay Masters

STOLT: Masters og mor Gay etter nok ein gullmedalje.

Foto: PRIVAT

Utøvaren er ekstremt takksam for at det finst foreldre der ute som vel å adoptere eit born.

Mange parautøvarar har den bakgrunnen, fortel Masters.

– Vi viser ein ekstra drivkraft, for frå dag ein måtte vi kjempe for livet vårt. Det er ganske kult å bli sett i ein slik situasjon og vise at vi lykkast, seier ho.

Ho meiner idretten er den beste staden å snu dårlege minner og vonde tankar til positiv energi.

– Det er der eg har lært å kanalisere dette til styrke og vite korleis eg kan bruke det der eg er no, basert på dei dårlege eller gode erfaringane eg har hatt. Det er ein læringsprosess, avsluttar ho.

Oksana Masters, sølv under skiskyting VM i Lillehammer

MEDALJEJAKT: Oksana Masters med sølvmedaljen under skiskyttarsprinten på Lillehammer.

Foto: Luc Percival / U.S. Paralympics Nordic Skiing

Går i beredskap

Dag Nordanger er professor i psykologi og psykologspesialist, og oppteken av korleis traume i oppveksten påverkar utvikling og helse.

Han meiner at Masters si historie er ei som fleire kan kjenne seg att i.

– Mange av dei som har måtte passe på seg sjølv har ofte eit utruleg velutvikla overlevingsinstinkt. Ein går i beredskap, fordi ein i prinsippet er trua heile tida. Ein er ikkje trygg, og då lærer kroppen å mobilisere kjenslene sine raskt, seier han.

Dag Nordanger, psykologspesialist

FAGEKSPERT: Dag Nordanger jobbar dagleg med personar som slit med trauma.

Foto: Ingvild Fjelltveit/NRK

Sinne er ein av dei mest hensiktsmessige kjenslene i ein slik situasjon.

– Når du blir sint passar du betre på deg sjølv. Det er ein overlevingsreaksjon. Nokre gonger er det hensiktsmessig, men i andre situasjonar er det ikkje like hensiktsmessig, seier han.

Psykologen tykkjer at Masters er heldig som har komme seg ut, fått eit stabilt liv og etablert seg som vaksen.

– Det er mange med slike erfaringar som ikkje klarar å kome seg på like trygg grunn, som i staden gjev opp. Det å oppleve noko slikt, er ein stor urett mot born. Det gjer ting veldig mykje vanskelegare for dei, utan at det er deira feil, seier han.

Statistikk viser at det er mange i Noreg som opplever omsorgssvikt og sterkt belastande erfaringar. Som ikkje nødvendigvis har same historie som Masters, men som kan samanlikne seg med hennar erfaringar.

– Det er ei gruppe som vi må mobilisere alt for å hjelpe og støtte. Og når personar klarar å kome seg vidare i livet, er det heilt klart ein tar med seg noko som er ein ressurs. Eit overlevingsinstinkt og ein styrke. Ein er ein overlever, i alt av ordet sin betyding, avsluttar han.

Sportsnyheter

City

Olsen etter overfallet: – Idiotene skal ikke få ødelegge opplevelsen

Da Manchester City-supporterne stormet banen etter å ha sikret serietittelen, ble Robin Olsen overfalt, ifølge klubben. Ligamesterne beklager hendelsen.

Siste nytt

  • Warholm endrer planen – sesongåpner i Marokko

    Det skapte overskrifter da Karsten Warholm nylig fortalte at han skulle delta i færre løp denne sesongen og drøye sesongåpningen til Bislett Games 16. juni. Nå har imidlertid 26-åringen ombestemt seg – han stiller til start på 400 meter hekk allerede 5. juni.

    Det bekrefter Warholms mor og manager, Kristine Haddal, overfor NRK.

    – Karsten føler seg klar til å starte sesongen tidligere enn det som har vært planlagt, så da passer stevnet i Rabat veldig bra, sier Haddal.

    26-åringen er regjerende OL- og VM-mester på 400 meter hekk. Han har også verdensrekorden (45,94) på distansen.

    Diamond League-stevnet i Marokko vises på NRK 2 og NRK TV fra klokken 20.00 søndag 5. juni.

    Karsten Warholm
    Foto: Jon Olav Nesvold / NTB
  • Slik spelast andre runde i cupen

    Den regjerande cupmeisteren Molde møter Brattvåg i cupens andre runde, medan tapande finalist Bodø/Glimt skal reise til Harstad.

    Andre runde i fotball-NM spelast 22. og 23. juni, der samfulle lag frå Eliteserien framleis er med. Slik spelast den andre runda:

    22/6: Moss – Sarpsborg 08, Brumunddal – Vålerenga, Elverum – HamKam, Gjøvik-Lyn – Strømsgodset, Kjelsås – Mjøndalen, Flint – Sandefjord, Fram – Jerv, Notodden – Stabæk, Arendal – Start, Vidar – Bryne, Fløy-Flekkerøy – Odd, Vard Haugesund – Viking, Sotra – Øygarden, Os – Brann, Fana – Haugesund, Brattvåg – Molde, Hødd – Aalesund, Byåsen – Stjørdals-Blink, Strindheim – Kristiansund, Levanger – Rosenborg, Junkeren – Lillestrøm, Harstad – Bodø/Glimt, Skjervøy – Tromsø, Tromsdalen – Alta.

    23/6: Kvik Halden – Fredrikstad, Eidsvold Turn – Kongsvinger, Ullensaker/Kisa – Grorud, Frigg – Skeid, Ullern – KFUM Oslo, Egersund – Sandnes Ulf, Bjarg – Sogndal, Nardo – Ranheim.

    Du kan sjå alle kampane med Eliteserielag på NRK sine plattformer.

    Football, NM, Bodø/Glimt - Molde
    Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY
  • West Ham-profil siktet for dyremishandling

    West Hams midtstopper Kurt Zouma må tirsdag møte i retten. Han er anklaget for å ha sparket og slått en av sine to katter.

    Det er tatt ut siktelse på tre punkter mot Zouma, melder BBC. To av dem handler om å la et kjæledyr lide unødvendig.

    I februar gikk et videoklipp av franskmannen viralt i sosiale medier. Der kunne man se ham mishandle en katt, og saken vakte stor avsky. Dyrevernorganisasjonen RSPCA hentet Zoumas kjæledyr kort tid etter.

    Siden jobbet RSPCA for å få fotballstjernen og hans lillebror Yoan Zouma siktet. Tirsdag skal begge to møte til første rettshøring i saken.

    West Ham satte aldri Zouma ut av laget som følge av dyremishandlingen, men landslagsspilleren ble bøtelagt med det høyeste mulige beløpet Premier League-klubben kunne påføre ham. Boten var på 250.000 pund, og det tilsvarer vel 3 millioner kroner.

    Kurt Zouma
    Foto: JUSTIN TALLIS / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 39 klipp
Sport
Spiller nå
Haalands karriere fra A til NÅ 03:44
Neste